Tilbake til normal visning

Referanseverktøy

Referanseverktøy er programvare for lagring, organisering og gjenbruk av referansar og litteraturlister i studentarbeid, forsking og undervisning.

UB har inngått avtale om bruk av produkta EndNote, ProCite og Reference Manager for studentar og tilsette ved Universitetet i Tromsø, - også på heimemaskiner.

UB gir brukarstøtte og undervisningstilbod på programmet EndNote. For dei som ikkje alt har tatt i bruk ProCite eller Reference Manager, anbefaler vi derfor programmet EndNote.

Om tilgang

Nedlasting av programvare for installasjon er berre tilgjengeleg frå maskiner som er kopla til datanettet ved Universitetet i Tromsø. 

Maskiner som ligg utanfor universitetsområdet, må nytta universitetet si VPN-teneste for å få ein "sikker" (kryptert) tilgang til Universitetet sitt datanett/Internett. For meir om dette viser vi til eiga informasjonsside frå den sentrale IT-tenesta [sjå meir om VPN].

Krav til deg som brukar
  • Brukarar av programvare innanfor denne siteavtalen pliktar seg til å fjerna installerte program dersom dei ikke lenger er studentar eller tilsette ved UiTø, eller dersom avtalen vert avslutta.

  • Som distributør av program til studentar og tilsette ved Universitetet i Tromsø, er UB pliktig til, innanfor denne avtalen, å logga kven som lastar ned program for installasjon. Dette er informasjon du må oppgi i samband med nedlasting av program (sjå nedanfor).
  • Av punktet over følgjer at den enkelte brukar sjølv må identifisera seg og lasta ned det programmet ho/han ønskjer. Det er derfor ikke tillatt å gi andre ein kopi av eige program.
  • Du treng ikkje registrera deg hos produsenten (Thomson ISI ResearchSoft) som brukar av eit program, da lisensen gjeld for institusjonen Universitetet i Tromsø.
Du kan lasta ned programvara her.


Universitetsbiblioteket i Tromsø, Breivika, 9037 Tromsø,
e-post: post@ub.uit.no, Tlf.: 77 64 40 00
Oppdatert av Magnhild Svenheim den 28.11.2007 08:18
Ansvarlig redaktør: Bibliotekdirektør Helge Salvesen