Artistar: Knut Buen, Richard Burgess, Ånon Egeland, Gabriel Fliflet, Britt Pernille Frøholm, Maurice Henderson, Olov Johansson, Per Jørgensen, Marit Karlberg, Mark Laurenson, Mikael Marin, Benedicte Maurseth, Cathal McConnell, Grant Nicol, Gerry O'Connor, Steinar Ofsdal, Emmanuel Pariselle, Martin Quinn, Hillborg Romtveit, Anders Røine, Marc Serafini, Roger Tallroth, Stein Urheim, Fintan Vallely, Berit Opheim Versto, Kristoffer Vogt
Artistar tradisjonskunst: Hedvig Harmati, Kristi Jõeste



Väsen kjem til Vinterfestivalen i Rauland. Denne folkemusikkgruppa, med Olov Johansson på nyckelharpa, Mikael Marin på viola og Roger Tallroth på gitar, er nok den mest kjende nordiske folkemusikkgruppa i dag i internasjonal samanheng. For yngre utøvarar i Norden har dei vore førebilete i utviklinga av eit nytt og aktuelt folkemusikkuttrykk slik ein har sett det bli utvikla i Irland, Storbritannia og resten av Europa. Roger og Mikke har vore i Rauland før, for Olov er det fyrste gongen. Velkomne er dei alle!
Väsen høyrer vi på fredagskonserten.

www.vasen.se



Roger Tallroth er, som medlem av gruppa ”Väsen”, ein sentral medskapar av ein av dei mest suksessrike oppskriftene på moderne, folkemusikksamspel. Den nyskapande gitarstilen hans har for lengst danna skule, og dei som prøver å etterlikne han er mange.

Rogers verkstad under festivalen vil ta for seg nettopp samspel og arrangering og vender seg til alle, sjølv om dei som speler klimpreinstrument kan vente seg nokre ekstra godtbitar.

www.myspace.com/rogertallroth



I år som i fjor vil Cathal McConnell, ein av grunnleggjarane av gruppa ”Boys of the Lough”, vere ein hovudperson ved festivalen. Vi vil bli meire kjent med Cathal gjennom songverkstad og pub- og konsertspel. Gjennom fire generasjonar har folk i slekta hans vore fløytespelarar og som attenåring var han irsk meister både i tverrfløyte og blekkfløyte.

Som artist er han etterkvart blitt legendarisk i den keltiske musikkverda: Til trass for ein tilsynelatande litt forvirra og mangslungen introduksjon til låtane, syner det seg raskt at Cathal har full kontroll over både humoristiske og alvorlege tema i tillegg til instrument og stemme.

Denne gongen vil konserttemaet på fredagskvelden vere musikk frå den sørlege delen av Ulster, Irland, presentert av Cathal med vener.



Sudan Dudan, som består av Marit Karlberg og Anders Røine, har konsert i Årestoga onsdag kveld, og opnar slik den musikalske delen av festivalen.

Marit og Anders syng og akkompagnerar seg sjølv på ei mengd strengeinstrument, eldre og nyare.

Duoen er særleg dyktig til å kombinere gamal dåm med meir moderne uttrykk og vi ser fram til å høyre noko av stoffet frå den nye CD’en Kari og Ola!

På Myspace



Knut Buen kjem til vinterfestivalen! Den mest kjente spelemannen i Noreg tar turen til Rauland for å spele, diskutere og fortelje. Knut har ein lang karriere som framifrå utøvar på hardingfele og har blitt tildelt det meste når det gjeld prisar for sitt arbeid for folkemusikken.

Samstundes tenkjer nok folk på den gode formidlaren når Knut omtalast, og denne vil de få sjansen til å møte på festivalen. I to timar fredag ettermiddag vil Knut ta opp viktige faglege spørsmål, m.a. ”Korleis formidle folkemusikk?”. Eit eksamensrelevant tema for folkemusikkstudentar, men kjenner vi Knut rett, blir dette både morosamt og interessant for alle. Gamle og nye vener av Knut er hjarteleg velkomne!

Knut Buen - utdjuping



Steinar Ofsdal er ein av nestorane i norsk musikkliv. Med fløyter av alle mogelege slag, aleine eller saman med andre musikarar, har han gjennom dei siste drøyt 40 åra opptredd på eit utal scener i Noreg og resten av verda. I tillegg til eigne utgjevingar har han sett sitt preg på plateproduksjonane til ei lang rekke framståande norske artistar. Den musikalske spennvidda er stor, men den norske tradisjonsmusikken ligg alltid bak det han gjer. Under festivalen vil Steinar både delta under konsertar og halde kurs i fløytespel. Fløytekurset vil vere todelt: fyrst ein kursdel med fokus på norsk tradisjon og så ein del der to andre nestorar, Cathal McConnell og Fintan Vallely, vil delta. Eit eineståande møte det vil vere vel verdt å få med seg med andre ord!

http://www.ofsdal.no/
http://www.myspace.com/steinarofsdal
http://no.wikipedia.org/wiki/Steinar_Ofsdal



Berit Opheim Versto er ein av våre mest brukte og akta songarar. Ho meistrar den vestlandske songtradisjonen betre enn nokon, men har også solid klassisk bakgrunn. Få kan som henne veksle mellom sjangrane på ein like overtydande og stilsikker måte. Berit held kurs torsdag 17. februar.

Lenke



Kristi Jõeste is a lector and program manager of Estonian native textile at the University of Tartu Viljandi Culture Academy. She has graduated from the same academy in 2002 and after that made masters degree in world famous department of semiotics at the University of Tartu. Her main research subject is semiotic status of Estonian folk costumes.

Now she is active in popularizing Estonian traditional hand knitting by publishing regular overviews of gloves and other handicraft items made by her in Estonian most important craft magazine. Besides teaching traditional handicraft techniques at the UT Viljandi Culture Academy she has run a couple of international knitting workshops during last recent years as well. Right at the moment she has opened her first solo exhibition in Estonia that is going to be on display in different Estonian folk art galleries and museums, including Estonian National Museum. You can follow her actions in her craft blog: kristijoeste.blogspot.com.

Kristi Jõeste's workshop at the festival: Estonian knitting.

Kristis blog



Hedvig Harmati underviser ved Kunsthøgskolen i Budapest, Moholy Nagy University of Art and Design, Budapest, og er leiar for Instituttet for tekstil design. Ho har ein doktorgrad innan det kunstnarlege utøvande området der ho har arbeidd med tekstile strukturar.

Ho har i alle år arbeidd aktivt som utøvar og designar i tekstil og arbeida hennar er karakterisert av sterke fargar, geometriske og organiske motiv. Arbeida hennar er utført i ulike vevteknikkar, frå lerret til den meir kompliserte jaquard teknikken. Ho har vunne fleire prisar og stipend for sine arbeid.

Hedvig Harmatis workshop på festivalen: "Eksperimentering med teksturar i ulike materiale."

Moholy-Nagy University of Arts and Design



Mark Laurenson, Maurice Henderson og Grant Nicol

Mark Laurenson, gamal kjenning av vinterfestivalen, har denne gongen fått med seg to spelemannsvener frå Shetland.

Denne trioen har bakgrunn i mellom anna ”the Fullsceilidh Spelemannslag”. Dei har og medverka i fleire andre solo- og samspelskonstellasjonar. Saman trakterar desse karane fele, diverse andre strengeinstrument og durspel. Vi får høyre Shetlandsspel av beste sort og ventar å møte musikarane både på scenen og i meir uformelt lag.

Fullsceilidh Spelemannslag

Mark Laurenson på Shetland-Music



Fintan Vallely er fløytespelar og kjent forskar av irsk tradisjonsmusikk. Han har m.a. gjeve ut boka ”The Irish Flute Tutor” (Nyutgåve 2008) og ”The Companion to Irish Music” (Nyutgåve i 2009).

Lenke


 

Gerry O'Connor underviser ved Dundalk Institute of Technology. Han er ein av Irlands mest kjente felespelarar og har også samarbeidd med Cathal McConnel i Boys of the Lough.

Lenke



Martin Quinn begynte den profesjonelle karrieren i 1994 og har sidan turnert i Europa og USA aleine og med ulike grupper som Lá Lugh og Oriealla. Saman med Gerry O’Connor og Cathal McConnell har han i den siste tida presentert tradisjonsmusikk frå den sørlege delen av Ulster, Irland.

Martin ikkje berre spelar torader, men reparerer desse instrumenta og. Martin vil delta på konserten fredag kveld og også på toradertreffet søndag kl 12:00.

Hjemmeside


 
Richard Burgess er født og oppvaksen i England, men har budd i Noreg sidan 1976. Av yrke er han lærebokforfattar, pedagog og kulturformidlar. Richard er engasjert i fleire musikalske prosjekt (Foghorn, Dogger bank, 5 Men in a Boat) der han presenterer britisk tradisjon gjennom song, gitar og konsertina.

Lenke



Britt Pernille Frøholm spelar fele og hardingfele, og har jobba med folkemusikk frå Vestlandet, særleg Nordfjord og Sunnmøre. Viktige læremeistrar har vore mellom anna bestefaren Mathias Frøholm, Arne M. Sølvberg og Finn Vabø

I 2006 avslutta ho mastergraden i tradisjonskunst ved Høgskolen i Telemark, der ho forska på lyden av hardingfela og utvikla ny musikk for instrumentet.

Vi er glade for å få ho attende hit!

Ved festivalen skal ho ha hardingfeleverkstad og vi håpar også på friskt dansespel.

Vi får også høyre ho under laurdagskonserten.



Kvedaren Hillborg Romtveit er frå Bøgrend i Vinje og har folkemusikken i familietradisjon. Ho driv no firmaet ”Tonearv, Kultur og Utmark” saman med mannen, spelemannen Trygve K. Vågen.

Hill har tidlegare hatt eit populært kvedarkurs ved festivalen og kjem attende for å følgje opp dette. Gjennom kvedarverkstaden til Hill vil vi få ei innføring i dei lokale songtradisjonane! Hill kan du òg høyre på cd’ane ”My Mother’s Tears” og ”Dròpar”.

Tonearv

På Myspace



Gabriel Fliflet (song, trekkspel, piano) - norsk musikar, songar, komponist og folkemusikkentusiast som kryssar dei fleste musikalske landegrenser.
 

Til framføringa av ”Åresong” har han med seg eit topplag av norske musikarar; Per Jørgensen (song og trompet), Benedicte Maurseth (song og hardingfele), Kristoffer Vogt (song og kontrabass) og Stein Urheim (song og strengeinstrument).

Konserten blir i Rauland kyrkje søndag kveld.

På Myspace

Ivar Aasen-tunet



Internasjonalt toradertreff får vi søndag føremiddag – Under leiing av trekkspelar og songar Emmanuel Pariselle frå Frankrike. Her er det meininga å lære spel men også å høyre, og ikkje minst diskutere, ulike kvalitetar ved instrumentet.

Før det har nemleg Emmanuel saman med Marc Serafini, også trekkspelar frå Frankrike, instruert 12 durspelarar i å byggje sin eigen to og ein halvrader. Dette vil dei gjere unna på ei veke i forkant av festivalen. Vi trur at det kan bli lyd frå fleire av desse nybygde instrumenta både på dag- og kveldstid i festivalhelga.

Som musikar har Emmanuel samarbeidd med ei rad internasjonalt kjente utøvarar og er særleg sett pris på pga si unike evne til å bruke durspelet som akkompagnementsinstrument.

På Myspace

På YouTube



Marc Serafini er ein av dei yngre trekkspelbyggjarane i Frankrike, med eigne idear og oppfinningar. Han er òg ein virtuos utøvar og sjølv om han er her særleg pga durspelbyggjekurset, reknar vi med at vi får høyre Marc spele noko ”hot” og ”swingande” på festivalen.

La boîte à frissons



Ånon Egeland har helt siden platedebuten i 1977 blitt forbundet med en særegen spillestil og særegne slåtter fra Agder. Instrumentene hans er fele og hardingfele, men han spiller også ei rekke andre, for eksempel hører han med i toppsjiktet av utøvere på munnharpe.

I tillegg til sin eneste egentlige solo-cd, Ånon (1999), har han spilt en framtredende solistisk rolle på nærmere et dusin fonogramutgivelser. Han kan skilte med én Spellemannpris og én nominasjon til samme pris. Dessuten har han i egenskap av studiomusiker gitt viktige bidrag til flere andre prisbelønte utgivelser.

Ånon Egeland arbeider til daglig ved folkemusikkstudiet ved Institutt for folkekultur, Høgskolen i Telemark, avdeling Rauland.