Redaktør:
Tove Eivindsen
Redaksjonen
|
Ansvarlig redaktør: Else Marie Outzen Tlf.: 71 25 88 51 E-post: Send epost
|
|
Det er over...
 FOTO: UKM M&R No er fylkesmønstringa 2006 over. Deltakarar og reiseleiarar har sett kursen heimover, lydfolka pakkar saman ustyret, dei frivillige ryddar kulturhuset og det er vemodig og merkeleg stilt overalt.
Det har vore ei flott mønstring. Takk til alle som har vore med på å gjere dette knallarrangementet mogleg, og ein spesiell takk til nettredaksjonen som har stått på helga for at alle de der ute kan kose deg med minna frå fylkesmønstringa i lang tid framover.
Bilete og omtale frå dei siste to forestillingane kjem på nett i løpet av veka. Følg med!
Takk for i år!
- Redaktøren -
--------------------------------------------------------------
VIKTIG MELDING:
Under 1. forestilling gjorde ein teknisk feil at vi mista lydopptak og backup i om lag eit kvarter. Dette gjer at vi dessverre ikkje har lydklipp å legge ut på desse innslaga.
Vi er veldig leie oss for dette, men håper på at ein eller annan i publikum tilfeldigvis gjorde lydopptak eller filma akkurat då.
I så fall håper vi på at dei tar kontakt med redaktøren, slik at vi på det viset kan ordne med lydklipp på dei deltakarane som manglar.
At begge systema kunne klikke samtidig var ikkje ein gong i tankane våre, men når uhellet først er ute, så er det visst verkeleg det. Dersom vi ikkje klarer å finne nokon som gjorde opptak akkurat den stunda (eller delar av den), så kan vi ikkje anna enn å orsake til deltakarane det gjeld.
Vi er som sagt veldig leie oss for den situasjonen som er oppstått, men håper de likevel kosar dykk med resten av nettsida vår.
Vi gjentek oppmodinga:
DERSOM NOKON HAR LYD- ELLER VIDEO FRÅ 1. FORESTILLING - VER SÅ SNILL Å TA KONTAKT MED REDAKTØREN!
--------------------------------------------------------------
Linker
|
|
| Produsert av |  |
Visuel profil |  |
Drift |  |
| 1999 © 2007 UKM Norge, Hornebergv 7, 7038 Trondheim, tel: 464 15 500, e-post: ukm@ukm.no |
|