|
Vellukka fylkesmønstring i FørdeSjeldan er så mange talent samla under same tak som under UKM fylkesmønstringa.
Årets mønstring samla 440 deltakarar frå heile fylket og det som dei viste fortalde om stor variasjon og kreativitet blant ungdom i Sogn og Fjordane. Publikum, som besøkte dei fire konsertane, såg videoframsyningar og utstillingsarbeid i Førdehuset, fekk med seg mange gode opplevingar.
- Vi er svært godt nøgde med årets arrangement og tykkjer det har gått veldig bra. Det er imponerande høgt nivå blant deltakarane, seier Jarlaug Lauritsen, som er leiar for årets fylkesmønstring.
Sosialt for deltakarane
I år var det lagt stor vekt på at deltakarane skulle ha eindel sosiale aktivitetar utanom sjølve framsyningane. Mellom anna vart det arrangert vanndisco for første gong, og ei elevbedrift tok seg av ulike aktivitetar for ungdommane. Mange av deltakarane får med seg andre konsertar og knyter kontakter med andre deltakarar på den tre dager lange mønstringa.
Inntrykket er at ungdommane trivast godt på det største arrangementet som er her i fylket for ungdom.
Nyttig samarbeid
Sogn og Fjordane fylkeskommune har i år samarbeidd med fleire av skulane i Sogn og Fjordane. Øyrane vgs har mellom anna stått for mat og underhaldning for deltakarane. Medielinja ved Mo og Jølster vgs. har hatt ansvar for informasjon og PR, medan Firda vgs har skaffa konferansierar og hatt ansvar for videoframsyning.
- Samarbeidet med skulane har fungert veldig bra og dette vil vi vidareføre, seier Jarlaug Lauritsen. Ungdommane og andre frivillige som har jobba for oss har gjort ein flott innsats, legg ho til.
Dei som reiser til landsmønstringa:
Sceneinnslag:
El Tango, dans , Førde
Jostein Avdem Fretland, jazz, Lærdal
Magnum 88, rock, Fjaler
Invension nr 1, jazz-fusion, Gloppen
From Russia with love, klassisk, Eid
Utstilling:
Yngvild Hamre, ”Dans”, teikning, Selje
Silje Karin Åberge, ”Kvifor”, foto, Sogndal
Magnus Håvik, ”Sort enke”, Oljemaling, Stryn
Karoline Thyri, ”Kreativ kunst”, maling, Lærdal
Anna Wates, ”Winter thoughts”skisser, Fjaler
Video:
!NOK Aurland
Andrea-Marie Henden, Andreas Hadsel Opsvik, Maria Gilje Torheim, Tora Aasen
|
|
| Produsert av |  |
Visuel profil |  |
Drift |  |
| 1999 © 2007 UKM Norge, Hornebergv 7, 7038 Trondheim, tel: 464 15 500, e-post: ukm@ukm.no |
|