Lag di eiga heimeside
Les raskt igjennom denne sida (ho er ikkje særleg lang) og kopier henne til ditt eige område med File - Save As. Velg eit filnamn som ender med .htm
Ta gjerne også ei utskrift av sida (Print eller File Print).
Etter kopiering kan du bruke sida som "råmateriale" for å lage di eiga heimeside. Den kopierte fila inneheld HTML-kodane, som alltid er skrivne i spisse klammer. Du vil fort få eit inntrykk av kva funksjon dei ulike kodane har, og kan då bytte ut min tekst med din eigen. Start f.eks. med det som står mellom TITLE-klammene og H1-klammene øverst.
Start opp nettlesaren din (f.eks Netscape eller Internet Explorer) og sjå på produktet ditt ved å velge File - Open File.
Etter å ha eksperimentert litt på eiga hand, kan du lese ei meir omfattande innføring i korleis du lager Web-sider, f.eks. "A Beginner's guide to HTML", som eg viser til lenger ned, under "Lenker". Det fins mange HTML-editorar som gjer det lettare å lage Web-sider, men dersom du ikkje har tilgang til slike, kan du godt bruke den enkle Windows-editoren Notepad.
For å lage ei enkel heimeside treng du eigentleg berre å vite korleis du lagar tittel, overskrifter og avsnitt:
Alt dette finn du i teksten ovanfor. Har du lyst å prøve deg på litt meir avanserte ting, vil du finne eksempel på det nedanfor:
Sjølvvald linjeskift
HTML tar seg av linjeskifta i dokumentet ditt, men dersom du ønsker linjeskift på spesielle stader, feks. her:
kan du legge inn ein kode for det.
Lenker
Det spesielle med World Wide Web er at du kan klikke på utheva ord i teksten, og hoppe til andre stader i teksten eller til heilt andre dokument . Her er ei lenke til dokumentet
A Beginner's guide to HTML.
Du kan og bruke lenker til å hoppe rundt på Websida di, denne lenka bringer deg f.eks. til
slutten på sida.
Lister - ulike typar
Unummerert liste
- Norge
- Island
- Liechtenstein
Nummerert liste
- Østerrike
- Finland
- Sverige
Beskrivande liste
- NATO
- North Atlantic Treaty Organization
- WTO
- World Trade Organization
- NTL
- Norsk Tjenestemannslag
Horisontal strek:
Preformatert tekst
Preformatert tekst kan vere nyttig dersom du ønsker at alle innrykk, linjeskift og avsnitt skal komme akkurat der du skriv dei inn. Utan preformatering eller andre HTML-kodar blir teksten kompakt som ein murstein. Nedanfor ser du det same tekstoppsettet i to versjonar, med og utan preformatering:
Preformatert:
Vi skal ikkje sova burt sumarnatta
ho er for ljos til det.
Då skal vi vandra i saman ute
:/: under dei lauvtunge tre :/:
Da skal vi vandra i saman ute
der blomar i graset står.
Vi skal ikkje sova burt sumarnatta
:/: som kruser med dogg vårt hår :/:
Ikkje preformatert:
Vi skal ikkje sova burt sumarnatta
ho er for ljos til det.
Då skal vi vandra i saman ute
:/: under dei lauvtunge tre :/:
Da skal vi vandra i saman ute
der blomar i graset står.
Vi skal ikkje sova burt sumarnatta
:/: som kruser med dogg vårt hår :/:
Skrifttypar og overskrifter
Her er utheva skrift, og kursivert skrift.
Overskrift - størrelse 1
Overskrift - størrelse 2
Overskrift - størrelse 3
Overskrift - størrelse 4
Overskrift - størrelse 5
Overskrift - størrelse 6
Bilde
Dette er eit eksternt bilde. Dersom du har bilde liggande på ditt eige brukarområde er det ikkje nødvendig å oppgi heile http-adressa, det er nok med filnamn ("filnamn.gif").
Sluttkommentar
Etter å ha holdt på ei stund med å lage eigne heimesider og lese dei som Local File, kjem du til å oppleve eit sterk behov for å la resten av verda få oppleve dine geniale
produkt. Dersom du er tilknytta Høgskolen i Bodø, vil sikkert Helpdesk kunne fortelle deg kva du no skal gjere. Har du inga tilknyting til HBO, får du prøve å finne ein eller annan ressursperson i ditt nærmiljø som du kan spørre.
Lykke til med dine eigne Websider!
Oppdatert 98-08-28 / sverre.a.eriksen@hibo.no