Leilighetsdikt (høvesdikt) fra Tønsberg
Av førsteamanuensis Kåre Glette
Høgskolen i Vestfold, avd. for lærerutdanning.


Kva er eit høvesdikt?
Høvesdikt (eller leilighetsdikt) er dikt som er skrivne for eit festleg eller minneverdig høve, av privat, halvoffentleg eller fulloffentleg karakter, for å kasta glans eller skapa ei stemning av høgtid, pondus eller pompøsitet. I Tønsberg i perioden 1840 til 1890 spelte denne diktinga ei så sentral og annleis rolle samanlikna med vår tid at vi har vanskeleg for å forestilla oss det. Studien har som tese at høvesdiktinga var den karakteristiske litterære ytringsforma i Tønsberg i den nemnde tidsrommet, så karakteristisk at den fungerte som ein hegemonisjanger innanfor ein unik lokal institusjon og som ein kollektiv og representativ sjanger for borgarskapet. Avhandlinga kan lesast som ein kultur-, litteratur- og teksthistorisk studie. Den kan også lesast som ein freistnad på regional (lokal) litteraturhistorieskriving. Studien er eitt av fleire produkt av prosjektet "Vestfold og litteraturen", som har sin basis i litterær regionalisme.

Her er eit utval høvesdikt: