Forskingsbasen

 

Skrevet av Inge Folkestad  

 

Forskingsbasen omfattar forskingsarbeid frå hovudoppgåver og oppover.

Vi inviterer fagmiljøa til å vere med på å levere stoff som vi kan leggje inn i den, og dermed byggje den opp som eit kollektivt arbeid. (Sjå Om forsking på pedagogiske tekstar, kommunikasjon  med redaksjonen og korleis ein kan bidra med stoff som kan leggjast ut).

Vi tenkjer oss at forskarar og fagfolk elles på universitet og høgskolar sender oss bibliografiske opplysningar om studentarbeid som er utført omkring pedagogiske tekstar. Vi vil halde på kravet om at stoffet skal vere kommentert (dvs feltet Innhaldsnotar skal fyllast ut). Så vil stoffet bli lagt ut og gjort tilgjengeleg av redaktøren etter at det er vurdert og godkjent til publisering.

Sjå også Vegleiing i bruk av forskingsbasen.