|
|
År |
Resultatkrav |
Produksjon |
Avvik |
|
2001 |
3 506 |
3 064 |
- 442 |
|
2002 |
3 465 |
2 955 |
- 510 |
|
- 41 |
- 109 |
- 68 |
På grunn av eit negativt avvik på 442 60-studiepoengseiningar i 2001 og inndraging av studieplassar, fekk HiT ein budsjettreduksjon frå 2002 til 2003 på om lag 15 mill. kroner. Dette er nær identisk med den prognosen styret la til grunn for innstramingstiltaka som blei vedtekne i møtet 23.05.02 (m.a. inndraging av midlar frå driftseiningane i 2002 og uttrekking av strategiske satsingstiltak frå budsjettet i 2003).
Økonomiske resultat i 2002
Sett i samanheng med innstramingstiltaka, var dei økonomiske resultata i 2002 tilfredsstillande for høgskolen. På driftsposten var resultatet slik, fordelt på dei enkelte driftseiningane, strategiske satsingstiltak/fellestiltak og avsetningar:
Tabell 2
|
Budsjetteining |
Underforbruk |
Overforbruk |
|
Avdeling for allmenne fag |
949 000 |
|
|
Avdeling for estetiske fag, folkekultur og lærarutdanning |
1 015 000 |
|
|
Avdeling for helse- og sosialfag |
965 000 |
|
|
Avdeling for teknologiske fag |
*) 916 000 |
|
|
Biblioteket |
208 000 |
|
|
Driftstenesta |
125 000 |
|
|
IT-tenesta |
438 000 |
|
|
Fellesadministrasjonen |
617 000 |
|
|
Strategiske satsingstiltak/Fellestiltak |
5 095 000 |
|
|
Avsetningar (avrunda) |
9 091 000 |
|
|
Sum |
17 488 000 |
1 931 000 |
*) I S-sak 41/01 vedtok styret at inntil kr 600 000 skal stå som motpost for tilsvarande overskriding av TFs budsjett.
Avsetningar er å forstå som ufordelte midlar, dvs. reservepost inkludert midlar til TF (jf. over).
Tabell 2 syner at HiT hadde eit samla underforbruk i 2002 på kr 15 557 000 (dvs. 4,5 pst. av disponible driftsmidlar). Tilsvarande tal for 2001 var kr 5 584 000, for 2000 kr 8 013 000, og for 1999 kr 9 247 000.
Ytterlegare innstraming i 2004
Av tabell 1 går det fram at studiepoengsproduksjonen gjekk noko tilbake i 2002 (frå 3 064 60-studiepoengseiningar i 2001 til 2 955 einingar i 2002). Samanlikna med resultatkravet i 2002 (3 465 studiepoengseiningar), som var nedjustert med 41 einingar frå inngangsposisjonen i 2000 på grunn av inndraging av studieplassar, representerer dette ein samla negativ differanse på 510 einingar. HiT har fått ein budsjettreduksjon i 2003 på om lag 15 mill. kroner som svarar til 442 av desse einingane. Det står då att 68 einingar som budsjettet for 2004 må korrigerast for i negativ retning. Dette vil oppsummere seg til ein budsjettreduksjon på kr 2 295 000 relatert til undervisningskomponenten, ut frå plassering av utdanningane i kostnadskategoriar. Dersom også forskingskomponenten blir trekt inn, er det grunn til å rekne med at samla reduksjon vil bli om lag 2,5 mill. kroner. I møte 10.04.03 vil styret under behandlinga av revidert budsjett analysere den økonomiske situasjonen og også vurdere kva ytterlegare tiltak som eventuelt skal setjast i verk.
Positive utviklingstrekk
Fleire faktorar indikerer at høgskolen no er på veg oppover att. For det første auka talet på primærsøkjarar frå 2001 til 2002 gjennom Samordna opptak med ca. 4 % (frå 2 099 til 2 185) og ved det lokale opptaket med ca. 14 % (frå 1 321 til 1 506). For det andre var talet på registrerte studentar per 01.10.02 høgare enn på nokre år (3 942 i 2002, mot 3 799 i 2001 og 3 876 i 2000). Talet var rett nok endå høgare i 1999 (4 068) og i 1998 (4 135). For det tredje held vi oppe ein relativt god FoU-produksjon (195 vitskaplege publikasjonar i 2002 mot 194 i 2001). For det fjerde hevdar høgskolen seg godt i konkurransen mellom dei statlege høgskolane om forskingsmidlar frå Noregs forskingsråd (NFR). Ei oversikt syner at mellom dei statlege høgskolane var det berre høgskolane i Agder og i Stavanger som fekk større løyvingar frå NFR i 2001 enn HiT. Dessutan var skilnadene små. Som døme kan det nemnast at HiT har fått 4,8 mill. kroner til strategisk høgskolesatsing innan kultur og idrett, 2,8 mill. kroner til næringsretta høgskolesatsing, og 6,5 mill. kroner til internasjonaliseringsprosjekt i Russland og i Litauen. For det femte auka omfanget av den eksternt finansierte verksemda med kr 7 013 000 i 2002 (frå kr 21 135 000 i 2001 til kr 28 148 000 i 2002). Sist men ikkje minst er det grunn til å tru at studentsøkninga vil kunne ta seg opp framover både på grunn av demografi og på grunn av ein stramare arbeidsmarknadssituasjon.
Framlegg til nye faglege tiltak
Det er altså grunnlag for optimisme i høgskolen. Slik optimisme kjem òg til uttrykk gjennom dei innspela som har kome frå avdelingane under arbeidet med budsjettframlegget for 2004. Det ligg føre slike framlegg til nye faglege tiltak (avdeling i parentes):
· Bachelorstudium i nordisk friluftsliv (Avdeling for allmenne fag (AF))
· Masterstudium i miljøforvaltning med GIS (geografiske informasjonssystem) (AF)
· Fagprofilert førskolelærarutdanning med vekt på praktiske og estetiske fag (Avdeling for estetiske fag, folkekultur og lærarutdanning (EFL))
· Bachelorstudium i internasjonalt sosialt arbeid (Avdeling for helse- og sosialfag (HS))
· Bachelorstudium i gassteknologi (Avdeling for teknologiske fag (TF))
I tillegg er det planarbeid i gang i høgskolen på svært ulikt utviklings- og detaljeringsnivå med sikte på eventuell etablering av følgjande nye studium:
· Bachelorstudium i 2- og 3-dimensjonal design (EFL)
· Masterstudium i økonomi/informatikk (AF)
· Masterstudium i lærarprofesjon og fagdidaktikk (EFL)
· Masterstudium i språkdidaktikk (AF og EFL)
· Masterstudium i sosialpedagogikk (EFL og HS)
· Masterstudium i biomedisin og bioteknologi (AF, HS og TF)
· Masterstudium i teknisk leiing (AF og TF)
Økonomiske føresetnader som må leggjast til grunn for framtidig planlegging
Når vi skal planleggje utviklinga av HiT for 2004 og dei næraste åra, må vi leggje m.a. følgjande økonomiske føresetnader til grunn:
· Høgskolen kan rekne med å få overført ca. 15,5 mill. kroner frå 2002 til 2003 på driftsbudsjettet, jf. ovanfor. Ca. 6,5 mill. kroner er alt disponerte under føresetnad av at driftseiningane får overført sine meir-/mindreforbruk med 2,0 mill. kroner, og at 4,5 mill. kroner blir overførte til dei strategiske satsingstiltaka og fellestiltaka, jf. S-sak 106/02. Det står då att ca. 9 mill. kroner.
· Styret har sett av 4,7 mill. kroner som reserve i budsjettet for 2003. Av dette skal eventuelt 1 mill. kroner førast tilbake til investeringar (jf. S-sak 106/02, pkt. 6).
· Samla for 2002 og 2003 vil det dermed i utgangspunktet stå ca. 13 - 14 mill. kroner til disposisjon for styret.
· Styret har som føresetnad at strategiske satsingstiltak som er tekne ut av budsjettet i 2003, skal førast inn att i 2004. Det utgjer minst 3,4 mill. kroner. Då står det att 9 - 10 mill. kroner.
· Styret har vedteke å redusere lønsbudsjettet med inntil 20 mill. kroner innan utgangen av 2003, tilsvarande 30 årsverk. Så langt har 18 personar fått seniorsluttpakke. Høgskolen har dermed betydelege utfordringar for å få til ytterlegare bemanningsreduksjonar/kutt i lønsbudsjettet. Det er difor behov for fleire midlar til personalretta omstilling. Ut frå gjennomgangen ovanfor står det att 9 - 10 mill. kroner til dette og eventuelle andre formål med utgangspunkt i noverende disponible midlar. Eg viser i denne samanhengen til saksutgreiinga i S-sak 106/02 når det gjeld reserveposten, der det går fram at det er behov for ekstra midlar i Revidert budsjett for 2003 til m.a.:
· Energi og porto
· Nytilsette leiarar på avdelings- og instituttnivå
· Innføring av elektronisk arkiv
· Gjennomgang av innkjøpsverksemda
· I tillegg må høgskolen møte utfordringane i 2004 med ytterlegare inndraging av ca. 2,5 mill. kroner, jf. ovanfor. Omfanget av eksternt finansiert verksemd kan sjølvsagt framleis auke, men høgskolen har så langt ikkje eit tilfredsstillande prosjektrekneskapssystem som viser dei økonomiske resultata av ein slik eventuell auke. Vi veit altså ikkje om høgskolen har netto inntening av prosjektverksemda. I alle tilfelle kan ikkje dei eventuelle positive resultata av tidsavgrensa prosjekt finansiere etablering av faste og ordinære studium, og heller ikkje i tilstrekkeleg grad kompensere for bortfallet av statleg løyving: ca. 17,5 mill. kroner i løpet av to budsjettår, dvs. ca. 5,3 % av driftsbudsjettet.
· Det må tilføyast at særleg EFL og HS vil få ein budsjettreduksjon i 2004 med grunnlag i den interne budsjettfordelingsmodellen i høgskolen, fordi desse avdelingane, spesielt HS, gjekk tilbake i studiepoengsproduksjon i 2002. Desse avdelingene bør difor byggje opp ein reserve i 2003.
Konklusjon
Min konklusjon er ut frå dette at det ikkje er rom for etablering av nye studium i 2004 som ikkje er fullfinansierte innanfor den aktuelle avdelinga si budsjettramme. Det betyr at 2004 vil måtte bli eit konsolideringsår for høgskolen. Det betyr vidare at eg berre tilrår etablering av følgjande studium i mitt framlegg til budsjett for 2004:
· Bachelorstudium i nordisk friluftsliv
· Bachelorstudium i gassteknologi
· Fagprofilert førskolelærarutdanning med vekt på fysisk fostring og naturfag
Desse studia, som ikkje er finansierte, vil måtte stå på venteliste:
· Bachelorstudium i internasjonalt sosialt arbeid
· Bachelorstudium i 2- og 3-dimensjonal design
· Masterstudium i miljøforvaltning med GIS (geografiske informasjonssystem)
· Masterstudium i økonomi/informatikk
· Masterstudium i lærarprofesjon og fagdidaktikk
· Masterstudium i språkdidaktikk
· Masterstudium i sosialpedagogikk
· Masterstudium i biomedisin og bioteknologi
· Masterstudium i teknisk leiing
Når det gjeld masterstudium i biomedisin og bioteknologi, vil eg tilføye at det i første omgang blir arbeidd med å innrette eksisterande masterstudium i miljø- og helsevern mot dette fagområdet ved å auke valgfagstilbodet. Eg nemner i den samanhengen at det har kome eit tilbod frå AS Telelab om vederlagsfritt å stille fire II-stillingar til disposisjon for høgskolen. Dette kan opne for ei stegvis vidareutvikling av eit spennande fagfelt.
Eg vil elles streke under at når det ligg føre så vidt mange framlegg til nye faglege tiltak i høgskolen, er det sjølvsagt eit uttrykk for stor kreativitet, faglege ambisjonar, og ønske om vekst og utvikling. Det ser eg på som svært positivt. Men høgskoleøkonomien må kome i orden før det kan bli aktuelt med nyetableringar. Særleg er det viktig å ha utgreidd behova for utdanningane på masternivå tilstrekkeleg. Det skuldast m.a. at svikt i studentrekrutteringa og dårleg gjennomstrøyming på dette nivået slår særleg sterkt ut i negativ retning gjennom det nye finansieringssystemet ved at masterstudium er plasserte i høge kostnadskategoriar. Dette merkar høgskolen. Fleire av dei eksisterande masterstudia har for svak gjennomstrøyming. Arbeidet med ny strategisk plan for høgskolen, som startar hausten 2003, vil måtte avklare korleis det skal prioriterast framover. I den samanhengen bør det òg leggjast vekt på at HiT er mellom dei høgskolane som alt har fått etablert flest masterstudium.
Høgskolen er altså på veg framover. Det er grunn til optimisme. Og det er grunn til å takke personalet for vilje til endring og for gode bidrag til utviklinga. Eg veit at det har røynt på for mange ei tid, og har stor respekt for den innsatsen som har blitt lagd ned. No bør vi kunne håpe på betre tider.
Oppdatert 20.02.2002 av Per M. Holtung HiT