Før du gjer noko i det heile, bør du ha klart for deg kvifor du vil publisera på weben. Å tenkje gjennom kven du ynskjer å henvenda deg til, kvifor du ynskjer det, og kva du ynskjer å formidla, gjer det lettare å strukturera informasjonen din
Å skriva for weben er annleis enn å skriva for eit trykt medium, på same måten som det å skriva ei pressemelding er noko anna enn å skriva ein forskningsrapport
weben er eit overflatisk medium. At fordi lesaren kjem til sida di, betyr ikkje at han kjem til å lesa det som står der. Fire av fem lesarar skumles sidene dine. Derfor:
Plassèr det viktigaste godt synlig
Bruk "den omvendte pyramiden", dvs. ordna innhaldet etter viktigheitsgrad (eller endå betre: legg det på kvar sine sider, der det er råd)
Bruk fornuftige mellomtitlar, og uthev nøkkelord
Skriv enkelt og tydelig. Reduser ordmengda med minst 50 % i forhold til trykte media
Bruk gjerne lister (slik som denne)
Legg vekt på det interessante. På den andre sida: ikkje fall for freistinga til å lova meir enn du kan halda i mellomtitlar/peikartekstar for å lokka lesaren dit du vil ha han. Då blir han sur
Velg ein fornuftig tittel til kvar side, slik at eventuelle søk vil gje eit korrekt bilete av kva ein venta å finna der. Hugs at den ofte vil bli lista opp i alfabetisk rekkjefylgje. Derfor bør det mest sentrale ordet koma fyrst
Gjer det tydeleg kva som er peikarar. La lesaren sleppa å gjetta
Bruk gjerne grafikk for å friska opp sidene dine. Men hugs samstundes på at mykje grafikk gjer sidene tunge å lasta. Måtehald er viktig. Hugs òg på at ein del lesarar brukar tekstbaserte nettlesarar i ei eller anna form. Derfor må du aldri leggja viktig informasjon berre i grafikken. Bruk <ALT>-taggen til å beskriva innhaldet i biletet.
Gjer det lett for lesaren å manøvrera i sidene dine. Bruk sekundærnavigasjon øverst på sida.
Dersom du vil presentera større mengder tekst, kan du laga ein eigen fil som brukaren kan lasta ned, f.eks. i PDF-format. Det er ein god ide å laga ein kortversjon i HTML-format, for å gjera det lettare for lesaren å avgjera om det er bryet verdt å lasta ned alt
Oppdatering er viktig. Er du ikkje sikker på at informasjonen er tidlaus, må du forsikra deg om at den vert oppdatert, enten av deg sjølv eller andre. Er du ikkje sikker på at oppdatering kjem til å bli fulgt opp, bør du avblåsa heile greia
Sjekk dokumentet ditt jevnlig for lenkeråte (dvs. peikarar som ikkje virkar lenger fordi sidene dei peikar til, er blitt flytta eller sletta), dersom du har peikarar til dokument som vert vedlikehaldne av andre.