 |
Navn:
Lars Nyre
Fag:
Stipendiat På Medievitskap ved UiB |
|
Dette er ei teikning av ein rockelyd. Det
er ei stemme som er fokus, ikkje ein gitar eller eit beat eller
ein viss sound. Eg har gjort mitt ytterste for å omforma denne
stemma til sverte på papir. Stemma hans har gjort mannen uforståeleg,
har fått han til å forsvinna inn i lyden, har gjort
han til ei amerikansk rockegåte som alle intellektuelle prøver
å løysa. Sjølv om gåta er uløyseleg
må eg også prøva.
Booglarisering

I 1986 høyrde eg fyrste gong
Captain Beefheart seia dette. «I’m gonna booglarize
you!» Det kunne ha vore ein song til jentene, ein lovnad eller
ei åtvaring om sex. Men då eg hadde høyrt på
den ei stund skjøna eg at denne stemma ikkje kan overhøyrast
så lett. Orda betyr eigentleg ingenting, dei er slaggproduktet
etter noko langt meir energisk enn ein bodskap. For her er det mykje
kraft. Songarane på pophimmelen vert ofte borte i miksen,
men kapteinen sin song overdøyver alt. Han er eit blåsarinstrument
som spelar opp. Når han pustar inn for å syngja ein
strofe høyrest det ut som all lufta i rommet vert sugd bort.
Eg trengte ikkje eingong å høyra etter, berre høyra,
og eg vart sakte hypnotisert. Med oppsperra augo såg eg kva
han sa. Det var ein visjon som booglariserte meg for alltid. Avhengigheita
gjorde meg både forskrekka og nysgjerrig, og utgangspunktet
for denne artikkelen var nådd: Dette må eg forstå.
Det gjeld for meg å skildra stemma hans slik at når
du høyrer «I’m Gonna Booglarize You, Baby»,
er den akkurat slik eg har skrive den ovanfor. I så fall er
dette lyd på papiret. (Eit umogleg prosjekt. Det finst ikkje
ein sjanse for at denne meininga kan koma tilbake i form av ord
på eit papir. Ikkje kan eg skriva personlegdomen til kapteinen,
og ikkje kan eg skriva nærveret hans. Det vert ikkje meir
enn grafikk.)
Eg burde vel vera nøgd med å
lytta sjølv, og lata andre i fred, men kapteinen har makt
over meg. Eg må formidla denne stemma vidare, forklara til
andre det stemma hans ikkje fortel. Den einaste måten eg kan
frigjera meg frå kapteinen på, er ved å vidareføra
krafta hans.
«And the fire leapt and leapt,
vrenger kapteinen fram på «Floppy Boot Stomp»
frå 1979. Det er ein plutseleg eksplosjon av vokalitet, liten
og stor samtidig. «Då eg fyrste gong høyrde noko
musikk av han», seier Ragnar Hovland i 1984, «let det
omtrent slik eg hadde venta, dvs. som noko eg ikkje hadde kunna
forestille meg». Ja, sjølvsagt er ein radikalar som
Ragnar Hovland oppteken av Captain Beefheart. Studentar og intellektuelle
er spesielt lette for kapteinen å booglarizera fordi me likar
gåter. «Eg har i svært mange år visst at
Captain Beefheart hadde noko han skulle seie meg, noko eg hadde
bruk for og ville tene på å få vite. Deler av
det har eg også fått tak i og er gått styrkt vidare.
Men det var tydeleg at det stadig fanst noko meir, som eg truleg
enno ikkje var verdig til å få tak i». Slik var
situasjonen for Ragnar Hovland. Han vart også tvungen til
å skriva om det.
Sjølv var eg gymnaselev på
1980-talet. Eg likte amerikansk rock og ville få kontroll
over outsiderane, eg høyrde på Frank Zappa, Residents,
Captain Beefheart. Rundt 1990 vart eg bondestudent i Bergen, meir
og meir akademikar, meir og meir lyd i hovudet, hovudoppgåve
og doktorgrad. Lydane i kulturen har tatt over livet mitt, og eg
kan ikkje gjera anna enn å skriva om dei. I 1996 kunne
eg ikkje lenger vera taus om kapteinen si kraft. Med stor visjon
såg eg for meg at lesarane av Bergens Tidende skulle få
stemma hans på papir. Dei ville gå i flokkevis og kjøpa
platene hans, lett som listepop. Gjennom seine kveldar laga eg til
den kryptiske kortteksten «Ei røyst», og sendte
den til BT. I følgjebrevet skreiv eg: «Det er ikkje
råd å skildra stemmer utan å ty til metaforar
og andre skriftlege triks som fråtek mennesket sitt originale
uttrykk. Eg har likevel gjort eit forsøk». BT meinte
at forsøket var mislukka, og refuserte innlegget.
| |
|
|
| |
Bestefaren til Tom Waits høyrdest sikkert
slik ut. Buldrande som torever langt borte, ei røyst
så mørk, så mørk. Andletet hans må
ha rista då han song, strupehovudet sette kjakepartiet
i svingingar som spreidde seg til øyro, som spreier seg
til lyttaren sine øyrer. Captain Beefheart har i uhøyrt
grad si eiga røyst. Ein stad for personlegdomen, konsentrasjonen
og galskapen til å titta fram, nå sine eigne krefter
i sonisk detalj med munnrapp lydgjering. Alltid melodisk, dei
seier han kan breia seg over fem oktavar. «I'm Gonna Booglarize
You, Baby».
Eg støytte på albumet The Spotlight Kid fyrste
gongen i ei stripe av den halv-surrealistiske teiknaren Gotlib.
Kapteinen er kledd i Las Vegas-aktig skinnsmoking med raude
folder i lommene og vert opplyst av gulaktig glød frå
baksida. Han ser meg nonchalant i augene, lener seg halvt innåt
ein vegg med fire fingrar i jakkelomma. Det er tydeleg at han
kan booglarizera meg om han vil.
I fyrste ruta syng den høgtidssame speidarmannen for
kvinna si i parken. «En sommerna-at ved bålet».
Jenta bryt romantikken ved å be han synga som Captain
Beefheart. Når dei treffest att tre ruter seinare har
mannen øvd, han har lytta til The Spotlight Kid, fyrste
songen på side ein. Det har eg også.
Eit lyst lite riff set farten; dette skal ikkje gå fort.
Tromma stompar eit tempo og bassen plukkar ein rytme. Rein rutine.
Det er røysta til kapteinen som skal skapa stordom, gje
songen ein marg. Gotlib teiknar ei syngeboble med skjelvne,
hakkete bokstavar som formleg skrallar inn i augene på
lesaren. Den bokstavlege musikkgjengjevinga illustrerer stentortenoren:
«Bhkrhk», «ooouaaarrhk», «krhaarr».
Booglarizeringa føregår som ein saktmodig, tilsynelatande
ufarleg inkantasjon, rytmane og kapteinen si mektige røyst
snurrar meg fast i taktfull transe. Beina mine kan ikkje røra
seg, booglarizeringa angrip skuldrane, set dei rørsle
på kostnad av fotsålane. Mest av alt rører
øyrene seg. «If you got ears, you gotta listen»
er Captain Beefheart sitt credo. Når kapteinen syng er
stoda oftast så enkel.
Men stoda er ikkje enkel for ein som vil etterlikna kapteinen.
Eigenart er ein einsam ting fordi den ikkje let seg repetera,
forsøket vil måtta enda som komikk. Kapteinen sitt
roleg alvorlege stemmeleie krev høgoktaninnleving, og
vil setja ein dyktig imitator i psykisk fare fordi det følgjer
ein tilstand med røysta. For sin kjære kan han
kanskje få det til, og speidarmannen syng som Captain
Beefheart. Det må enda med at speidaren spyr opp alt han
har, utfordringa er for stor for ein hobbybooglarizator. «Pop-musik
er fuld-kommen åndssvag!», utbryt han.
Ikkje alt kan imiterast, seier eg. Kapteinen står att,
åleine på toppen, messande sin rytmiske trussel.
«I’m Gonna Booglarize You, Baby». |
|
| |
|
|
Saka er at BT-redaktøren hadde
rett. Lars Nyre sin korttekst frå 1996 er ikkje god nok til
å koma på trykk. Den innfrir ikkje ambisjonane. På
den tida hadde eg ikkje forstått det lydlege. Eg levde eit roleg
liv med metaforar og adjektiv. Tenk på ei kjensle, og skriv
den ut. Kva mann sitt adjektiv. Ragnar Hovland seier dette om Trout
Mask Replica (1970): «Plata er ein eineståande tour de
force, ein utruleg, vibrerande energi og ein utøymeleg, uhandterleg
og nesten skremmande fantasi slår ut frå kvar rille. Det
er ein heilag galskap som forvandlar seg til den einaste mulege sunne
fornuft». Her får me ikkje greie på korleis songen
lyder, istaden får me religiøse visjonar. Ein franskmann
har sagt at språket er dårleg eigna til å tolka
musikk. Vanlegvis vert songen omsett til det veikaste av alle lingvistiske
verktøy, adjektivet. «Denne musikken er slik, dette solopartiet
er sånn». Roland Barthes og eg har skjønt at dette
ikkje er godt nok, ikkje tilstrekkeleg til å forstå noko
av det essensielt lydlege. Adjektiv er positiv – komparativ
– superlativ. Skrytet er innebygd, og dei er på ein måte
berre ord.
Det var Gotlib som lærte meg
at lyden ikkje ligg i heftig verbalisering, men i typografi. Røysta
må teiknast og malast ut gjennom frie visuelle uttrykk, og
ikkje gjennom lingvistisk fantasi- eller detaljrikdom. Kapteinen
brølar i øyret på meg, og brølet skal
komma til syne her:
Etter 15. februar 1996 forsøkte
eg ikkje å skildra røysta hans. Kommandoen var klar,
«If you got ears you gotta listen», og nok er nok. Men
etterkvart skapte doktorgraden min ein trass. Eg er jo ekspert.
Eg prøver å forstå det lydlege på heiltid,
eg trengjer inn i røysta sine djupaste kommunikative hemmelegheitar.
Eg utforskar og lyttar til dei omatt og omatt, koste kva det vil.
Har ein fyrst byrja å gjera lyd til skrift, må det heile
gjerast radikalt. Bort med adjektiva, det er så, og bort med
dei kjenslevare metaforane. Men bort med meir enn det! Bort med
alt som refererer, og inn med noko visuelt energisk. Lydskrifta
må vera meiningslaus. I 1996 var eg for uerfaren til å
forstå dette, og for veik til å våga eit forsøk.
Å skriva om lyd er å omsetja frå eit språk
til eit anna, og minstekravet er jo at ein meistrar begge språka.
Men sjølv no, når eg endeleg er på sporet av
løysinga, er det noko absurd med setninga «Captain
Beefheart omsett til norsk ved Lars Nyre». For artikkelen
min gjev slett ikkje klarheit om kapteinen. Dersom eg ved eit uhell
slettar dei møysommelege omsetjingane av vokale utbrot frå
kapteinen må eg skriva alt om att frå botnen av, for
dei er ikkje ord. Meininga i denne skrifta kviler på storleik,
trykkstyrke, bølgjerørsler. Rein tekst er døden.
«Electricity»,
seier kapteinen, og det er eit viktig poeng. Eg kunne ikkje skriva
lydleg fordi eg var ute av stand til å formulera energi. Lydleg
språk består av handlingar og framføring, og
hjå Captain Beefheart er det elektrisk. Rolling Stone fortel
om innspelinga av Safe As Milk (1967): «On one song Beefheart's
vocal literally destroyed a $1200 Telefunken microphone. Hank Cicalo,
engineer for the sessions, reports that on the song «Electricity»

Beefheart's voice simply wouldn't track at certain points. Although
a number of microphones were employed, none of them could stand
the Captain's wailing «EEEE-Lec-Triccc-ittt-EEEEEEEE»
on the last chorus. This, incidentally, can be heard on the record».
Slik høyrest kapteinen ut. Eg legg ingenting til og trekkjer
ingenting frå. Han høyrest slik ut heile tida, for
han er ingen kameleon, og har berre ei stemme. Sjå kor tydleg
«Electricity» liknar på «The Buggy Boogie
Woogie», frå Lick My Decals Off Baby (1970).

«I still keep sweeping and sweeping,
and there’s still too many feet», seier kapteinen. Det
betyr at eg har gjeve meg inn på håplaust prosjekt som
berre må gjevast opp.
litteratur:
Ragnar Hovland: «Eit
rop i Mojaveørkenen»,
i Haakon Bull-Hansen: Rock. 1984.
Langdon Winner: «Captain Beefheart is not even here»,
Rolling Stone Magazine, mai 1970.
|