 |
|
navn:
Randi Bø
fag:
Partikkel-
fysikk
hovedfag |
|
Er grensa nÅdd?
 |
«As the island of our knowledge grows,
so does the shore of our ignorance». |
Det
finst to mÅtar vitskapen kan ende pÅ. Den eine er at
nokon finn Det Ultimate Svaret. Den andre er at vitskapen treffer
veggen, at det heile stoppar opp og alle usvara spørsmål
kjem til Å forbli nettopp det.
Men er det hald i nokon av desse scenaria,
og er det i det heile tatt vits å diskutere dette? Den amerikanske
journalisten John Horgan meiner så. Han ga i 1996 ut ei bok
han kalla The End of Science, der han argumenterer for at menneska
nå har nådd ei grense for kva som er muleg for oss å
lære om naturen og verda omkring oss. Det 20. århundre
har vore eineståande når det gjeld vitskaplege framsteg.
Vitskapsfolka har studert verda og gitt oss kunnskap om alt frå
kvarkar og elektron til galakser og kvasarar. Me veit at universet
ekspanderer og at det heile starta ved eit stort smell for rundt
15 milliardar år sidan. Me veit at at all materie er bygd
opp av nokre få grunnleggjande partiklar som vekselverkar
med nokre få grunnleggjande krefter. Me veit at livet oppstod
for ca 3 milliardar år sidan og utvikla seg ved hjelp av naturleg
seleksjon og etter Mendels genetikk. Horgan meiner at framtida til
vitskapen ligg i å fylle ut detaljer rundt dette biletet.
«We are down to the details now», påstår
han. Me har ingen store revolusjonar tilsvarande evolusjonsteorien
eller Einsteins relativitetsteori i vente. Han samanliknar vitskapleg
aktivitet med kartleggjing av eit ukjend område. Når
me har funne alle store fjell og elver er det bare finpuss igjen.
Det kjem nok til å dukke opp ein ny insektsart eller ei ny
myr, men grovarbeidet er gjort.
Dette synet er fascinerande, men sjølvsagt
svært provoserande for mange. Boka vakte stor debatt og mykje
motstand. Sir John Maddox ga i 1998 ut boka What remains to be Discovered,
som eit svar til Horgan. Her greier han ut om forskingsområde
som han trur kjem til å bli store i framtida. For det er framleis
mange kvite flekkar. Naturvitskapen kjem mellom anna til kort når
det gjeld spørsmål om korleis medvitet, hjernen og
sinnet fungerer, korleis livet oppstod og kvifor det har blitt så
komplekst. Me har framleis enorme uutforska område i verdsrommet
rundt oss, og veit ikkje kva som eigentleg skjedde i Big Bang. Og
kva med dei spørsmåla me enno ikkje har kunnskap til
å stille? Tankar som likna Horgan sine eksisterte utruleg
nok også rundt forrige århundreskifte. Det var då
ei vanleg oppfatning at alle viktige oppdagingar var gjort. Fysikaren
Albert Michelson uttalte i 1894 at «the more important fundamental
laws and facts of physical science have all been discovered, and
these are now so firmly established that the possibility of their
ever being supplanted in consequence of new discoveries is exceedingly
remote... Our future discoveries must be looked for in the sixth
place of decimals». Bare få år seinare kom kvantefysikken
som revolusjonerte fysikken totalt. Korleis kan Horgan vite at ikkje
det same vil skje nå? Eit godt bilete på dette optimistiske,
og kanskje meir vanlege synet på framtida til vitskapen er
«kunnskapens øy». Ein kan sjå på
kunnskapen vår som ei øy midt i eit hav av uvisse.
Jo meir me oppdagar, jo større blir kunnskapen vår,
altså øya, men dermed blir også grensa mot det
ukjente større og me finn nye fenomen å forske på.
«As the island of our knowledge grows, so does the shore of
our ignorance» (John Weeler).
| |
Eit naturvitskapleg ideal er at teoriane skal
vera testbare. Idear om utanomjordisk liv,
Big Bang eller opphavet til liv havnar pÅ denne mÅten
ofte utanfor naturvitskapen. |
Men The End of Science blei ein bestsellar
og det blir for naivt å avfeie Horgan som ein mann med dårleg
fantasi. Han påstår ikkje at vitskapen nå har
funne ut alt. Eitt av poenga hans er at det finst ei grense for
kor langt vitskapen kan nå. Det at me har opplevd så
enorme vitskaplege framsteg i vår levetid impliserer ikkje
at det kjem til å halde fram slik. Horgan meiner at dette
er ønskjetenking, og meir eit spørsmål om tru
enn logikk. Ein kan bare gjere ei oppdaging ein gong. Dette gir
ei naturleg avgrensing av naturvitskapen. Når det gjeld mange
av manglane i dagens vitskap som Maddox nemnar, påstår
Horgan at dette er område som ikkje kan utforskast med naturvitskaplege
metodar. Eit naturvitskapleg ideal er at teoriane skal vera testbare.
Idear om utanomjordisk liv, Big Bang eller opphavet til liv havnar
på denne måten ofte utanfor naturvitskapen. Dei liknar
ofte meir på filosofi, teologi eller science fiction. Mennesket
må innsjå at fornufta har grenser. Ein kan ikkje finne
ut alt bare ved bruk av tankekraft og fornuft. Eksperimentet er
eit nyttig verktøy, men også det har grenser. Dersom
me vil lenger ut i verdsrommet krev det enorme mengder energi. Det
same gjeld dersom me vil trenge djupare inn i materien for å
studere elementærpartiklane. Dermed blir det heile eit spørsmål
om ressursar. I tillegg til dei kognitive og fysiske grensene, er
altså økonomi ein viktig avgrensande faktor for vitskapen.
| |
Ein kan bare gjere ei oppdaging ein gong. Dette
gir ei naturleg avgrensing av naturvitskapen. |
Korleis er sÅ stÅa blant
naturvitarane i dag? Er det mange som deler synet til Horgan? Sjølv
studerer eg partikkelfysikk, noko som går ut på å
halde styr på elementærpartiklane og kreftene som verkar
mellom dei. Når eg kikkar rundt meg på lesesalen er
det ikkje slik at me sit resignerte i kvar vår stol og ristar
på hovudet og seier uff, nei nå må me vel snart
gi oss, her kjem det ikkje til å skje noko. Ei rask meiningsmåling
blant medstudentane mine tyder derimot på at det er optimisme
som rådar. Her er me med i den store jakta på Teorien
Om Alt. Det heile starta då Maxwell i 1864 såg at elektrisitet
og magnetisme eigentleg var to sider av same sak. Den elektriske
og den magnetiske krafta blei til den elektromagnetiske krafta.
I 1973 blei denne sameina med den svake kjernekrafta (som mellom
anna er årsak til ein type radioaktivitet) til det me kallar
den elektrosvake krafta. Sidan har partikkelfysikarane prøvd
å knytte denne saman med den sterke kjernekrafta (som held
atomkjernen saman) til ein «stor sameina teori» (Great
Unified Theory). Her er fysikarane på god veg allereie. I
tillegg til desse kreftene som ein kanskje ikkje tenkjer så
mykje over til dagleg, har me den velkjende tyngdekrafta. Draumen
er å sameine denne med dei andre kreftene og ende opp med
«teorien om alt» (Theory of Everything). I dag arbeider
teoretikarane med abstrakte omgrep som ekstra dimensjonar og superstrengar
for å nærme seg dette målet. Her må det
også nemnast at det finst andre måtar å tilnærme
seg ein teori om alt. Stephen Wolfram ga i mai i fjor ut boka A
new kind of physics, der han påstår å ha funne
nøkkelen til universet. Ved hjelp av ein metode som går
ut på at det utifrå nokre få enkle reglar blir
danna komplekse mønster, påstår han å kunne
forklare alt frå biologi og økonomi til gravitasjon
og turbulens. Eg skal ikkje gå nærare inn på teorien
hans, men han meiner at det nå bare er eit spørsmål
om tid før det vitskaplege samfunnet forstår at me
er vitne til ein ny revolusjon, eit nytt paradigmeskifte. Wolfram
har møtt stor skepsis blant naturvitarar, og tida vil vise
om teorien hans vil bli akspetert, men dette viser iallefall at
det er ingen som på nokon måte har gitt opp. Eg trur
ikkje rekrutteringsproblema til realfaga kjem av at ungdommen har
mista trua på vitskapen. Sjølv om statusen til naturvitskapen
var mykje høgare i 60- og 70-åra trur eg ikkje folk
flest ser på han som døyande. Mykje av det me i dag
tar for gitt er relativt nye teoriar. Teorien om kontinental platerørsle
var ikkje etablert før i slutten 1960-åra. Rekombinante
DNA-teknikkar, teknikkar for å kombinera gener frå ein
art med gener frå ein annan, blei først gjort muleg
i 1973. Kvarkane var ikkje skikkeleg aksepterte i fysikkmiljøet
før i 1974. Blant framsteg som har merka daglegliva våre
er cd-spelaren som kom på marknaden i begynnelsen av 1980-åra,
for ikkje å snakke om informasjonsteknologien, deriblant internett
som me knapt hadde høyrt om for 10 år sidan. Før
eg tar heilt av i denne hyllesta til naturvitskapen må det
påpeikast at ikkje alle desse nyvinningane er vitskaplege
revolusjonar. Ein treng ikkje fornekte teknologien og framtidige
framsteg for å påstå at vitskapen har grenser.
Meiningsmålinga på lesesalen min viste at det var ei
utbreidd haldning at vitskapen kanskje kjem til å nå
ei grense, men at det framleis er langt igjen. Og det verkar logisk
på dei fleste at mengda spørsmål ein kan stille
er forskjellig frå mengda spørsmål ein kan finne
svar på. Horgan har altså mange gode poeng, men korleis
kan han vite at det ikkje kjem til å skje store vitskaplege
gjennombrot i framtida? Det er jo liksom det som er poenget med
framtida. At ingen veit. |