 |
| navn:
frode ljones
fag:
stipendiat ved institutt for geo-
vitenskap
|
|
 |
| foto: terje s. knudsen / norsk hydro |
Det er klart at olja vil ta slutt ein gong. Men
sjølv om det er urÅD Å forutsei framtida, sÅ
vil truleg olje og gass berre basert pÅ nÅverande ressursgrunnlag
være ein tungvektar for norsk økonomi i lang tid framover.
Den siste olje?
Alle veit at olje og gass betyr enormt
mykje for Norge. Dette skuldast både dei vanvittige inntektene
dette gjev, men og den store teknologiske utviklinga og dei rundt
80 000 arbeidsplassane som er knytt til olja. Det seier seg difor
sjølv at framtida til olja er noko som opptek mange, ikkje
minst politikarane og folk i næringa. Som stipendiat ved Institutt
for Geovitenskap ved Universitetet i Bergen er sjølvsagt
eg også opptatt av dette. I heile haust og vinter har det
jamt og trutt dukka opp artiklar og reportasjar som tek for seg
framtida til olja. Mange spør seg no om toppen er nådd,
og om ein sakte, men sikkert er på veg mot slutten. Dette
gjeld sikkert og ein del studentar som er skeptiske til å
ta ei petroleumsretta utdanning grunna dystre framtidsutsikter.
Mange spør seg no om toppen
er nÅdd, og om ein sakte, men sikkert
er pÅ veg mot slutten. |
|
Dette er i sÅ mÅte ikkje
noko nytt. I 1999 då oljeprisen var rundt 10 dollar fatet
var det også tilsynelatande ei krise i oljenæringa,
med påfølgjande spekulasjonar om olja si framtid. Oljeselskapa
hadde for liten inntening, og ein måtte snøra inn pengesekken.
Mange i til dømes Statoil og Hydro blei tilbydd den velkjende
pakken og slutta. På den tida var eg i Australia og skulle
om få månadar heim for å byrje på hovedfag
i petroleumsgeofysikk ved UiB. Skulle ein då tru på
det som vart sagt i media, så var framtidsutsiktene for meg
som vordande geofysikar lite lovande. To år seinare hadde
imidlertid trenden snudd, oljeprisen var over 20 dollar fatet, det
var gode tider og ein trengte folk. Slik har eg inntrykk av at det
var fram til i sommar, då boring av tørre brønnar,
statistisk nedgang i investeringssummane for dei neste åra
samt at Oljedirektoratet gjorde ei nedjustering av dei totale olje-
og gassreservane på norsk sokkel, førte til ein ny
tilsynelatande pessimisme i næringa. Det som bekymrar no,
sjølv med ein oljepris nær 30 dollar, er at ein for
første gong opplever å produsere meir ein finn nytt,
med andre ord ein tømer banken. Men betyr alt dette at olja
nærmar seg slutten?
Mitt utgangspunkt er i så måte
å peike på at framtida til olja kanskje er lysare enn
det ein skulle trur dersom ein tek utgangspunkt i det som blir sagt
og skrive i media. Eg trur det er alt for tidleg å seie om
ein verkeleg har nådd toppen då dette er avhengig av
fleire forhold.
På grunn av dei enorme kostnadene det tar å bygge ut
felt har det inntil no berre vore interessant å bygge ut store
felt. Mykje arbeid ligg i å bygge ut mindre felt som fram
til i dag ikkje har vore lønnsamt. Dette kan være like
rundt hjørne då det for tida er fleirtal på Stortinget
for å betre vilkåra for utbyggingar av mindre felt,
blant anna ved innføring av mindre skattlegging på
små felt. I tillegg er det mykje som står att når
det gjeld å auka utvinningsratene på allereie eksisterande
felt til dømes gjennom forbetra boreteknologi og monitorering
(repeterte seismiske undersøkelsar over tid).
Over 30 År med innsamling av
konvensjonell seismikk har kartlagt store område på
norsk sokkel. Det er slik informasjon som dannar grunnlaget for
kor mykje olje og gass ein reknar med finst att på norsk sokkel.
Nettopp innanfor vidare kartlegging trur eg det ligg eit stort potensiale.
Ved å ta i bruk nye metodar som til dømes havbunnsseismikk,
der ein doblar informasjonsmengden i form av både lydbølgjer
og skjær-bølger, kan ein avdekkje nye område
som ein tidlegare ikkje har funne for interessante. Eit eksempel
på dette er Alba-feltet på engelsk sektor. Her har havbunnsdata
tydeleg forbetra biletkvaliteten av reservoaret samanlikna med tradisjonell
seismikk. Kartlegging av reservoar under basaltar er eit anna område
der havbunnsdata er anvendeleg. Konvensjonell seismikk slit med
avbildinga under basaltar. Store deler av ytre-sokkel er dekt av
desse vulkanske bergartene, og mykje tyder på desse områda
kan innehalde petroleum. På grunn av dei høge kostnadene
ved innsamling av havbunnsdata er denne type innsamling lite brukt.
Dette skuldast at teknologien er relativ ny, men med tida vil kostnadene
gå ned og dermed bruken truleg auka. Barentshavet er eit anna
interessant område som ein forventar har eit stort potensial.
Hittil har dette området vore stengt grunna miljøhensyn.
Russarane opererer allereie i dette området, og med tida kan
det hende Barentshavet blir opna på norsk side også.
Dette er imidlertid ei svært kontroversiell sak som truleg
vil ta tid.
Sjølv om mykje av det som blir sagt i media, dels av journalistar
men og frå oljebransjen sjølv, i aller høgste
grad er reelt så må ein og huske på at mykje av
dette er del av eit spel der ein vil unngå at politikarane
sovnar og dermed gløymer sitt ansvar. Eit døme på
dette er fjorårets boring av fleire tørre brønnar
utanfor Trøndelagskysten. Dette var i område der ein
forventa store funn. Når boringa viste seg å være
så skuffande så vil ein bruke dette som pressmiddel
til å påverka politikarane til å frigje nye område
for leiting samt å betre vilkåra for nye og eksisterande
felt.
| |
Det at Nordsjøen no gÅr
frÅ Å være eit utforskingsomrÅde til
eit modent omrÅde betyr at det blir meir og meir viktig
med
detaljert kartlegging og auka
reservoarforstÅelse. |
Eg trur oljenæringa i det heile
vil tjena på å ha litt meir «is i magen»
i trange tider når det gjeld til dømes innsparingar
og oppseiingar. Ein kan skulde oljenæringa for å krisemaksimere
litt for mykje enkelte gonger. Dette har ofte mykje å seie
for det negative ryktet som oljenæringa kanskje har og som
kan skapa eit rekrutteringsproblem. Ser ein på antall studentar
som byrjar på introduksjonskursa innanfor geologi og petroleumsgeofysikk
ved UiB, så heng antalet nøye saman med konjunktursvinginga
ein ser i oljeindustrien. I magre tider er det få som tek
intro-kursa og motsett i gode tider. Med dei to-tre års svingingane
som ein ser fører dette til at store kull blir ferdige i
nedgangstider og motsett. Dette er naturlegvis ikkje heilt bra.
Det er sjølvsagt vanskeleg for selskapa å unngå
ein slik situasjon då dei har sine eigarar og aksjonærar
å tilfredsstille. Når det er sagt så vil eg peike
på at dei som oftast blir råka av nedbemanning ofte
er dei som jobbar i felten og som er knytt til bygging av nye installasjonar.
Det at Nordsjøen no går frå å være
eit utforskingsområde til eit modent område betyr at
det blir meir og meir viktig med detaljert kartlegging og auka reservoarforståelse.
Dette kan snarare auke behovet for jobbar som krev høg utdaning,
som til dømes matematikk, fysikk, geologi og geofysikk.
Oljeindustrien si framtid heng tett
saman med politikarane sine målsetjingar og ambisjonar. Så
lenge det er interessant for politikarane å ha ei sterk oljenæring,
noko det er, så vil olja også være det. Dette
heng saman med alle dei grepa Stortinget kan gjere for å legge
forholda til rette, til dømes med skattereglar og utlysing
av nye leiteområde.
Rett nok vil oljenæringa alltid være relativt konjunkturavhengig,
men det gjeld all industri. Det er klart at olja vil ta slutt ein
gong. Men sjølv om det er uråd å forutsei framtida
så vil truleg olje og gass berre basert på nåverande
ressursgrunnlag være ein tungvektar for norsk økonomi
i lang tid, somme vil seie i så mykje som 50-100 år
fram i tid. Dersom ein framleis trur det vil ta slutt om kort tid
så kan det være greitt å nemne at på 60-tallet
meinte fleire ekspertar at det ikkje fanst olje i Nordsjøen,
ja knapt sediment i det heile grunna istidas herjingar. |