 |
| navn:
Marie Sunde
fag:
medievitenskap
grunnfag |
|
Opplevt konflikt, kaos og krise skaper frykt. Frykt
har sidan, dersom ho vert halden oppe, ein skummel tendens til Å
styrkje seg sjølv og lett snekre saman bÅde onde sirklar
og ein drøss med sjølvoppfyllande profetiar. Amerikanarane
fryktar sÅ mykje etter «11. september», at den
kritiske journalistikken ikkje nÅr ordentleg fram i mainstream-media.
Forteneste pÅ frykt
At
amerikanarane fryktar, er det knapt nokon tvil om. Hamstringskjøp
av gassmasker og hermetikk i etterkant av «11. september»
og seinare truslar vitnar om at kanskje sjølv den djupaste
«skapfryktar» no er å finne langt over overflata.
Frykta kjem sidan til syne i den effektive marginaliseringa av all
opposisjon mot Bush-administrasjonen og i nøytraliseringa
av den liberale fløya i amerikansk samfunnsliv og liberal,
kritisk presse. Mainstream-media har pålagt seg sjølv
ein form for sjølvsensur og stiller ikkje spørsmål
ved noko særleg av Bush' krigsretorikk eller anna av det regjeringa
tek seg til i samband med Irak-krisa. Større medium har helst
berre støtta opp om tankebiletet at ein krig ikkje er til
å unngå. Uavhengig journalistikk kjem ikkje verkeleg
fram, og slik kan frykta berre styrkjast.
Truleg byrja det heile med at «11.
september» skjedde under direkte fjernsynsoverføring.
Sidan då har president Bush berre kunna byggje opp om og spreie
vidare det trusselbiletet media skapte gjennom live-overføringa.
Media har berre fortsett å hausse opp stemninga. Presidenten
har i overovervekt fokusert på patos, sinnsrørsla,
og slett ikkje så mykje på det logiske argument, noko
han heller aldri har gjort. Frykt legitimerer for det første
krig, slik at det er ikkje vanskeleg å sjå korleis det
å spreie frykt har vore og er i presidenten si interesse.
Redde menneske mobiliserast lettare til handling. For det andre
festar folk i det som vert opplevt som krisesituasjonar si lit til
det dei allereie har, slik at Bush har etter terroren lett kunna
framstå som ein god leiar. Frykt barrikaderer for rasjonell
sjølvrefleksjon, slik at svært mange amerikanarar har
etter «11. september» berre latt Bush-administrasjonen
ordne opp, utan å forholde seg vidare kritiske til regjeringa
sine føretak. Folk har sidan terroren vore særleg opptekne
av handling, slik at også det demokratiske partiet får
svi på den måten at det nett ikkje står for handling,
men omtalast heller som «mjukt». Partiet, som kanskje
ønskjer å «gå i seg sjølv»,
framstår som lite handlingsdyktig i motsetnad til Bush-administrasjonen,
som heile tida har gjeve inntrykk av at det skjer noko, det skjer
ein framdrift og det finst ein plan med eit overordna mål
å få slutt på terrorisme.
President Bush er den typiske patos-talar,
det vil seie han nyttar i all hovudsak kjensleappell for å
overbevise, noko han har gjort konsekvent gjennom heile sin politiske
karriere, òg under presidentvalkampen hausten 2000. Han har
vore særleg god på å halde oppe eit bestemt image.
I motsetnad til tørre, saklege demokrat-Gore, var Bush junior
påviseleg meir sentimental med velgjarane, som då òg
fann han sympatisk. Fjernsynspolitikk. Kamera zoomar inn på
politikarane, slik at etter at fjernsynet kom er ein talars etos,
personlegdom eller moralhaldning mykje viktigare, og Bush veit at
å syne kjensler på TV er tenleg. Presidenten er vidare
særleg glad i symbol og konnotative, fleirtydige omgrep og
uttrykk som «the American Way», «fridom»
og sjølvsagt det gode gamle «krig mot terrorisme»
som han nytta allereie i tala 11. september sjølv. Han ramla
straks ut til offentligheita med at amerikanarane sin «fridom»
og «way of life» var særleg trua. Symbol har normalt
lite meiningsfylde og kraft i seg sjølve, men i det dei vert
kontekstualiserte vert dei særleg kraftfulle som kjenslevekkjarar.
Som kjent har òg kva omgrep som vert nytta mykje å
seie for forståinga av ein politisk situasjon. Til dømes
er ein persons terrorist alltid ein annan persons fridomskjempar,
og omvendt. President Bush opnar absolutt ikkje for noko nøytralt
rom i sine offentlege talar, slik at å «vere med»
han er så godt som einstydande med å la seg overgje
til terroristredsla.
Allereie i si første tale etter
angrepa skapte president Bush legitimitet for krig gjennom å
vidarespreie frykt, mellom anna ved å med det same, midt i
det store kjensleklimaks, stadfeste at nokre onde menn utanfrå
kom med verkeleg seriøse trugsmål mot amerikansk kultur
og levemåte. Han tolka straks hendingane som ei krigserklæring.
Nest etter dette sette han det heile inn i en global samanheng gjennom
å i større eller mindre grad klare å overbevise
om at det dreidde seg om ein trussel mot alle verdas demokrati og
alle USAs såkalla allierte. I tillegg klarte han å framstille
handlingane som fullstendig umotiverte og likesom komne ut av ein
blå sky, som om dei ikkje i det heile kunne tolkast som reaksjonar
på noko. Presidenten har gjennom ein slags «krig-er-uunngåeleg»-retorikk
klart å overbevise sitt folk om at det er offer for andre
sin umotiverte ondskap, slik at «11. september» ikkje
til no har ført til nokon djupare refleksjon i amerikanske
medium om USAs relasjon til den øvrige verda.
Bush profitterer framleis på
nyhenda «11. september» som dramaturgisk verkemiddel.
Røyndomsdramaet er i seg sjølv effektivt som overtalingsmiddel,
slik at å i ny og ne rekonstruere og gjenskape den på
sett og vis òg estetiske, spenningsappellerande «fly-styrtar-i-himmelskrapar»-scena
sel godt og gjev god forteneste gjennom det at ein vert påminna
om hendinga. Media på si side har mykje makt til røyndomskildring.
Jo oftare bileta vert presenterte, jo meir nærverande synast
trusselen. Særleg i si 11. september-tale, som står
som absolutt basis for Bush' vidare moglegheiter til å drive
unyansert, fiendefokusert krigsretorikk, ser Bush dessutan ut til
å ha villa gje nyhenda og realiteten «11. september»
eit sterkt teatralt eller filmisk preg. Fiksjonalisering, som er
eit av den amerikanske nyjournalistikken frå 1960-talet sine
fremste verkemiddel, gjev ein radikalt forsterka patosappell samanlikna
med ordinære, meir nøkterne hendingsframstillingar.
Folk er dessutan ikkje så interesserte i keisame fakta lenger.
Nyhendemedia er gått inn i show-business, noko som særleg
gjeld i kommersialismeprega USA, som allereie mykje før «11.
september» synast å vere fattig på ei kritisk
offentligheit. Hollywood og annonsemarknaden et opp den kritiske
journalistikken, folk lever i ei medievridd såpeverd og har
vorte meir interesserte i skandale, mytar, intrigar og personlegdomar.
Slik vert det svært vanskeleg å nå fram med eit
bodskap utan å nytte «tabloide» verkemiddel som
tilspissing, forenkling, polarisering, intensivering og konkretisering,
slike ting som skaper frykt, og journalistane synast å i stor
grad ha gjeve etter for dette. Mellom anna gjennom å velgje
ut dei mest handlekraftige Bush-utsegner er media berre med på
å styrkje det trusselbiletet presidenten tenar på.
Kvifor har sÅ ikkje Bush klart
å overbevise europeisk opinion om at ein krig mot Irak er
nødvendig? Mogleg at det allereie fanst ein utbreidd antiamerikanisme
i Europa, slik at europearar i førstninga ikkje identifiserte
seg mykje med USA likevel. Mogleg at amerikanarane i utgangspunktet
var reddare enn oss på grunn av ein større grad av
medievridning og fryktfokus i media frå før, at røyndomsforståinga
allereie var «skeiv». Mogleg at europearar ikkje opplevte
«11. september» som like skremmande. Fristande er det
i alle fall å konkludere med at den amerikanske pressefridomen
er i fare. Konsensusen mellom amerikansk regjeringsmakt og mediemakt
er for tida mistenkjeleg god. Skal det i eit demokrati i det heile
vere mogleg for ein president å få folkemengda til å
frykte? Makta balanserar ikkje. Eller gjer ho det? |