Rettssaker i statsarkiva
Det hende i retten
Den 25. juli 1814 behandla forliksrådet for Hjelmeland i Rogaland ein tvist mellom oppsitjarane på gardane Mjølhus og Døvik. Mjølhusbøndene klaga over at Døvikfolka let dyra sine beita på deira side av heia, og ville no ha hjelp av forliksrådet til å bli samde om kvar grensa mellom gardane gjekk. Det fanst ein gammal dom frå 1595 som enno skulle stå ved lag, men dei måtte ut i marka for å finna krossane som vart sette den gongen, og kvar gard fekk oppnemnt to mann som skulle utføra "Grandskning paa Aastædet". Då desse kom att, kunne dei forsikra bøndene om at alle merke som var omtala i dommen, framleis stod, og at ingen andre merke var å finna. Oppsitjarane vart då forlikte om at grenselina frå 1595 var den rette, og at om nokon av dei ikkje heldt gjerdet i "lovlig Stand", skulle han betala mulkt til Hjelmeland fattigkasse.
Slike tvistemålssaker, med eit moderne uttrykk sivile saker, er den eine hovudgruppa rettssaker vi finn i arkiva. Det gjeld like mykje for 1600-talet som for 1800-talet. Den andre hovudgruppa er straffesakene.
Omund Monsen og Helge Rasmussen frå Jæren vart i 1633 dømde til døden og avretta ved "steile og hjul", den verst tenkjelege lemlestande måten å verta avretta på. Rettssaka mot dei gjev oss mange opplysningar om desse to: kvar dei var frå, litt om familietilhøva deira, korleis forbrytarkarrieren deira starta, kva for brotsverk dei hadde gjort seg skuldige i før, og kven dei hadde halde seg i lag med. Vi får og vita at den eine hadde ein dødsdom frå før, men hadde klart å rømma. Rettsprotokollen fortel og i kva for delar av landet dei hadde drive på med tjuveri- og ranstoktene sine.
Opplysningar i rettsarkiva
Dei eldste bevarte rettsbøkene i statsarkiva går attende til 1570-åra, men hovudtyngda av materialet som er teke vare på, byrjar i andre halvdelen av 1600-talet. Innhaldet i rettssakene er svært variert. Materialet fortel om eineståande og spesielle hendingar i samfunnet, men først og fremst gir rettsakene eit innblikk i kvardagslivet til folk og deira daglege problem. Sakene som er behandla, fortel om tilhøve som var tidstypiske eller som var særeigne i visse lokalsamfunn. Rettsakene femner om ærekrenkingar, tvist om eigedom, farskap- og skilsmålsaker, økonomiske saker, tjuveri, drap og trolldomssaker, for berre å nemna nokre av sakstypane. Vitneavhøyr og lange partsforklaringar gjev eit eineståande innblikk i livsvilkår og tankegods. Rettsarkiva er rike på slektshistoriske opplysningar og detaljerte utgreiingar om einskildpersonar.
Domstolane i bygd og by
Frå 1590 til 1797 var bygdetinget lågaste rettsinstans på landsbygda. Alle saker, både straffesaker og sivile saker, skulle handsamast og pådømmast av bygdetinget før dei eventuelt vart anka inn for lagmannen. Sorenskrivaren var sekretær og seinare dommar på bygdetinget. I byane dømde borgarmeister og rådmann i rådstueretten. I 1662 vart bytinget ny underrett for mindre saker, med byfuten som dommar. Rådstueretten vart ordinær andreinstans. Frå bygdetinget og rådstueretten kunne saker ankast til lagtinget. Dødsdommar skulle stadfestast av lagtinget.
I 1797 (1795 for byane) etablerte ein forliksråd i alle prestegjeld. Forliksrådordninga skulle avlasta dei ordinære domstolane ved å gjennomføra mekling i dei fleste private tvistemålssakene. I 1797 gjekk heile rettsordninga gjennom ein omfattande revisjon. Rådstueretten og lagtinga forsvann. By- og bygdetinga heldt fram som før. Stiftsoverrettane som vart etablerte i kvar stiftsby for vedkommande stift, erstatta dei tidlegare lagtinga.
Rettsordninga i dag byggjer på jurylova av 1887 for straffesaker (sett i verk 1890) og domstol- og tvistemållova av 1915 for sivile saker (sett i verk 1927). Straffesaker i by- og bygdeting vart frå 1890 behandla av forhøyrsrett og meddomsrett.
Jurylova etablerte ein lagmannsrett som andreinstans for by- og bygdetinga og førsteinstans for dei alvorlege straffesakene. Lagmannsretten kom i staden for stiftsoverretten i straffesaker frå 1890 og i sivile saker frå 1936. Frå 1927 fekk forliksråda domstolstatus for dei fleste ordinære sivile saker. By- og heradsrett erstatta by- og bygdeting same året.
Særdomstolar
Lenge var det ulike rettargangsprosedyrar for ulike samfunnsgrupper. Fram til 1821 hadde eigarar av adelege setegardar justismakt over personar som hadde bustad og utkome knytt til setegarden. Ved bergverka hadde leiinga ei viss justismakt over dei tilsette til 1812. Prosteretten dømde i saker mot tenestemenn i kyrkje og skule og saker mellom prest, klokkar og kyrkjelyd. Ankeinstans var ein rett som bestod av biskopen og stiftamtmannen. Det fanst og ein eigen kyrkjeleg rettargang (Kapittelretten) for vanlege folk i saker som galdt usedeleg livsførsel, brot på kyrkjelege føresegner og liknande. Dei to sistnemnde rettane smelta etter kvart saman til Konsistorialretten. Arkivsakene etter desse rettane finst i bispearkiva og prostearkiva. Militærvesenet hadde og si eiga rettargangsordning. Dei fleste av dei eldre særdomstolane gjekk ut av funksjon før midten av 1800-talet.
I somme tilfelle blei både sivile saker og straffesaker behandla og pådømde utanfor dei ordinære domstolane, av såkalla dømmande kommisjonar.
Saker om utskifting av jordeigedom etter om lag 1860 finst i arkiva etter jordskifterettane.
Dei viktigaste arkivseriane
Forhandlingane i forliksråda finst i forliksprotokollane som stort sett er tekne vare på frå starten i 1797. Tingbøkene er den viktigaste og mest vidfemnande protokollserien frå by- og bygdetinga. Ei tid vart dei kalla justisprotokollar. Etter 1890 inneheld desse protokollane berre sivile saker. Etter kvart som saksmengda og sakskompleksa auka ved underrettane, vart det skipa fleire protokollseriar for spesielle sakstypar. Ekstrarettprotokollane vart brukte til å protokollera saker som gjekk føre seg utanfor dei faste rettsmøta. Sjørettprotokollane inneheld sjøforklaringar og sjøskadetakstar. Til protokollane høyrer det pakkar med vedlegg der saksdokumenta vart plasserte. I 1897 kom det påbod om å føra rettsbok i kvar einskild straffesak. I 1927 vart det same gjort gjeldande for sivile saker. Rettsboka ligg saman med resten av dokumenta i saka.
Om ei sak vart anka til stiftsoverretten eller lagmannsretten, hende det at saksdokumenta følgde med og vart liggande der. Ved desse domstolane er tingbøker/justisprotokollar og dombøker dei viktigaste seriane. I 1890 kom det påbod om at lagmannsretten skulle føra rettsbok for kvar einskild sak. I nyare tid er det saksmappa med rettsbok og saksdokument som gir best oversyn over ei sak både i heradsretten og lagmannsretten.
Rettsarkiva kjem gjerne inn til statsarkiva når dei er 25-30 år gamle. Generelt er arkivmaterialet fritt tilgjengeleg etter 60 år. Men av omsyn til personvernet må ein ofte setja grensa til 80 år, etter vurdering av den einskilde saka.
Korleis finn ein fram i materialet?
Dei ordinære arkivkatalogane i statsarkiva gir oversikt over kva materiale som er bevart embete for embete og kva for tidsrom ein protokoll, pakke eller eske dekkjer.
Dei aller eldste tingbøkene, for tida fram til om lag 1650, finst i trykte utgåver. Nokre få tingbøker frå siste halvdelen av 1600-talet er også publiserte i bokform, og fleire er lagde ut på Internett. Det meste vil ein finna på sidene til Digitalarkivet og Dokumentasjonsprosjektet.
Det utrykte materialet frå eldre tid er ofte tungt å arbeida med. På 1600- og 1700-talet laga rettsembeta ikkje sakregister til rettsprotokollane. Det same gjeld for forliksrådprotokollane fram til vår tid. Dette gjer det svært vanskeleg å finna fram til aktuelle saker. Det gjer det ikkje enklare at handskrifta ofte syner at skrivaren har hatt dårleg tid på seg. Brukarane er ofte nøydde å bla frå perm til perm i protokollane for å finna opplysningane dei vil ha. Men ein skal vera merksam på at statsarkiva har laga såkalla "åstadregister " for eigedomssaker etter gards- og bruksnummer for å letta tilgjenget til slike saker. I somme statsarkiv vil ein og finna andre typer register som er utarbeidde i seinare tid, gjerne til dei eldste tingbøkene.
Frå tidleg på 1800-talet vart det vanleg å føra kronologiske sakregister til rettsprotokollane. Utover andre halvdelen av 1800-talet vart det og ofte ført alfabetiske register over partane framme eller bak i domsprotokollane. Såleis er det gjerne enklare å ta seg fram i protokollane frå dei siste 150 åra.
Rettsopplysningar i andre arkiv
Forutan i domstolsarkiva vil ein også finna opplysningar om rettssaker og dommar i arkiva etter politi, lensmann og fengselsvesen.
Politiarkiva og lensmannsarkiva har opplysingar om arbeidet med alle typer rettssaker, og om saker som enda med forelegg, altså saker som ikkje vart pådømde av dei ordinære domstolane. Fengselsarkiva har opplysingar om korleis straffane vart fullbyrda. I straffesaker vil ein gjerne finna saksdokumenta i politiarkiva. Men reglar og praksis har skifta mykje, og i mange høve innheld og fengselsarkiva lange rekkjer med saksdokument.
Statsadvokatene sine arkiv (frå 1887) fortel om påtalemakta sitt arbeid. I eldre tid, på 1600- og 1700-talet, hadde amtmannen og fut/byfut mykje av ansvaret for rettsstellet både kva gjaldt offentleg påtale og fullbyrding av straffane.
Saker gjekk ofte vidare i rettssystemet. I eldre tid finst det ikkje alltid tydelege spor etter det i rettsbøkene frå lågare instans. Når saker vart appellerte vidare til overordna instans for heile landet, så som Overhoffretten eller Høgsterett, finn ein arkiva i Riksarkivet.
Etter søknad frå den domfelte kunne Kongen eller eit administrativt organ med fullmakt frå han redusera eller gjera om på straffa. Opplysningar om dette vil ein finna i arkivet etter den institusjonen som behandla søknaden og hos lokale organ som fekk melding om avgjerda.
Alt materiale frå straffesakene som vart etterforska i rettsoppgjeret etter andre verdskrigen er samla i Riksarkivet i det såkalla Landssvikarkivet.
Litteratur:
Alf Kiil: Arkivkunnskap. Statsarkiva. Universitetsforlaget 1969.
Hans Eyvind Næss: Sorenskriverens tingbøker fra 1600-1700-tallet som historisk kildemateriale, Heimen bd. XVIII (1981) s. 781-795.
Hans Eyvind Næss: Lagtingsprotokoller – gullgruber med feller, Heimen bd. XXI (1984) s. 59-67.
Tingboka som kilde. En seminarrapport. Norsk lokalhistorisk institutt, Oslo 1990.
Trykte tingbøker
Oslo og Akershus
Tingbok Aker, 1685.
Utgiver: Tingbokprosjektet, ved Bodil Chr. Erichsen og Gunnar W. Knutsen (1996).
Oppland og Hedmark
Tingbok Solør og Østerdalen, 1638-1641, 1649-1653.
Utgiver: Tingbokprosjektet, ved Solveig Torp (b. 1-3, 1994-1998).
Buskerud
Tingbok Bragernes, 1685.
Utgiver: Tingbokprosjektet, ved Bodil Chr. Erichsen (1994).
Tingbok Lier, Røyken og Hurum, 1685.
Utgiver: Tingbokprosjektet, ved Bodil Chr. Erichsen (1996).
Tingbok for Ringerike, 1652-1653, 1658-1662, 1664.
Utgiver: Ringerike historielag (b. 1-5, 1988-1997).
Aust- og Vest-Agder
Kristiansand bytingsprotokoll nr. 1, 1670.
Utgiver: Agder historielag (1991).
Mandal: Tingbok nr. 1 og 2, 1677 og 1684.
Utgiver: Agder historielag (1992).
Vestre Råbyggelag, tingbok nr. 1 1683.
Utgiver: Agder historielag, ved Ole Gausdal, Rune Holbek, Terje Sødal (1999).
Rogaland
Tingbøker fra Jæren og Dalane (1613-1645, 1650-1659).
Utgiver: Statsarkivet i Stavanger m.fl., ved Ola Aurenes (b. 1, 1953) og Hans Eyvind Næss (b. 2-6, 1979-1986).
Tingbøker fra Ryfylke (1616-1642, 1652-1661).
Utgiver: Statsarkivet i Stavanger m.fl., ved Ola Aurenes (b. 1, 1957) og Hans Eyvind Næss (b. 2-10, 1977-1991).
Hordaland
Voss tingbok (1662-1664, 1683-1685).
Utgiver: Tingbokprosjektet, ved Anna Kløve (b. 1-3, 1990-1994).
Finnmark
Tingbok for Finnmark 1620-1633.
Utgiver: Norsk lokalhistorisk institutt (1987).
Sist oppdatert 2006-11-02.
Riksarkivaren, Pb 4013 Ullevĺl Stadion, 0806 Oslo, Tlf: 22 02 26 00,
E-post: riksarkivet@arkivverket.no.

