Patriot, bråkmaker og menneskevenn
![]()
Henrik Wergeland var vår første store nasjonaldiktar, men også Noregs første riksarkivar og ein aktiv forkjempar for menneskeverd, fridom og toleranse. Han var ein nyskapande diktar og ein sentral premissleverandør til nasjonsbygginga og demokratiutviklinga på 1800-talet. Likevel er både samfunnsinnsatsen og diktinga hans lite kjent for folk flest i dag. Dei fleste tenkjer på Wergeland som opphavsmann til 17. maifeiringa vår.
Riksarkivet vil nytte jubileet til å syne at han også var ein aktiv embetsmann, samfunnsdebattant og historikar.
Vår Wergeland – patriot, bråkmaker og menneskevenn er tittelen på Riksarkivet si feiring av Henrik Wergeland i 2008.
Gjennom utstillingar, festarrangement og ny litteratur vil vi gjere folk frå i alle aldrar kjent med Henrik Wergeland som eit engasjert og kjenslevart menneske, som individualist og rabulist.
- Patrioten engasjerte seg i historia til den unge nasjonalstaten, ville utvikle språkleg og nasjonal eigenart og tok på seg embetet som den første riksarkivar for det unge Norge.
- Bråkmakaren var ikkje redd for å kome i konflikt med personar og samfunnet rundt seg når det galdt arbeidet for å fremje rettferd og likeverd.
- Menneskevennen var premissleverandør i samfunnsdebatten. Engasjementet hans for å oppheve utestenginga av jøder frå riket slik det var nedfelt i § 2 i Grunnlova er eit utslag av denne menneskevenlege sida hjå Henrik Wergeland.
Utstillingar
Frå februar til september 2008 vil ulike utstillingar i Riksarkivet ta for seg sider ved den mangfaldige diktaren og samfunnsaktøren.
I Riksarkivet og på nettet vil publikum få sjå originaldokument som aktualiserar og levandegjer riksarkivaren, den engasjert samfunnsborgaren og kverulanten.Månedens dokument” vil vise 6 separate temautstillingar om Henrik Wergeland.
Statsarkiva i Kristiansand, Bergen og Oslo vil vise spesialutstillingar om slekta til Henrik Wergeland
Omvisningar
Riksarkivet utvider tilbodet til publikum. “Vandring med Wergeland”, ei omvisning både i utstillingane og i dei underjordiske hallane, vil egne seg ekstra godt for skoleklassar.
Festarrangement
Kunstnarar, artistar, forskarar, politikarar og samfunnsdebattantar presenterer Wergeland når utstillingane opnar 14. febr. 2008. Fleire festarrangement vil følgje utover våren.
Ny bok
Tidlegare riksarkivar John Herstad skriv for tida på ei bok om Henrik Wergeland. Boka vil gi ny viten om Wergeland si tid som riksarkivar og skal kome ut i første halvår 2008.
Sist oppdatert 2007-06-15.
Riksarkivaren, Pb 4013 Ullevĺl Stadion, 0806 Oslo, Tlf: 22 02 26 00,
E-post: riksarkivet@arkivverket.no.

