Statsarkivet i Stavanger
Stor oppslutning om Arkivenes dag i Stavanger
Tysk fjernsynsfilm om krigsbarn - Deutschenkinder i Norwegen
Statsarkivet i Stavanger er ein del av det norske Arkivverket og har Rogaland fylke som ansvarsområde. Statsarkivet vart oppretta i 1970.
Statsarkivet er depotinstitusjon for arkivmaterialet frå den lokale og regionale statlige forvaltinga i Rogaland. Dei eldste arkiva går tilbake til 1500-og 1600-talet, men hovudtyngda av materialet er frå om lag 1750 og framover.
Statsarkivet har også eit overordna tilsyn med alle kommunearkiva i fylket. Ei anna, viktig oppgåve er arbeidet med bevaring av verneverdige private arkiv. Statsarkivet er fylkesansvarlig institusjon for privatarkivarbeidet i Rogaland. Dessutan er statsarkivet fylkesansvarleg kontaktinstitusjon for fotobevaringsarbeidet.
Statsarkivet er med andre ord både eit forvaltingsorgan og ein kulturverninstitusjon. Magasina våre inneheld hovudsakleg arkivmateriale frå statlege institusjonar og kontor. Men statsarkivet har også om lag 1 350 små og store privatarkiv. Fleire av desse dokumenterer ulike sider ved oljeindustrien. Denne type privatarkiv er no dei største i privatarkivavdelinga vår. Statsarkivet har også spesialmagasin for fotografisk materiale og spesialarkiv for kart og teikningar. Pr. 2006 har vi om lag 10 500 hyllemeter med arkivmateriale i magasina våre.
Interkommunalt Arkiv i Rogaland, IKA Rogaland, har også kontor og arkivmagasin i Bergelandsgt. 30. Til saman 23 av dei 26 kommunane i Rogaland er medlemmar av IKA Rogaland og har deponert den eldre delen av arkiva sine (fram til om lag 1965) i IKA-magasinet. Strand kommune er ikkje medlem av IKA Rogaland. Stavanger og Haugesund kommunar har eigne byarkivinstitusjonar.
Er du interessert i kva slags materiale som finst i kommunearkiva i Rogaland, kan du gå til: http://www.ikarogaland.no
Statsarkivet har lesesal med ca. 40 plassar. Denne er til felles bruk for besøkande til statsarkivet, IKA Rogaland og Rogaland Historie-og Ættesogelag. Lesesalen er lagt til rettes for rullestolbrukarar. Alle kan koma hit for å gjera eigne undersøkinger, enten dette gjeld spørsmål om slekt, eigedom, lokalhistorie elles, juridiske rettar eller andre spesielle forskingstema. Kanskje vil du bare bruka bruka biblioteket vårt. Statsarkivet tek også imot spørsmål om hjelp eller råd pr. telefon, brev eller epost.
Sist oppdatert 2006-11-15.
Statsarkivet i Stavanger, Bergelandsgt. 30, 4012 Stavanger, Tlf: 51 50 12 60,
E-post: statsarkivet.stavanger@arkivverket.no