Pressemelding 6. januar 2003 til fagpresseMykje snø kan gjere skade på bygningar
Det har falle mykje snø i store delar av landet, også på stader der dette ikkje er vanleg. Bygningane er då ikkje dimensjonert for dei snølastene vi no har. To flyhangarar og ein driftsbygning har kollapsa. Statens bygningstekniske etat fryktar at fleire bygningar kan bryte saman. Etaten oppmodar derfor om å undersøkje snøtyngda og moke taket om nødvendig. Etaten har samla råd om snø på tak i ei rettleiing som er tilgjengeleg her.
Kva snølast er taket dimensjonert for å tåle?
Det er viktig at eigaren av bygningen veit kor mykje snølast bygningen er dimensjonert for å tåle - kritisk snølast. Kritisk snølast er den snølasta som taket tåler pr. m2, utan at tryggleiken mot brot vert redusert. Før denne snølasta vert nådd, bør taket mokast.Dersom byggherren sjølv ikkje har bevart teikningar og berekningar frå den gong huset vart bygd, kan det vere mogeleg å innhente desse opplysningane frå kommunen, frå byggmeister eller hjå rådgjevande ingeniør/ arkitekt. Det er ofte slik at det ikkje er teke vare på eldre informasjon om bygningane. Dersom opplysningar ikkje kan skaffast, kan ein gå ut frå at kritisk snølast på tak er som følgjer:
1. For bygningar bygd i perioden 1949 - 1969 kan ein gå ut frå at kritisk snølast for lette takkonstruksjonar er 1,5 kN/m2 (150 kg/m2), og noko meir for tunge tak.
2. For bygningar bygd i perioden 1970 - 1979 bør ein gå ut frå at kritisk snølast på tak ikkje er større enn 1,5 kN/m2.
3. For bygningar bygd etter 1979 kan ein forenkla gå ut frå at kritisk snølast på tak er lik dei snølastene på mark som er angjeve i NS 3479 for kvar kommune, dvs. vanlegvis 1,5 - 3,5 kN/m2.
Når må taket mokast?
Signal frå bygningen må takast på alvor. Synlege bøyingar eller andre endringar i bygningen er eit varsel om at belastinga er stor, dette kan til dømes vere når dører og glasruter byrjar å gå tregt. I nokre situasjonar vil det også kunne høyrast knirk og smell i konstruksjonen. Det kan då vere fare på ferde og for større bygningar må person med ansvar for drifta vurdere om det er nødvendig å evakuere bygningen.
Kontaktperson for denne saka: