Einingsregisteret
Einingsregisteret inneheld data om einingar som har registreringsplikt
i dei tilknytte registra, det vil seie Føretaksregisteret,
Meirverdiavgiftsmanntalet, Arbeidsgivardelen av Arbeidsgivar-/Arbeidstakarregisteret,
Statistisk sentralbyrå sitt bedrifts- og føretaksregister,
Stiftingsregisteret og Skattemanntalet
for etterskotspliktige. Andre einingar kan registrere seg
i Einingsregisteret frivillig. Alle opplysningar i Einingsregisteret er offentlege, med unntak av fødselsnummer og D-nummer.
Registerutskrift frå Einingsregisteret
og Føretaksregisteret
Inneheld sentrale opplysningar om juridiske personar m.m.
På utskrifta finn du blant anna opplysningar om organisasjonsnummer,
namn, organisasjonsform, dagleg leiar, besøks- og postadresse,
kva tilknytte register eininga er registrert i, næringskode,
målform og telefonnummer dersom eininga har gitt opp
det til oss.
|
Pris:
|
kr 100
|
|
Bestilling:
|
Kan bestillast på veven,
skriftleg eller på tlf. 75 00 75 00
|
|
Levering:
|

|
Registerutskrift med signatur
Registerutskrift som er signert og eventuelt
omsett til engelsk.
|
Pris:
|
kr 150
|
|
Bestilling:
|
Skriftleg eller på tlf. 75 00 75 00
|
|
Levering:
|

|
Klientoversikt for revisor
og rekneskapsførar
Ein revisor/rekneskapsførar kan bestille ei oversikt
over kva klientar han eller ho er registrert med i Føretaksregisteret
og Einingsregisteret. Det kan berre bestillast oversikt over
eigne klientar.
|
Pris:
|
kr 300 i startpris + kr 1 pr. klient
|
|
Bestilling:
|
Bestillinga må vere skriftleg
|
|
Levering:
|

|
Bestandsoversikter
Inneheld opplysningar om juridiske personar sorterte på
forskjellige søkjekriterium. Bestandsoversikter kan
sorterast på organisasjonsform (eks. AS eller KS), geografi
(land, fylke, kommune), bransje/næringskode og registrering
i tilknytt register. For eksempel kan det hentast ut ei oversikt
over alle aksjeselskap i Oslo som driv i hotell- og restaurantbransjen
og er registrerte i Meirverdiavgiftsmanntalet.
|
Pris:
|
Bestandoversikt kr 1 pr. eining
Utvida bestandoversikt kr 7,50 pr. eining
|
|
Bestilling:
|
Bestilling av bestandsoversikter må vere skriftleg
|
|
Levering:
|

|
Kopi frå arkiv
Kopi av registrerings-/endringsmelding med vedlegg.
|
Pris:
|
kr 350
|
|
Bestilling:
|
Skriftleg eller på tlf. 75 00 75 00
|
|
Levering:
|

|
Stadfestingar
Stadfesting på opplysningar som er eller har vore registrerte
i Einingsregisteret. Stadfestingane er signerte. Du kan også
få dei omsette til engelsk.
|
Pris:
|
kr 150
|
|
Bestilling:
|
Skriftleg eller på tlf. 75 00 75 00
|
|
Levering:
|

|
Rolleoversikt
Viser kva roller (eks. dagleg leiar, leiaren i styret etc.) ein person er registrert med i Føretaksregisteret, og roller knytte til næringsverksemd i Einingsregisteret. Rolleoversikta viser også kva roller eit føretak har i andre selskap. Det er mogeleg å bestille rolleoversikt både på organisasjonsnummer og fødselsnummer (11 siffer). Fødselsnummer får du frå folkeregisteret i heimkommunen til personen du spør på.
Pris: |
kr 150
på veven kr 70 |
Bestilling: |
Kan bestillast på veven, skriftleg eller på tlf. 75 00 75 00 |
Levering: |

|
|