Brønnøysundregistrene logo Registeretat og datakilde Hopp til hovedinnholdet på siden
Forsiden Indeks a-å Kontakt oss English
Registrering og tinglysing Produkter og tjenester Om Brønnøysundregistrene

Utskrifter, attestar, kopiar m.m.

Bokmål 

Dei fleste opplysningane som Brønnøysundregistra samlar inn frå næringslivet og andre kjelder, er av offentleg interesse og skal vere offentleg tilgjengelege. I oversikta nedanfor finn du omtalar av dei ulike attestane, utskriftene, kopiane m.m. frå dei ulike registra. Dei fleste kan bestillast både på telefon (75 00 75 00), på telefaks (75 00 75 05), i e-post eller i brev. Dei vanlegaste produkta kan du også bestille på veven.

Klientoversikter for revisorar må bestillast skriftleg. Skriftleg bestilling sender du anten i post, på telefaks eller i e-post.

Dersom du er usikker på kva produkt du må bestille for å få visse opplysningar, finst det også ei oversikt over dei viktigaste opplysningane med referanse til kva produkt dei finst i.

Offentlege styresmakter har krav på gratis tilgang til standardisert registerinformasjon frå Brønnøysundregistra, blant anna attestar og årsrekneskap. Informasjon kan hentast direkte frå bestillingsløysinga vår. For å få gratis tilgang, må etaten kontakte Brønnøysundregistra og be om eit gebyrfritt kundenummer. Meldinga må innehalde tilvising til § 4 a i gebyrforskrifta, i tillegg til namn og postadresse.

Offentlege styresmakter må framleis betale gebyr for oppslag i EBR (European Business Register).

       
   
 

Brønnøysundregistrene, 8910 Brønnøysund · Telefon: 75 00 75 00 · firmapost@brreg.no · Organisasjonsnummer: 974 760 673