|
Brønnøysundregistra har bygd opp spesialkompetanse
innan registerdrift som er ettertrakta vare i utanlandske
registermiljø. Mange land har vore i Brønnøysund
for å sjå på både regelverk og organisering,
og dei tekniske løysingane som er utarbeidde ved registeretaten.
Tilsette ved Brønnøysundregistra har også
ved fleire høve vore engasjerte i utlandet ved oppbygging
av nye register og registerløysingar.
Brønnøysundregistra har hatt samarbeid med
engelske Companies House om rutinar knytte til rekneskapsregister
og forseinkingsgebyr, mens forskjellige tekniske løysingar
har vakt interesse hos danske Ervervs- og Selskapsstyrelsen
og svenske Patent- og Registreringsverket. I Zambia har Brønnøysundregistra
vore engasjert i samband med overføring av registerverksemda
der til edb-drift.
Tilsette ved Brønnøysundregistra har delteke
i samband med registeroppbygging både i Polen, Litauen,
Latvia og Makedonia. To representantar frå Brønnøysundregistra
var i 1994 i Polen i samband med eit forprosjekt for etablering
av føretaks- og lausøyreregister der. Seinare
har representantar frå Brønnøysundregistra
vore med på å byggje opp eit panteregister og
forprosjekt til føretaksregister i Litauen, forprosjekt
til sentral registerløysing for Latvia, og no seinast,
systemløysingar for Einings- og Rekneskapsregisteret
i Makedonia.
European
Commerce Register's Forum er eit forum for samordning
og samarbeid mellom europeiske føretaksregister. Den
femte årlege konferansen i ECRF blei halden i Tromsø
11. og 12. juni 2002. Der overlet direktøren i Brønnøysundregistra,
Erik Fossum, presidentvervet i organisasjonen til Luis Fernandez
del Pozo frå Spania. Fossum er framleis styremedlem
i ECRF.
|