|
Årsrekneskapen skal sendast inn til Rekneskapsregisteret
innan ein månad etter at han er fastsett av kompetent
organ - det vil seie generalforsamling eller tilsvarande organ.
Siste frist for innsending er i år avhenging av måten du sender inn årsrekneskapen på:
Sender du inn årsrekneskapen på papir, må han vere postlagd før 1. august.
Sender du inn årsrekneskapen via Altinn, må han vere sendt inn før 1. september.
Dersom årsrekneskapen ikkje er sendt inn
innan denne fristen, vil du måtte betale forseinkingsgebyr.
Rekneskapsregisteret har ikkje høve til å gi
utsetjing med fristen.
Desse dokumenta skal sendast inn
|