Brønnøysundregistrene logo Registeretat og datakilde Hopp til hovedinnholdet på siden
Forsiden Indeks a-å Kontakt oss English
 
Registrering og tinglysing Produkter og tjenester Om Brønnøysundregistrene

Tinglysing av ektepakt

Bokmål 

Ekteskap inneber at det økonomiske forholdet mellom ektemakane blir regulert av rettsreglar. Mellom anna krev ekteskapslova at visse avtalar mellom ektemakane må gjerast i form av ei ektepakt for for at dei skal vere gyldige. Ei ektepakt er ein juridisk bindande avtale mellom ektemakar - inkludert avtalar om overføring av gåver mellom dei. Det blir stilt visse formkrav til ektepakta, mellom anna skal ho vere skriftleg og underteiknast av vitne.

For å oppnå rettsvern overfor kreditorane må ektepakta i tillegg tinglysast i Ektepaktregisteret i Brønnøysund. Ektepakt om gåver må alltid tinglysast i Ektepaktregisteret for å få rettsvern.

Ei ektepakt som skal tinglysast, må vere skriven på eit eige skjema. Skjemaet kan du laste ned herifrå, eller du kan få det ved å vende deg til Brønnøysundregistra, Ektepaktregisteret, 8910 Brønnøysund.

Stortinget har bestemt at det skal betalast gebyr for tinglysing av mellom anna ektepakter.

Ei ektepakt som overdreg fast eigedom, må for å få fullt rettsvern også tinglysast i rettskrinsen for eigedommen, og det må førast opp på bladet for eigedommen i grunnboka. Det må partane sjølv syte for. Ta kontakt med sorenskrivaren (i landdistrikta) eller byskrivaren, byretten eller byfuten (i byane).

 

       
   
 

Brønnøysundregistrene, 8910 Brønnøysund · Telefon: 75 00 75 00 · firmapost@brreg.no · Organisasjonsnummer: 974 760 673