Hadia Tajik
ny politisk rådgjevar i departementet
Hadia
Tajik (23), Rogaland, er i dag utnemnt til politisk rådgjevar i AID. Stillinga
er nyoppretta, og departementet vil med dette ha to politiske rådgjevarar. Tajik
vil arbeide med alle fagavdelingane i departementet, og ha eit spesielt ansvar
for den løpande kontakten til Stortinget, partigruppa og fraksjonar.
Hadia Tajik kjem frå juridiske studiar ved Universitetet i Oslo. Ho
har ein mastergrad innan journalistikk og menneskerettar, og har arbeidt som
journalist og skribent i blant anna VG, Aftenposten og Morgenbladet. Tajik har
vore politisk nestleiar i AUF i Rogaland.
Politisk rådgjevar Arnhild Holstad vil følgje statsråden sin i det
daglege arbeidet hans, med eit særleg ansvar for relasjonen til Nord-Trøndelag
som er statsråden sitt heimfylke.
Pressemelding frå
Statsministerens kontor
CV for Hadia Tajik