Austersjørådet
Austersjørådet er ein multilateral
samarbeidsorganisasjon som vart skipa i 1992. Det har 12 medlemmer: Danmark, Estland, Finland, Island, Latvia,
Litauen, Norge, Polen, Russland, Sverige, Tyskland og EU-kommisjonen. Observatørland
er Frankrike, Italia, Nederland, Storbritannia, Ukraina og USA. Viktige
samarbeidsområde er miljø, demokratibyggjing, helse, energi, utdanning, IT,
kamp mot organisert kriminalitet, tiltak for barn i fare, kamp mot
menneskehandel, fremjing av samarbeid mellom friviljuge orgasnisasjonar og
fremjing av samarbeid mellom lokale og
fylkeskommunale styresmakter over landegrensene.
Formannskapet
skifter mellom medlemslanda kvart år i juni/juli. Island har formannskapet for
perioden 2005/06, og vil bli avløyst av Sverige ca. 1. juli 2006. Norge hadde
formannskapet i 1999/2000
I 1998 vart det oppretta eit sekretariat for Austersjørådet med
sete i Stockholm. Dei tilsette kjem frå forskjellige medlemsland i rådet.
Rådet er eit viktig forum for dialog og samarbeid mellom Russland
og vestlege grannar,
Austersjørådet, Nordisk Ministerråd og Barentsrådet har i stor
monn dei same emna på sakskarta sine og det er løpande kontakt og
informasjonsutveksling mellom dei.
Austersjørådet deltek sers aktivt i arbeidet med å følgje opp
aksjonsplanen for EUs Nordlege Dimensjon.
Det rår allmenn semje om at det omfattande samarbeidet i
Austersjørådet har vore tillitsskapande
og slik også medverkande til at det er godt granneskap mellom medlemslanda i
rådet .
Aktuelle lenker:
- Portal for Austersjøområdet www.balticsea.net
- Heimesida for Austersjørådet
inneheld fyldig informasjon om arbeidet i rådet og har peikarar til mange andre
heimesider for Austersjøsamarbeidet.
(Sist oppdatert: oktober 2005)