Odinarkiv
Odinarkiv
  Nynorsk    Sámegiella    Lytt til teksten     Utskriftsvisning  
Lignende dokumenter  

Dette dokumentet er arkivert. Mer om status arkivert.

Pressemelding

Dato: 01.02.02
Kontaktperson: avdelingsdirektør Hans Jacob Neumann, tlf. 22 24 59 10 mobiltlf 97 50 51 42

Betre styring på vindkraft i Hordaland

Miljøvernministeren har godkjend fylkesdelplan for vindkraft i Hordaland. Planen er den første i sitt slag. Den gir betre kontroll med kor ein kan byggje vindmøller langs kysten.

- Det er viktig at vi plasserer vindkraftverk på arealer der konfliktane med andre miljø- og utbyggingsomsyn er lågast mogleg. Eg vil stimulere til at det blir utarbeidd fleire slike regionale planar for vindkraft, seier Børge Brende.

Hovudpunkta i planen er:

  • Kommunane bør gjennom si planlegging ta inn vindkraft som tema.
  • Vindkraftanlegg bør plasserast der vindressursen er best, og slik at ein nyttar areala best mogleg.
  • Ein bør i størst mogleg grad samle arealinngrep.
  • Ein bør planleggje vindkraftverk der konfliktane med verdifulle natur- , kultur-, og friluftsområde er minst mogleg. Vindmøller må ikkje plasserast i område som er verna eller slik at dei kan truge viktig biologisk mangfald.
  • Vindmøller må plasserast slik at dei ikkje gjev problem med støy og visuell forstyrring for bustader.
  • Vindmøller og tilhøyrande infrastruktur må tilpassast landskapet og terrenget.

Det er utarbeidd kart som syner kor ein kan starte å leite etter gode vindkraftarealar.

Dette er første gong ein nyttar fylkesdelplan på denne måten.

Fylkesdelplanen er laga i samarbeid mellom regionale og lokale aktørar, fylkeskommunen og kommunane. Planen gjeld for perioden fram til 2012.

Meir informasjon:
Godkjenning av fylkesdelplan for vindkraft i Hordaland 2000-2012
Hordaland fylkeskommune

Illustrasjon: Vindkart og konfliktkart, Sveio kommune
Fylkesdelplan vindkraft, Sveio