Pressemelding
Dato: 14.03.02
Fleire arbeidsplassar og meir turisme i kystsona
Miljøvernministeren har godkjend fylkesdelplan for strand- og kystsona i Møre og Romsdal. Etter planen skal ein leggje til rette for auka produksjon av laks og aure, nye oppdrettsarter, eksklusivt havbeite i enkelte område og betre strandvern - mellom anna for å sikre turismen. Planen er retningsgivande for kommunene i fylket.
- Sjøen kan gi meir mat og auka sysselsetjing. Ved å dele kystareala inn i område for vern og område for endring, kan ein sikre både friluftsinteresser og arbeidsplassar. Betre vern av friluftsområder og strendene i Møre og Romsdal er naudsynt for å sikre turismen og rekreasjon, seier miljøvernminister Børge Brende.
Planen seier at ein må snu fokus i arealplanlegginga mot dei areala som ein ønskjer å halde uendra. Samstundes må ein tillate meir fleksibel arealforvalting i andre areal som er viktige for næringslivet. Ved lokalisering av næringsverksemd i 100-metersbeltet langs sjøen må behovet for sjøkontakt vurderast.
Det er eit mål å utnytte fornybare ressursar i kystsona slik at økonomi og velferd i lokalsamfunna vert sikra for framtidige generasjonar.
Fylkesdelplanen er utarbeidd i samarbeid mellom regionale og lokale aktører, fylkeskommunen og kommunene.
Meir info:
Godkjenning
Kontakt:
avdelingsdirektør Hans Jacob Neumann
tlf. 22 24 59 10 - mob. 975 05 142