Kva er arkiv
på Odin?
Odin-arkiv
er ei samling av dei fleste dokument som Statsministerens kontor og
departementa har publiser på Odin sidan starten i 1995. Du kan også finne nokre få eldre
dokument. Du vil finne både gyldige, arkiverte og erstatta dokument.
Organisering
av arkivet
Arkivet er organisert etter regjeringsperiodar:
Under dei eldre periodane er det publisert færre dokument.
Under kvar regjeringsperiode er arkivet vidare delt inn i dei
departementa som fanst i perioden. På forsida til kvar regjeringsperiode er det
eit kort oversyn over eventuelle endringar i departementsstrukturen i perioden.
Under kvart departement er dokumenta sortert etter dokumenttype.
Kva
slags dokument finst i arkivet?
I arkivet finst dei fleste pressemeldingar, talar og artiklar som
departementa har publisert på Odin. Du finn også ein del dokument og regelverk.
Regjeringspublikasjonar, det vil seie meldingar, proposisjonar og
offentlege utgreiingar, vert ikkje arkiverte. Dei er alltid tilgjengelege frå
forsida på Odin eller frå departementa sine sider under menypunktet
"Dokument". Regjeringspublikasjonar finst i fulltekst tilbake til
sesjonen 1996-1997.
Dokumentstatusar
på Odin
På Odin vert to statusar brukt for å
markere at dokumenta ikkje lengre er gyldige.
Arkivert: Dokument som har status arkivert
finst berre i arkivet. Dette gjeld dokument der innhaldet er utgått, for
eksempel eit rundskriv som ikkje gjeld lenger. Pressemeldingar, nyheiter, talar
og artiklar frå tidlegare regjeringsperiodar vil automatisk få status arkivert
etter eit regjeringsskifte.
Erstatta: Dokument som har status erstatta
er dokument som har vorte erstatta av eit nytt dokument som er tilgjengeleg på Odin. I desse dokumenta vil du finne
ei lenke til det nye dokumentet.