Du er her: Forside  > Publikasjoner > Sortert et... > Dyr og pla... > Handlingsplan Forslag ...
English
Utskrift
Om organisasjonen
Nyhetssaker fra forsiden
Kontakt
Ansatte
Arrangement
Offentlig journal
Skjemaer
Ledige stillinger
Høringssaker
Anbudskonkurranser
Publikasjoner
Sørviserklæring
Grønt DN
Lover og forskrifter
Barn og unge
Ung ute


Eksterne linker:
Miljøstatus
Miljøforvaltningen
Klimaløftet
Regelhjelp
Veiviser i miljølovverket
Jegerregisteret
Flere lenker...

Sortert etter tema  Dyr og planter  Handlingsplan Forslag – Plan for kalking av vassdrag i Norge – 2004 - 2010


Forslag – Plan for kalking av vassdrag i Norge – 2004 - 2010
 



Last ned handlingsplanen elektronisk: Forslag - Plan for kalking av vassdrag 2004 – 2010 (2081 kb, pdf-fil).

 

Ekstrakt:

Sur nedbør er ennå eit alvorleg trugsmål mot biologisk mangfald i ferskvatn i Norge. På det verste var 30 % av landarealet påverka og 20 % av artane forsvann frå dei suraste vassdraga. Meir enn 15 000 fiskebestandar har dødd ut eller er påverka av forsuring. 25 laksestammer er tapt, og minst 20 andre er påverka. Utsleppa og nedfall av forsurande stoff er vesentleg redusert sidan 1980, men ennå er om lag 10 % av arealet i Norge forsuringsskadd. I 2010 er det venta at 7 % av landet vil vere skadd, dersom alle avtalte reduksjonar i luftutslepp blir oppfylt. Sørlandet vil vere hardast ramma etter 2010. Frå 2010 og farm mot 2030 er det bare venta marginale ytterlegare forbetringar i forsuringssituasjonen.

Vassdragskalking har dei siste 20 åra reparert og hindra nye forsuringsskadar i delar av forsuringsområdet. Ti ulike artar innlandsfisk fordelt på 2500 bestandar har etablert seg på nytt, eller er redda. Tolv laksebestandar er sikra og ni elvar har fått tilbake ein ny laksebestand. Fisketilbodet har auka mykje for folk flest i innsjøar og lakseelvar, og den lokale verdiskapinga er stor i mange av kalkingselvane. Mange andre forsuringstrua arter og lokale bestandar av vasslevande organismar er redda av kalking. Artar som var forsvunne frå vassdraga har komme tilbake. Kalkingsverksemda er basert på godt dokumenterte metodar. Aktiviteten held høg fagleg kvalitet, og kalkingstiltaka blir nøye planlagt og effekten blir etterprøvd.

I 2004 blei det løyvd 86 millionar kroner til vassdragskalking. Denne løyvinga tilsvarer om lag 30% av midlane som teoretisk trengs, dersom heile arealet der tolegrensene for forsuring er overskridne skal kalkast. Redusert forsuring og venta prisstiging vil føre til at behovet for midlar for å vidareføre igangsette prosjekt, vil gå ned med 2,5 % per år. For å vidareføre eksisterande kalkingsaktivitet og sikre god måloppnåing, vil behovet bli gradvis redusert frå 84,5 mill kr i 2005 til 76,1 i 2010. Avvik i venta forsuringsutvikling og avvik i forhold til venta prisstigning, vil påverke behovet for midlar for å vidareføre eksisterande kalkingsverksemd.

Stabile løyvingar på 88 mill kr i planperioden vil gi rom for å gjennomføre nødvendige optimaliseringstiltak i tre elvekalkingsprosjekt innan 2007. I perioden 2006 – 2010 vil seks prioriterte nye elvekalkingsprosjekt kunne setjast i gang. Av desse er kalking av Nidelva ved Arendal prioritert først. Om løyvingane blir høgare enn 88 mill kr, vil ein kunne framskunde oppstarten av nye prosjekt. Dette vil også gjera det mogleg å vurdera oppstart av elvekalkingsprosjekt som er prioritert av fylkesmenn, men som ikkje er prioritert i denne planen med ei ramme på 88 mill kr.

Sist oppdatert: 30.08.2006


Tilbake til forsiden