Du er her: Forside  > Arbeidsomr... > Naturområder > Nasjonalpa... > Nasjonalpa... > Jotunheimen
English
Utskrift
Om organisasjonen
Nyhetssaker fra forsiden
Kontakt
Ansatte
Arrangement
Offentlig journal
Skjemaer
Ledige stillinger
Høringssaker
Anbudskonkurranser
Publikasjoner
Sørviserklæring
Grønt DN
Lover og forskrifter
Barn og unge
Ung ute


Eksterne linker:
Miljøstatus
Miljøforvaltningen
Klimaløftet
Regelhjelp
Veiviser i miljølovverket
Jegerregisteret
Flere lenker...
Naturområder  Nasjonalparker  Nasjonalparkene  Jotunheimen


Logo Jotunheimen nasjonalpark - Copyright: DN

Ein stad å vere liten
Døypt av Aasmund Olavsson Vinje og ridd av Peer Gynt. Dette mektige området med det ville landskapet og dei høgaste fjella i Nord-Europa har inspirert nordmenn i fleire tusen år. Frå steinaldermenneske til dagens fjellvandrarar.

Les om:

• Naturoppleving

• Landskap

• Planteliv

• Historie



Brevandring i Jotunheimen. Foto: Anne Lise Sørensen.

________________________________________________________________________________


Naturoppleving:

Gamal og ny bruk av fjellet

Jegarar og fiskarar har bruka Jotunheimen i fleire tusen år, og Jotunheimen har sidan 1850-talet vore eit av dei mest populære områda i landet for fjellvandring. Fleire vatn og vassdrag i Jotunheimen har godt aurefiske, særleg dei større sjøane. I mange av vatna og vassdraga vert det drive fiskekultivering. Hurrungane, med Store Skagastølstind, er eit Mekka for fjellklatrarar.


Toppen Kyrkja.
Foto: Anne Lise Sørensen.

Området har bratte fjell og ville brear. Fleire av de høgaste fjelltoppane i Nord-Europa fins her. Her er mange brear egna for brevandring, men hugs at det er stor fare med å røre seg på breane uten naudsynt utstyr og lokalkjent førar. Hurrungane, med Store Skagastølstind, er eit Mekka for fjellklatrarar. På vinterstid fins merkte skiløyper, og skiturer om våren har og vorte stadig meir populært.

 


Landskap:

Høge tindar og store sjøar

Jotunheimen er eit stort sett urørt fjellområde prega av majestetiske fjell og isbrear. Dei harde, seige bergartane her vart danna under stort trykk langt nede i jordskorpa og har seinare vorte pressa opp til overflata.

I Jotunheimen ligg dei høgaste fjella i Nord-Europa. Galdhøpiggen når opp i 2 469 m, medan Glittertind, med si iskappe på toppen, berre er nokre meter lågare. Dei villaste og kvassaste tindane i Jotunheimen finn vi i Hurrungane.


På toppen av Galdhøpiggen.
Foto: Anne Lise Sørensen.

Nasjonalparken har fleire store innsjøar, med Gjende som den største. Tilførsla av slamhaldig brevatn gjev Gjende ein smaragdgrøn farge på seinsommaren. Det djupblåe Bessvatn ligg like ved. Mellom dei to vatna går det ein merkt sti over den smale Besseggen – ein av dei mest vidgjetne attraksjonane i den norske fjellheimen.

 


Planteliv:

Høgderekord for norske planter

Jotunheimen held høgderekorden for mange av fjellplantene våre. Høgast av alle blomsterplantene går issoleia. På Glittertind kan du finne henne på ca. 2 370 m o.h. – berre 100 m under toppen. Raudsildra og rosenrota går opp til ca. 2 300 m o.h.

Berggrunnen i nasjonalparken er mange stader kalkrik, og dette er ein viktig grunn til det rike plantelivet i Jotunheimen. Her veks fleire kravfulle, kalkkrevjande planter, m.a. reinrosa.


Issoleie. Foto: Torbjørn Moen

Somme av planteartane finst berre i spreidde fjellområde rundt den nordlege delen av Atlanterhavet, f.eks. fjellskrinneblom, lodnebergknapp og fjelltjæreblom. Dette har undra botanikarane. Desse artane kan ha overlevd den siste istida på isolerte, isfrie område ved kysten eller på fjelltoppar som stakk opp over isbreen.

Det meste av parken ligg over skoggrensa. Rundt Gjende står frodig fjellbjørkeskog, og i dei austlege delane av parken går skoggrensa heilt opp i 1200 m o.h.

 

Historie:

Jotnar på Noregs tak

«Jøtunheimen» døypte Aasmund Olavsson Vinje fjella her i 1862, inspirert av det ville landskapet og norrøn mytologi. Jotnane – trolla – har heimen sin her. Jøtunheimen vart seinare til Jotunheimen, det namnet vi brukar i dag på dette mektige området med dei høgaste fjella i Nord-Europa. Henrik Ibsen var og inspirert av landskapet. Det var langs den vidkjente Besseggen – eller langs eggen av Knutshø på den andre sida av Gjende – at Peer Gynt gjennomførte det vågale rittet ned «Gjendin-eggen» på ryggen av ein reinsbukk.


Fra Veslefjell mot Gjende og Knutshø. Foto: Lars Fuglevaag

Ved Gjende og Russvatn er det spor etter buplassar frå 3 000 f.Kr. I dag minner dyregravene oss om ei tid då fangst av rein var ein viktig del av næringsgrunnlaget. Fangsten i dyregraver tok ikkje slutt før han vart forboden på 1800-talet. I dag rår villreinen grunnen i vest, medan tamreinen dominerer i andre delar av parken.

Mellom dei varierte kulturminna i Jotunheimen finn vi elles vardar frå gamle ferdsleårer og restar etter falkefangarbuer. Tidlegare var det seterdrift fleire stader, m.a. var Gjendebu opphavleg seter. Ved Memurubu har setrene vore i bruk heilt fram til i dag.

 

Last modified: 30.08.2007


Fylker: Oppland, Sogn og Fjordane
Oppretta: 1980
Areal: 1151 km2




Verneforskrift
Fotogalleri
 
 Kartutsnitt Jotunheimen nasjonalpark - Copyright: DN
Kartutsnitt (med vei-info)
PDF-kart (utskrift)
 
Meir informasjon:
•
Fylkesmannen i
   Oppland  
• Fylkesmannen i Sogn
   og Fjordane
• Jotunheimen Reiseliv
• Utladalen Naturhus
• Villreinrådet
• VisitLom
• Vågå Reiseliv
• Gjøvik og Toten turlag
• Lillehammer og
   omegn turistforening
• Den Norske
   Turistforening



Tilbake til nasjonalparkforsiden