 |
 |
| Breheimsenteret |
Breheimsenteret ligg øvst i Jostedalen, ved Nigardsbreen, som er ei av brearmane til Jostedalsbreen.
Senteret fokuserer på is og bre, og då i første rekke Jostedalsbreen. Senteret syner også korleis menneska har tilpassa seg eit liv ved breen, og tilbyr utstilling om driftevegar, Jostedalsrypa og Svartedauden. Arkitektonisk er Breheimsenteret forma som to istårn med ein bresprekk mellom. Senteret vart opna i 1993 og autorisert som nasjonalparksenter i 1997.
 Foto: Raoul Bierach, DN
Målsetting: Breheimsenteret har som mål å gje besøkande verdifulle og interessante opplevingar av natur og kultur, og inspirasjon til å ferdast i nasjonalparken.
Organisering: Senteret er organisert som eit aksjeselskap med ti lokale aksjonærar.
Breheimsenteret har egen klatrevegg, beregnet på barn. Foto: Breheimsenteret
Tilbod:
- nasjonalparkinformasjon
- utstilling basert på modellar og plansjer, som vektlegg den historiske utforminga av brelandskapet og lokal kulturhistorie
- lysbileteserie som presenterer Jostedalsbreen og kringliggjande landskap gjennom fire årstider.
- interaktiv presentasjon av Nigardsbreen (i samarbeid med Høgskulen i Gjøvik)
- kafé
- klatrevegg for born
- internettstasjon tilgjengeleg for publikum
- I samarbeid med Jostedalen Breførarlag tilbyr senteret turar med førar på Nigardsbreen og andre delar av Jostedalsbreen
- kulturelle kveldsarrangement i sesongen.
Sist oppdatert: 11.10.2006
|
 |
|