Jostedalsbreen nasjonalpark har ei enorm spennvidde i naturtypar frå frodig edellauvskog i låglandet til isbrear og høgfjell. Jostedalsbreen har ei samanhengande lengde på vel 6 mil og omlag halvparten av nasjonalparkener bredekt. Brear, breelver og morener er viktige å ta vare på. Også kulturlandskapet i stølsdalane har stor verdi.

Suppehellebreen. Foto: Tom Dybwad.
_________________________________________________________________________________
Naturoppleving:
Attraktivt turområde
Jostedalsbreområdet har lange tradisjonar som eit attraktivt turområde, spesielt for brevandring og toppturar. Dei seinare åra har særleg vårskiturar «breen på langs» – gjerne med ein avstikkar til den høgaste fjelltoppen, Lodalskåpa, vorte populære. Utan naudsynt kunnskap og breutstyr er ferdsel på bre farleg!
|
Brevandring på Briksdalsbreen. Foto: Torbjørn Moen, Norsk Bildebyrå.
|
Dei gamle ferdselsvegane mellom dalane kring breen t.d. gjennom Oldeskardet og Supphelleskardet er spennande fotturar. For turistane har Jostedalsbreen – særleg med brearmane i Briksdalen, Fjærland og ved Nigardsbreen – lenge vore eit namngjete reisemål. I Kjenndalen og Austerdalen går det stiar inn mot breen. |
Du kan overnatte på campingplassar, pensjonat og turisthotell i dalane utafor nasjonalparken, eller på turlagshytter o.l. som ligg kring breen nokre timars fottur frå bilveg.
Landskap:
Eit landskap forma av is og vatn
U-forma dalar, morener, blankskurde fjellsider, breelvsletter, rasmarker og urer – i uminnelege tider har is og vatn forma eit landskap i stadig endring. Sprudlande bekkar, elvar og fossar i fjellsider og dalar kjenneteiknar området. Stryne- og Loenvassdraga høyrer til dei rikaste og mest varierte i landet.
Mange brearmar
|
Briksdalsbreen, brearm til Jostedalsbreen. Foto: Kari Berglie.
|
Jostedalsbreen er ein platåbre med mange brearmar frå omlag 300 til 2,000 m o.h. Medrekna fleire mindre brear er omlag halvparten av nasjonalparken bredekt. Mykje av Jostedalsbreområdet sin nasjonale verdi for naturvern og friluftsliv ligg i at området er eit av dei største vi har att i Sør-Noreg med samanhengjande urørd natur. |
Store værskilnader
Brear vert danna som følgje av overskot med snø om vinteren i høve til avsmeltinga om sommaren. Det kan vere kaldt, skya og vindfullt oppå breen, samstundes som det er varmt, sol og vindstille i dalane. Frost og snøfall kan førekome på breen heile året.
Raserte gardar
Nyare forsking tyder på at Jostedalsbreen var heilt vekksmelta for 8 000–5 000 år sidan. Breen nådde eit nytt maksimum i «den lille istida» kring år 1750. Fleire stader vart då gardar tekne av den framrykkande breen: Brenndalsbreen sine ismassar kalva ned på garden Tungøyane i Oldedalen og garden Nigard vart rasert av Nigardsbreen.
Planteliv:
Frå frodige stølsdalar til bre og karrig høgfjell.
Den enorme spennvidda i naturtypar over korte avstandar skuldast store variasjonar i lokalklima, store høgdeskilnader og påverknad frå breane. I låglandet veks frodig edellauvskog med alm og lind og varmekrevjande planter som breiflangre og vårerteknapp, medan 1500 m «rett opp» veks alpin vegetasjon med t.d. issoleie og greplyng.
Framfor bretungene i låglandet set pionerplanter som raudsildre og brearve farge på det grå landskapet. Flaummarkskogen på dei slake breelvslettene er tilpassa elvane si skifting i vassføring og elveløp.
Historie:
Jostedalsbreen – ein viktig ferdselsveg i gamal tid...
Tidlegare var Jostedalsbreen ferdsels- og drifteveg frå vestlege dal- og fjordstrok til indre Sogn og Austlandet. Kyr og hestar vart førde over breen for å seljast på marknad på Austlandet. I dag ville det vere vanskeleg å nytte breen som drifteveg, då breen er mindre og dermed brattare og med fleire sprekker.
|
 Stølsdrift ved breen. Foto: Tom Dybwad.
|
Kulturlandskapet med gardar, stølar, bjørkehagar m.m. vitnar om at menneska har livnært seg «under breen» frå langt tilbake. Jordbruket er levande i bygdene rundt nasjonalparken. Berre på nokre få stølar har stølsdrifta overlevd omlegginga til moderne jordbruksdrift. |