Du er her: Forside  > Arbeidsomr... > Naturområder > Nasjonalpa... > Nasjonalpa... > Hardangervidda
English
Utskrift
Om organisasjonen
Nyhetssaker fra forsiden
Kontakt
Ansatte
Arrangement
Offentlig journal
Skjemaer
Ledige stillinger
Høringssaker
Anbudskonkurranser
Publikasjoner
Sørviserklæring
Grønt DN
Lover og forskrifter
Barn og unge
Ung ute


Eksterne linker:
Miljøstatus
Miljøforvaltningen
Klimaløftet
Regelhjelp
Veiviser i miljølovverket
Jegerregisteret
Flere lenker...
Naturområder  Nasjonalparker  Nasjonalparkene  Hardangervidda


Logo Hardangervidda nasjonalpark - Copyright: DN

Det største høgfjellsplatået i Nord-Europa
Hardangervidda nasjonalpark er Noregs største, og representerer eit særleg verdifullt høgfjellsområde. Området er viktig som tilhaldsstad for dei største villreinflokkane i Europa, og den sørlegaste utposten for fjellrev, snøugle og mange andre artar av arktiske planter og dyr.
Fjellvidda med dei tusen sjøar er og eit eldorado for fjellvandrarar med
telt og fiskestong.


Les om:

• Naturoppleving
• Historie

• Landskap

• Planteliv

• Dyreliv


Hardangervidda er eit typisk høgfjellsplatå. Foto: Knut Nylend.

________________________________________________________________________

Naturoppleving:

Med telt og fiskestong


Med fiskestong på Hardangervidda.
Foto: Knut Nylend.

Hardangervidda er eit eldorado for fjellvandrarar med telt og fiskestong. Området er kjent for sine mange fiskerike vatn og vassdrag med fin fjellaure. Det finst flust av merka stier og fleire betjente, sjølbetjente og ubetjente turisthytter. Det er og høve til jakt på vidda. Hugs fiskekort og jaktkort.




Landskap:

Frå havbotn til fjellvidde


Kvennadalen. Foto: Knut Nylend.

Hardangervidda er eit typisk høgfjellsplatå med lange flyer og bølgjande fjellparti. Berre i vest er fjella meir dramatiske. Det harde grunnfjellet i dei søraustre delane av nasjonalparken er restar av eit over 1 milliard år gammalt fjellandskap. Fjella forvitra og havet inntok slettene. Dei kalkrike bergartane i nordvestre delar av området er opprinneleg avsette på havbotnen. Millionar av år

seinare vart dei dekte av ei stor samanhengande fjellplate. Havbotnen og fjellplata vart pressa og folda, og eit nytt fjellandskap steig opp av havet. Hardangerjøkulen og Hårteigen er restar av denne fjellkjeda, som spesielt under istidene igjen vart slipt ned til grunnfjellsunderlaget.




Planteliv:

Vindblåste heiar


Museøre. Foto: Knut Nylend.

Som følgje av berggrunn og klima vekslar vegetasjonen frå dei vestlege til dei austlege delane av vidda. Den vestre delen har meir nedbør og jamnare temperatur, slik at planteproduksjonen vert stor. Austvidda er langt mindre frodig. I snøfattige strok med mager berggrunn er vindblåste heiar ein vanleg naturtype.




Dyreliv:

Dei største villreinflokkane i Europa

Hardangervidda vart isfri for om lag 9 000 år sidan. Lavdekket etablerte seg raskt på den nakne marka og gav næringsgrunnlag for reinen. Frå vinterbeiteområda på austvidda trekkjer dei store villreinflokkane kvar vår vestover, der mykje nedbør og næringsrikt jordsmonn gjev gode sommarbeite med saftig gras for både rein og bufe. Tidleg i mai kjem dei drektige simlene fram til kalvingsområda på Vestvidda. Vert reinen uroa då, kan det få store følgjer. Bukkar og ungdyr trekkjer ned og beiter i bjørkeskogen.


Villreinbukk. Foto: Knut Nylend.

Utover sommaren er reinen på flukt frå mygg og brems, og fleire tusen dyr kan då vere samla på snøfennene i høgare lende. Etter brunsten om hausten trekkjer dyra austover til dei forblåste lavheiene. Det er tilgangen på vinterbeite som set grenser for reinbestanden på Hardangervidda. Målet for villreinforvaltninga er å stabilisere vinterstamma slik at ho er tilpassa beiteressursane.




Historie:

Mennesket og vidda


Eldre bustad ved Belebotn.
Foto: Knut Nylend.

Truleg kom mennesket til Hardangervidda samstundes med reinen etter siste istid. Det er funne om lag 250 steinalderbuplassar – den eldste frå ca. 6 300 f.Kr. Folk skifta truleg bustad etter reinen sine vandringsruter. Dei mange leiegjerda og fallgravene vitnar om urgamle fangstmetodar. Vidda var delvis skogkledd på den tida, og det er funne bein av mellom anna elg.

Dei gamle ferdselsvegane (slepene) som kryssar vidda, har vore viktige bindeledd mellom Austlandet og Vestlandet. Vel kjent er den store Nordmannsslepa som går frå Veggli i Numedal til Eidfjord, med forgreiningar til Hol og Uvdal. Jakt- og fiskebuer, felæger og stølar ligg på vidda som minne om ei tid med harde levekår.

Også i våre dagar er naturressursane på vidda av stor verdi for bygdene omkring. Store saueflokkar vert kvart år sleppte på beite, og fiske og jakt er kjelde til avkopling og matauk for mange.



Last modified: 29.08.2007


Fylker: Buskerud, Hordaland og Telemark
Opprettet: 1981
Areal: 3422 km2




Verneforskrift
Fotogalleri
Film 1 Film 2 Film 3
 
 Kartutsnitt Hardangervidda nasjonalpark - Copyright: DN
Kartutsnitt (med vei-info)
PDF-kart (utskrift)
 
Meir informasjon:
• Fylkesmannen i
   Buskerud
• Fylkesmannen i
   Hordaland
• Fylkesmannen i
   Telemark
• Hardangervidda 
   villreinutvalg
• Villreinrådet
• Øvre Numedal
   Fjellstyre
• Drammen og Oplands
   turistforening
• Telemark
   turistforening
• Den Norske
   Turistforening
• Brosjyre

Tilbake til nasjonalparkforsiden