NB! Senteret er stengd inntil vidare!Hardangervidda Nasjonalparksenter ligg ved Møsvatn i Tinn kommune, ved inngangen til Hardangervidda frå aust. I utstillingane kan ein mellom anna få vite meir om villrein på Hardangervidda og andre stader og kulturarven i tilknytning til vidda. Senteret, som er teikna av den norsk-islandske sivilarkitekten Gudmundur Jonsson, blei autorisert av DN og opna i august 2000.
Foto: Hardangervidda nasjonalparksenter
Målsetting-auke forståinga av det økologiske samspelet og gje kunnskap om menneskeleg påverking på miljøet .
- fremme forståinga av vern av sårbare naturtyper og artar.
- formidle kunnskap om særtrekk i natur
- ivareta lokale kulturhistoriske interesser knytt til kulturlandskap og kulturminne i nasjonalparken og lokale kultur- og handverktradisjonar.
- stimulere interessa for natur og legge til rette for positive naturopplevingar.
- bidra til å kanalisere ferdsel i nasjonalparken og fremme eit enkelt friluftsliv
- formidle målsettingane i den statlege miljøvernpolitikken.
- Auke forståinga for nasjonalparkane si samfunnsmessige tyding.
- bidra til god dialog og gjensidig forståing mellom lokalbefolking og forvaltningsstyresmakter.
- medverke til styrking av kultur og identitet knytt til lokal økologisk kunnskap og tradisjonell naturbruk i nasjonalparken.
Villrein er eit viktig tema i utstillingane. Foto: Hardangervidda nasjonalparksenterOrganiseringHardangervidda Nasjonalparksenter Møsvatn, er organisert som eit aksjeselskap, der Tinn og Vinje kommune er dei største eigarane.
Tilbod
- Utstilling om villrein på Hardangervidda og andre stader
- utstilling av kulturhistorisek bruken av vidda, med m a 6 000 år gamle steinaldergjenstandar frå Mogen
- Visning av bilder av villreinforskaren Terje Skogland
- Utstilling om forskaren og forfattaren Helge Ingstad
- barneavdeling med ulike aktivitetar; teiknekrok, tog og interaktive kunnskapsleikar
- kafeteria
Frå utstillinga om Helge Ingstad. Foto: Hardangervidda nasjonalparksenter Les meir på nettsidene til
Hardangervidda nasjonalparksenter