Norsk Bremuseum i Fjærland er eit "aktivitetsmuseum" der publikum m.a. kan gjere eigne eksperiment med 1000 år gamal breis og oppleve Ivo Caprino sin panoramafilm frå Jostedalsbreen. Hovudtema for utstillingane er snø, is og brear. Bremuseet vart opna i 1991 og autorisert som nasjonalparksenter for Jostedalsbreen av i 1997.
Alle bygga ved Bremuseet er signert arkitekt Sverre Fehn.
Norsk Bremuseum. Foto: Finn Loftesnes
Målsetting
Føremålet til Norsk Bremuseum er å samle, skape og spreie kunnskap om snø, is og brear. Stiftinga si verksemd omfattar både naturvitskaplege og kulturhistoriske fagfelt. Bremuseet skal dekke eit informasjonsbehov både for dei som ikkje kan noko om brear og dei som har mykje kunnskap om temaet.
Organisering
Norsk Bremuseum er ei privat stifting oppretta i 1989 av Den Norske Turistforening, International Glaciological Society, Norges vassdrags- og energidirektorat, Norsk Polarinstitutt, Høgskulen i Sogn og Fjordane, Universitetet i Bergen og Universitetet i Oslo.
Tilbod
- utstillingar med hovudtema snø, is og brear
- spesialutstilling om Antarktis
- skuleteneste
- eit eige skulebygg med laboratorium og nasjonalparkinformasjon
- møtelokale for inntil 50 personar med audiovisuelt utstyr
- ny klimautstilling

Interiør frå Bremuseet.
Les meir på Norsk Bremuseum sine nettsider