Norsk Fjellmuseum er nasjonalparksenter for Jotunheimen. Senteret ligg i Lom sentrum, ein av innfallsportane til Jotunheimen. Fjellmuseet ynskjer å synleggjere korleis samspelet mellom menneske og natur har utvikla seg frå fangstkulturar til våre dagars masseturisme, rekreasjon og ressursbruk.
Fjellmuseet vart opna i 1994 og autorisert som nasjonalparksenter i 1997.
Norsk Fjellmuseum. Foto: Esben Bø
Målsetting: Norsk Fjellmuseum
- skal arbeide for å verne kultur- og naturverdiar i fjellområde gjennom innsamling, dokumentasjon, forsking, formidling og informasjon
- skal og vere eit informasjonssenter for nasjonalparkane og andre anlegg og samlingar knytt til livet i fjellet
- skal vere ein stad for oppleving, læring og allmenn kulturell verksemd, med særleg vekt på samspelet i naturen og mellom menneske og natur.
Organisering: Fjellmuseet er organisert som ei stifting med følgjande stiftarar: Lom kommune, Statskog Øst-Norge, Noregs naturvernforbund, Den norske Turistforening (DNT), Norsk Tindeklubb, Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE), Høgskolen i Lillehammer, Universitetet i Bergen, Norges Fjellstyresamband, Norges jeger- og fiskeforbund, Landbrukssamvirkets Felleskontor, Norges Almenningsforbund, Norsk Botanisk Forening.
Tilbod: - Faste utstillingar med tema ”Jotunheimen”, ”Norsk Høgfjell” og ”Mammut”.
- Biletspela ”Vatn frå fjell til fjord” og ”Årstider i fjellet”, filmane ”Eit fjelleventyr” og ”Klatring i Store Skagastølstind 1919”.
- Multimediaprogrammet ”Mogop” som fortel om Norges nasjonalparkar, vassdraga våre og turmoglegheiter i Jotunheimen.
- Utstilling av jaktvåpen og reinsgevir
- Skiftande utstillingar i sommarsesongen.
- Barnekrok og skattegrotte.
- Museumsbutikk.
- Turistinformasjon.
Tidlegare tiders bruk av fjellet og dei første fjellturistane er viktige stikkord for utstillingane ved Fjellmuseet. Foto frå Norsk Fjellmuseum.Les meir på
nettsidene til Norsk Fjellmuseum