Setesdal Vesthei Ryfylkeheiane landskapsvernområde

SNO Bykle har kontorstad ved Bykle kommunehus.
På denne sida kan du lese om:
• Oppsynsområdet
• Arbeidsoppgåver
• Tilsette
Oppsynsområdet
SNO Bykle har ansvar for naturoppsyn i indre deler av Agder.
Irene Bjåen frå Hardangervidda Fjelloppsyn ved steinbua Grjotdokki i Bykle. Foto: Peter Hermansen.
Arbeidsoppgåver
SNO Bykle har som oppgåve å driva naturoppsyn med heimel i lov om statleg naturoppsyn innafor sitt oppsynsområde. Føremålet er å ivareta nasjonale miljøverdiar og førebygga miljøkriminalitet. Meir konkret medfører dette kontroll med reglane gjeve i medhald av Friluftslova, Naturvernlova, Motorferdselslova, Kulturminnelova, Viltlova, Laks og innlandsfisklova og delar av Forureiningslova. Oppsynet driv og med rettleiing og informasjon, samstundes som det kan driva med skjøtsels-, registrerings- og dokumentasjonsarbeid.
Kontoret har ei særleg oppgåve knytt til oppsyn i verneområde i Indre delar av Aust-Agder. Verneområda omfattar eit samla areal på 2.534 kvadratkilometer fordelt på 28 naturreservat, tre landskapsvernområde og eit biotopvernområde. Setesdal Vesthei Ryfylkeheiane landskapsvernområde står i ein særstilling, og kontoret delar her oppsynsansvaret med SNO Hægebostad og SNO Suldal.
SNO Bykle løyser delar av sine oppsynsoppgåver gjennom tenestekjøp frå Villreinlaget, som utførar jaktoppsyn under villreinjakta i Setesdal Vesthei Ryfylkeheiane landskapsvernområde.
Tilsette
 |
|
Namn: |
Peter Hermansen |
|
Stilling: |
Naturoppsyn Setesdal Vesthei |
|
Seksjon: |
Nasjonalparkseksjonen |
|
Postadresse: |
Statens naturoppsyn Bykle, Tungasletta 2, 7485 Trondheim |
| Direkteadresse: |
Statens naturoppsyn Bykle, 4754 Bykle |
|
Telefon: |
37 93 89 88 |
|
Mobiltlf.: |
915 85 265 |
|
Faks: |
37 93 89 89 |
|
E-post: |
peter.hermansen@dirnat.no | |
Tilbake til hovudside SNO Lokalt