Du er her: Forside  > SNO > Organisasj... > Lokalkonto... > Rogaland > Suldal
English
Utskrift
Om organisasjonen
Nyhetssaker fra forsiden
Kontakt
Ansatte
Arrangement
Offentlig journal
Skjemaer
Ledige stillinger
Høringssaker
Anbudskonkurranser
Publikasjoner
Sørviserklæring
Grønt DN
Lover og forskrifter
Barn og unge
Ung ute


Eksterne linker:
Miljøstatus
Miljøforvaltningen
Klimaløftet
Regelhjelp
Veiviser i miljølovverket
Jegerregisteret
Flere lenker...

Organisasjonen  Lokalkontorene  Rogaland  Suldal


SNO Suldal

Setesdal Vesthei Ryfylkeheiane landskapsvernområde

Kontor SNO Suldal - Copyright: Reidar Johan Sandal
SNO sitt kontor i Suldal ligg på Gardaneset på Sand. Her har Suldal kommune eit kontorbygg der Teknisk etat, Bygdeutvikling og Mattilsynet er lokalisert.

På denne sida kan du lese om:

• Oppsynsområdet
• Arbeidsoppgåver
• Tilsette


Oppsynsområdet
SNO Suldal har naturoppsyn i dei store verneområda i Rogaland knytt til Setesdal-Ryfylkeheiane. Kontoret har og ansvaret for oppsyn i fjordsystema knytt til Nord-Rogaland og Sunnhordland. I tillegg har kontoret ansvar for oppsyn med mindre verneområde (naturreservat, fuglefredningsområde og kulturminne) i Nord-Rogaland.

Dyraheio landskapsvernområde - Copyright: Reidar Johan Sandal
Utsikt innover Dyraheio landskapsvernområde. Foto: Reidar Johan Sandal.



Arbeidsoppgåver
SNO Suldal har som oppgåve å drive naturoppsyn med heimel i lov om statlig naturoppsyn innanfor sitt oppsynsområde. Formålet er å ivareta nasjonale miljøverdiar og førebygge miljøkriminalitet. Meir konkret medfører dette kontroll av bestemmingane gitt i Friluftsloven, Naturvernloven, Motorferdselsloven, Kulturminneloven, Viltloven, Laks og innlandsfiskloven og deler av Forureiningsloven. Oppsynet driv og rettleiing og informasjon, samtidig som det kan drive skjøtsels-, registrerings- og dokumentasjonsarbeid.

SNO Suldal har samen med SNO Hægebostad og SNO Bykle ei særleg oppgåve knytt til oppsyn i Setesdal Vesthei Ryfylkeheiane landskapsvernområde. Fokus er særleg retta på trua og sårbare arter, motorferdsel, jakt, fiske og ferdsel. Kontoret har også ansvaret for koordinering av villreinoppsynet i Setesdal/Ryfylke og hjorteoppsynet på Haugalandet. Sjøoppsyn, lakseoppsyn og registrering av til dømes store rovdyr, villrein og rovfugl er også viktige oppgåver.

Verneområda utgjer eit samla areal på 3.450 kvadratkilometer fordelt på 18 naturreservat, seks landskapsvernområde, eit fuglefredingsområde og eit biotopvernområde. Arbeidet inneberer oppsyn med vernereglene, tilsyn med skilt og informasjonstavler i verneområda samt oppfølging av forvaltnings- og skjøtselsplanar som gjør at brukarane veit kva dei har å halde seg til.

SNO Suldal løyser delar av sine oppsynsoppgåver gjennom tenestekjøp frå Villreinlaget, som utførar jaktoppsyn under villreinjakta i Setesdal Vesthei Ryfylkeheiane landskapsvernområde.



Tilsette

Namn: Reidar Johan Sandal
Stilling: Naturoppsyn Setesdal Vesthei og Ryfylkeheiane
Seksjon: Nasjonalparkseksjonen
Postadresse: Statens naturoppsyn Suldal, Tungasletta 2, 7485 Trondheim
Direkteadresse:  Statens naturoppsyn Suldal, 4230 Sand
Telefon: 52 79 48 60
Mobiltlf.: 908 77 844
Faks: 52 79 48 61
E-post: reidar-johan.sandal@dirnat.no



Tilbake til hovudside SNO Lokalt

Sist oppdatert: 30.08.2006


Tilbake til forsiden
                                                                                               

Interne lenker
• DNs Naturbase (kart over
  verneområder m.m.)
• Nasjonalparkseksjonen

Eksterne lenker
• Fylkesmannen i Rogaland
• Fylkesmannen i
  Hordaland
• Miljøstatus i Rogaland
• Skjærgårdstjenesten