Kyst og verneområde Hordaland

SNO Bergen har kontor i same bygg som Fylkesmannen i Hordaland, og har kontorfellesskap med Statskog i femte etasje.
På denne sida kan du lese om:
• Oppsynsområdet
• Arbeidsoppgåver
• Tilsette
Oppsynsområdet
SNO Bergen har ansvar for naturoppsyn i kystsona i Hordaland. Meir konkret dekker kontoret Sunnhordland, Midthordland, Nordhordland, Voss kommune og deler av Kvam herad.

Motiv frå Hopsfjellet naturreservat. Føremålet med vernet er å ta vare på eit skogområde som gjennomgår naturleg suksesjon etter ein skogbrann. Foto: Ragni Nordås.
Arbeidsoppgåver
SNO Bergen har som oppgåve å driva naturoppsyn med heimel i lov om statleg naturoppsyn innafor sitt oppsynsområde. Føremålet er å ivareta nasjonale miljøverdiar og førebygga miljøkriminalitet. Meir konkret medfører dette kontroll med reglane gjeve i medhald av Friluftslova, Naturvernlova, Motorferdselslova, Kulturminnelova, Viltlova, Laks og innlandsfisklova og delar av Forureiningslova. Oppsynet driv og med rettleiing og informasjon, samstundes som det kan driva med skjøtsels-, registrerings- og dokumentasjonsarbeid.
Kontoret har ei særleg oppgåve med oppsyn i kystnære verneområde. Verneområda omfattar eit samla areal på 88 kvadratkilometer fordelt på 122 naturreservat, sju landskapsvernområde og eit fuglefredingsområde. Viktige arbeidsoppgåver ellers er lakseoppsyn og skilting i verneområda. Kontoret har eit hovudansvar for kystoppsynet i Hordaland, og oppsynsbåtane Skarv og Ørnen nyttast i dette arbeidet.
SNO Bergen løyser deler av sine oppsynsoppgåver gjennom tenestekjøp frå ein privatperson i Fusa. Han utførar lakseoppsyn i Hardanger og Sunnhordland, og noko naturoppsyn i Kvam, Kvinnherad og Fusa herad.
Tilsette
|
 |
| Namn: |
Ragni Nordås |
| Stilling: |
Naturoppsyn kyst Hordaland |
| Seksjon: |
Kystseksjonen |
| Postadresse: |
Statens naturoppsyn Bergen, Tungasletta 2, 7485 Trondheim |
| Direkteadresse: |
Statens naturoppsyn Bergen, Postboks 7310, Kaigaten 9, 5020 Bergen |
| Telefon: |
55 32 78 06 |
| Mobiltlf.: |
959 67 043 |
| E-post: |
ragni.nordas@dirnat.no | |
Tilbake til hovudside SNO Lokalt