Du er her: Forside  > SNO > Organisasj... > Lokalkonto... > Sogn og Fj... > Aurland
English
Utskrift
Om organisasjonen
Nyhetssaker fra forsiden
Kontakt
Ansatte
Arrangement
Offentlig journal
Skjemaer
Ledige stillinger
Høringssaker
Anbudskonkurranser
Publikasjoner
Sørviserklæring
Grønt DN
Lover og forskrifter
Barn og unge
Ung ute


Eksterne linker:
Miljøstatus
Miljøforvaltningen
Klimaløftet
Regelhjelp
Veiviser i miljølovverket
Jegerregisteret
Flere lenker...

Organisasjonen  Lokalkontorene  Sogn og Fjordane  Aurland


SNO Aurland

Nærøyfjorden landskapsvernområde

Kontor SNO Aurland - Copyright: Rein-Arne Golf
SNO Aurlands kontor ligger i Fjordsenteret i Aurland sentrum.

På denne sida kan du lese om:

• Oppsynsområdet
• Arbeidsoppgåver
• Tilsette


Oppsynsområdet
Landskapsvernområdet i Nærøyfjorden er eit av dei beste døme me har på fjord i Noreg. Ein finn her eit ubrote naturlandskap som strekker seg frå fjorden og opp til høgfjellet på over 1700moh. Fjorden er einskilde plassar djupar enn 1000 meter, slik at her kan ein finna fjellformasjonar som er nær 3000m med enno aktive geologiske prosessar.

Området i Indre Sogn har også gode døme på samspel mellom naturlandskap og meir eller mindre kulturpåverka landskap. I høgfjellet finn ein rester etter veidemannskultur med ulike fangsanlegg. I dei stupbratte fjellsidene er det restar etter gamle slåtteteigar med utløer, lauvingsmarker og beitemark. Flatar fjellhyllene noko ut, er det enno gardsbruk som vert drivne og halde i hevd for komande slekter.

Oppe på fjellet lever villreinen, i dalane og fjellsidene finn ein rike stammar av hjort og elg. Eit variert fugleliv finn ein både i fjorden og på fjellet. Fisk sprett både i fjord, foss og rolege fjellvatn. Vatnet ligg som bre eller snøfonner i høgfjellet, før det kastar seg ned over i fjellsidene i større eller mindre fossar. All denne storslåtte naturen vert årleg vitja av meir enn 700.000 tusen personar.



Arbeidsoppgåver
SNO Aurland har som oppgåve å driva naturoppsyn med heimel i lov om statleg naturoppsyn innafor sitt oppsynsområde. Føremålet er å ivareta nasjonale miljøverdiar og førebygga miljøkriminalitet. Meir konkret medfører dette kontroll med reglane gjeve i medhald av Friluftslova, Naturvernlova, Motorferdselslova, Kulturminnelova, Viltlova, Laks og innlandsfisklova og delar av Forureiningslova. Oppsynet driv og med rettleiing og informasjon, samstundes som det kan driva med skjøtsels-, registrerings- og dokumentasjonsarbeid.

Kontoret har ei særleg oppgåve med oppsyn i kystnære verneområde. Verneområda omfattar eit samla areal på 1140 kvadratkilometer fordelt på fem naturreservat, fire landskapsvernområde og to naturminne. Viktige arbeidsoppgåver ellers er lakseoppsyn og skilting i verneområda.



Tilsette

Namn:

Rein-Arne Golf

Stilling:

Naturoppsyn Aurland

Seksjon:

Nasjonalparkseksjonen

Postadresse:

Statens naturoppsyn Aurland, Tungasletta 2, 7485 Trondheim

Direkteadresse: 

Statens naturoppsyn Aurland, Fjordsentret, 5745 Aurland

Telefon:

57 63 22 11

Mobiltlf.:

480 94 364

Faks:

 

E-post:

rein-arne.golf@dirnat.no



Tilbake til hovudside SNO Lokalt 

Sist oppdatert: 30.08.2006


Tilbake til forsiden
                                                                                               

Interne lenker
• DN sin Naturbase (kart over verneområde m.m.)
• Nasjonalparkseksjonen

Eksterne lenker
• Fjordinfo
• Fylkesmannen i
  Sogn og Fjordane
• Miljøstatus i
  Sogn og Fjordane