Ivaretaking av dødt vilt
Miljøverndepartementet fastsette 10. juni 2004 forskrift om ivaretaking av dødt vilt. Ho inneheld mellom anna vedtak om autorisasjon av preparantar og registrering og merking av dødt vilt. Døde individ av vilt har verdi for forsking, undervisning og informasjon.
Kva omfattar desse vedtaka? Forskrifta omfattar dødt vilt som finst i naturen, vilt som lovleg blir avliva i naudverje eller for å unngå/redusere skade, og ulovleg felt eller fanga vilt. Vedtaka omfattar òg egg og produkt av vilt som til dømes preparat eller skinn av fugl. Forskrifta inneheld vedtak om eigedomsrett til og handtering av dødt vilt, om autorisasjon av preparantar og kva plikter og rettar dei har, og om plikt til å merkje og registrere dødt vilt.
Forskrifta inneber at det offentlege ikkje hevdar eigedomsrett til like mange artar som tidlegare – berre artar med nasjonal/internasjonal bevaringsstatus, jf. Nasjonal rødliste 1998.
Merkjesystem Det er utarbeidd ei artsliste som vedlegg til den nye forskrifta der enkelte artar er registreringspliktige og nokre er merkjepliktige, mens andre kan behaldast fritt. Registreringspliktig vilt er døde individ av viltartar som Viltfondet hevdar eigedomsrett til, og som skal førast i eit sentralt register før det kan preparerast. Merkjepliktig vilt er registreringspliktig vilt som skal merkjast med godkjent merke etter preparering. Alle nye preparat som Viltfondet hevdar eigedomsrett til, inklusive delar av dødt vilt og egg, skal merkjast med microchips som identifiserer viltet.
Kven gjeld vedtaka for? Utgangspunktet er at alt dødt vilt som ikkje er jaktutbyte, tilhøyrer Viltfondet (= staten v/DN) eller kommunane (hjortevilt og bever). Sjeldne viltartar som det offentlege har eit nasjonalt og internasjonalt ansvar for, representerer større verdiar for staten enn vanlege artar. Derfor blir det skilt mellom artar som Viltfondet ikkje hevdar eigedomsrett til, og artar som Viltfondet vil sikre seg retten til å behalde eller overdra eigedomsretten til (til institusjonar som bidreg til å sikre eit slikt formål). Individ av sjeldne og trua artar blir derfor registrerte i ein database, og individa blir merkte med eit unikt merke som skal kunne identifisere dei i framtida. Den statlege eigedomsretten kan overdragast til andre, og det er utvikla ein elektronisk registrerings- og handteringsprosedyre.
Sentral database for dødt vilt, preparantar etc. Databasen er internettbasert for å forenkle saksbehandlinga. Basen inneheld alle relevante data som har med handtering av dødt vilt å gjere, som Viltfondet sin eigedom, preparantar og preparantverksemd.
Innehavar av fallvilt som er eigedommen til Viltfondet, leverer fallviltet til preparant. Preparanten legg inn alle data i basen. Dersom det er ønske om å behalde viltet, blir saka henta opp av organet som vurderer saka. Saksbehandlaren avgjer om det skal opplysast om eigedomsretten til viltet. Preparanten som oppbevarer viltet, kan deretter gjere ferdig preparatet og sende skrotten til obduksjon.
For dei få artane som det er merkjeplikt for, skal det betalast eit gebyr på 400 kroner. Kostnaden ved å merkje preparatet blir dekt av gebyret som skal betalast av den som overtek eigedomsretten til det døde viltet. Preparanten merkjer viltet, skriv inn nummeret i basen og sender skrotten vidare dit direktoratet har bestemt. Preparanten preparerer viltet og leverer ut det merkte viltet når gebyr er betalt.
Dei fleste vanlege artane er berre registreringspliktige i den forstand at preparanten legg inn opplysningar om individet i den sentrale databasen.
Ulike brukarar har ulik tilgang til denne databasen. Publikum kjem på lengre sikt til å få lesetilgang til definerte datalister på Internett.
Merking av eldre preparat Forskrifta gir òg heimel til å merkje eldre preparat. Det gjeld berre dei sjeldne og trua artane snøugle, slagugle, lappugle, vandrefalk, jaktfalk, kongeørn, havørn og dverggås. Når slik merking av eldre preparat er gjennomført i ein overgangsfase, er det den som disponerer preparatet, som må føre bevis for at det er hans/hennar eigedom. I motsett fall tilkjem det Viltfondet.

Truethetskategorier
Artene er vurdert å tilhøre en av flere nærmere definerte truethetskategorier som Verdens naturvernunion (IUCN) utarbeidet i 1994, oppdatert i 2001. Disse kategoriene omfatter alt fra arter som allerede er utryddet, eller som står i fare for å bli utryddet, til arter som bør overvåkes på grunn av en pågående eller tidligere negativ bestandsutvikling.

Norsk Rødliste på Miljøstatus i Norge
Direktoratet for naturforvaltning har lagt ut mer informasjon om rødlista på Miljøstatus i Norge. Her kan du bl a finne utdrag fra rødlista med oversikter over:

Historikk
Den første offisielle rødlista kom i 1984, og inneholdt lister for virveldyr og karplanter. Den andre lista fra 1988 inneholdt lister over virveldyrene. I 1992 ble det for første gang presentert lister for en betydelig del av det biologiske mangfoldet i Norge. Til sammen 12000 arter innenfor 21 forskjellige artsgrupper ble vurdert. I 1996 ble så en ny og revidert rødliste for fugler og pattedyr presentert.
Nasjonale rødliste for truete arter i Norge 1998, var den fjerde offisielle rødlista som ble utgitt i Norge. Den bygger på en vurdering av ca. 15 000 arter, tilhørende 27 artsgrupper. Rødlista gjaldt for fastlands-Norge, og inneholdt 3062 arter. Dette utgjorde ca. 21 prosent av de vurderte artene. Den nasjonale rødlisten fra 1998, omfattet også en egen rødliste for fugler og pattedyr på Svalbard.

Sist oppdatert: 17.04.2007
|