Register over leverandørar av kalk, utstyr og tenester for kalking av vatn og vassdrag 2006
SAMANDRAG
Leverandørregisteret for vassdragskalk har vore utgitt sidan 1994. Det inneheld opplysningar om kalkprodukt, kalkingstenester, -utstyr og leverandørar, referanse til alle doseringsanlegg i drift, og adresser til dei overordna ledda i kalkingsforvaltninga.
Registeret er stadig bygd ut med nye data, og det følger utvikling og krav i europeisk standardisering for kalk til miljøføremål.
I høve til registeret for 1997 er tabell D lagt om i 1998-2000. Tidlegare vart det deklarert for innhald av CaCO3, MgCO3 og Tot.-CaCO3-ekv. I samsvar med nye europeiske standardar vert det nå deklarert Ca, Mg og NV (nøytraliserande verdi). NV kan vere litt lågare enn Tot.-CaCO3-ekv., og dette har mest samanheng med analysemetoden.
I 2003 er det i samband med utvikling i europeisk standardisering fastsett at Ca, Mg og NV skal deklarerast i vare
som levert, mens ein før deklarerte i tørr vare, og deretter måtte vere observant på at produkt kunne innehalde fukt som reduserte effekten.
I år 2000 kom det inn oversikt over godkjente varedeklarasjonar og IK/KS for ulike produkt. Det første er eit generelt krav siste er eit kundekrav frå DN for å komme med under Innkjøpsavtalen for vassdragskalk.
Nytt i 2002 var datering av siste godkjente varedeklarasjon i eiga kolonne.
I 2001 innførte vi ein ny tabell E. Denne gir oversikt over finmalne kalktypar med momentanløysingsdata (reaktivitet). Dette er data som trengst ved bruk av simulerings-modell for å rangere kalkprodukt mot kvarandre, ikkje minst ved val av kalktype i prosjekt.
I 2003 er dette ytterlegare bygd ut med overdoseringsdata.
I 2004-2006 er det små endringar, og for produkt vil ein sjå små korreksjonar, nokre nye namn, andre er borte, litt justering på NV, siktekurver og reaktivitetsdata.