Den som skal jakte eller fangste i Noreg, må ha gyldig jegeravgiftsskort. Avgifta gjeld for heile landet og for jaktåret rekna frå og med 1. april til og med 31. mars. Jegeravgiftskortet kan også brukast til å dokumentere at ein er registrert jeger ved søknad om erverv av våpen hos politiet og i butikken ved kjøp av ammunisjon. 
Det blir gitt melding til Jegerregisteret om alle jegerprøvekandidatar som har bestått eksamen. Dei blir registrerte, og to til fem dagar etter registreringa blir det sendt ut jegeravgiftskort i posten.
Jegeravgiftskortet blir sendt ut frå Jegerregisteret i Brønnøysund. I tillegg til jegeravgiftskortet får du tilsendt jegerinformasjon frå Direktoratet for naturforvaltning. Det skjer kvart år i siste halvdelen av mars. Giroen er påført eit identifikasjonsnummer som gjer det mogeleg å registrere innbetalt avgift elektronisk. På kortet må det vere gyldig terminalavtrykk for betalt årsavgift før ein kan gå på jakt.
Det er nå mulig å betale jegeravgifta på Internett med Visa eller MasterCard. Betalinga blir registrert med ein gang og du kan skrive ut ei førebels kvittering som er gyldig i 10 dagar. Kvitteringen kan også sendes til ei e-post adresse. Jegerregisteret sender deg deretter eitt ferdigkvittert jegeravgiftskort eller ein oblat til å klistre på ditt eige jegeravgiftskort.
Jegerar som ikkje har motteke jegeravgiftskort, eller som har mist kortet, kan bestille nytt kort frå Jegerregisteret i Brønnøysund.
Tilbake til hovedside Jakt og fangst - nynorsk