Du er her: Forside  > Arbeidsomr... > Friluftsliv > Jakt og fa... > Jakt og fa... > Fangst - nynorsk
English
Utskrift
Om organisasjonen
Nyhetssaker fra forsiden
Kontakt
Ansatte
Arrangement
Offentlig journal
Skjemaer
Ledige stillinger
Høringssaker
Anbudskonkurranser
Publikasjoner
Sørviserklæring
Grønt DN
Lover og forskrifter
Barn og unge
Ung ute


Eksterne linker:
Miljøstatus
Miljøforvaltningen
Klimaløftet
Regelhjelp
Veiviser i miljølovverket
Jegerregisteret
Flere lenker...

Friluftsliv  Jakt og fangst  Jakt og fangst - nynorsk  Fangst - nynorsk


Fangst
 
Berre personar som er registrerte i Jegerregisteret, kan drive fangst.

Aldersgrensa er 16 år, bortsett frå for fangst av gaupe (og jerv) som har ei aldersgrense på 18 år.

Fangst av villmink, mår, rype, kråkefugl og måkar kan likevel utøvast av personar frå 14 til 16 år dersom dei har samtykke frå foreldre eller føresette og er under forsvarleg tilsyn av ein person som er fylt 20 år. 

 
På denne siden kan du lese om:
Fangstmann - Copyright: Bjørn Ragnbru
Foto: Bjørn Rangbru



Fangstreiskap

Fangstreiskapen skal brukast på ein slik måte at viltet ikkje blir utsett for unødige lidingar, og han skal ikkje plasserast i område der vanleg ferdsel gjer at det kan oppstå fare for menneske eller husdyr. Det er ikkje tillate å bruke levande lokkedyr i fangstreiskapar. Den som driv fangst, pliktar å innrette aktiviteten slik at han berre rettar seg mot dei viltartane som reiskapen er tillaten for.

Fangstreiskapar kan brukast i den lovleg fastsette jakttida for den aktuelle arten.

Opp

 

ISO-standard

Det er vedteke ein norsk ISO-standard for feller som er tilpassa gjeldande EU-krav. Standarden er fastsett av Norsk Allmennstandardiseringsforbund (NSF) og kan bestillast frå dei. Denne ISO-standarden legg grunnlaget for å få testa og typegodkjent feller i framtida, men framleis er det ingen laboratorium i Europa som tilfredsstiller krava til å utføre dei aktuelle testane. Inntil vidare er det derfor reglane for feller som er gitt i forskrift om utøving av jakt og fangst, med tilhøyrande rundskriv, som gjeld.

Opp

 

Feller som avlivar viltet

Vi skil til vanleg mellom feller som avlivar viltet, og feller som fangar viltet levande. Det blir stilt ulike krav til desse gruppene.

Følgjande typar fangstreiskapar som avlivar viltet er tillatne:
  • Slagfelle til mårhund, bever, mår, villmink, bisamrotte, beverrotte og røyskatt. Kommunen kan på nærmare fastsette vilkår gi løyve til bruk av slagfelle til fangst av raudrev og  grevling etter søknad. Slik løyve skal være personleg.
  • Fallem, flak og fallstokk til mår, villmink og røyskatt.
  • Snare til lirype og fjellrype.

Slagfelle, fallem, flak og fallstokk skal verke på ein slik måte og ha slik slagkraft at viltet som blir fanga, blir drepe momentant. Slagfelle til fangst av mår og villmink skal ha ein slagmekanisme som slår ovanfrå og ned mot dyrets kranium/nakke, eller som slår med eit sakseslag mot dyrets kranium/nakke. Slagfelle til fangst av bever, bisamrotte og beverrotte skal alltid plasserast under vatn.

Fangstreiskapar som er sette ut, skal vere merkte med brukarens namn og adresse og eventuelt telefonnummer. Dette kravet gjeld ikkje for rypesnarer. Fangstreiskap skal ikkje plasseras i områder kor alminneleg ferdsel fører til at det kan oppstå fare for menneske og husdyr. Det er ikkje tillate å nytte levande lokkedyr i fangstreiskap.

Den som utøvar fangst plikter å innrette fangsten slik at den bare rettar seg mot dei viltartar som reiskapen er tillate for.

Når ein bruker slagfelle til å fange raudrev, grevling og mårhund, pliktar ein å setje opp ein plakat som varslar om dette, tett attmed fangststaden, slik at ein unngår at menneske og husdyr blir skadde. Fangstreiskap som ikkje er plassert og merkt i samsvar med desse vedtaka, kan fjernast av grunneigaren, politiet eller offentlege naturoppsynsstyresmakter.

Når ein bruker fangstreiskap som avlivar viltet, pliktar ein å føre tilsyn med fangstreiskapen minst éin gong i veka. Den som skal bruke snarer til å fange rype, pliktar å føre jamt tilsyn med snarene minst annankvar dag. For snarefangst av rype skal det sendes skriftlig melding til kommunen ti dager før fangsten tar til. Meldinga skal gi opplysning om brukarens namn, adresse, fangstområde og fangstperiode. Senast ti dagar etter utløpet av jakttida for rype i kommunen skal brukaren på fastsett skjema rapportere fangstresultatet.



Opp

 

Feller som fangar viltet levande

Følgjande typar fangstreiskapar er tillatne til levandefangst av vilt:
  • Bås til grevling, raudrev og mårhund av typane Värmlandsk tunnelfelle, Smålandsk revefelle, Nyåkersfella og Øster-Malmafella, eller typar som er konstruerte og verkar på tilsvarande måte. Slike båsar skal vere heildekte av eit solid materiale innvendig i fangstrommet, inklusive fallemmane.
  • Bås til jerv og gaupe når fylkesmannen har gitt løyve for den enkelte bås. Båsens konstruksjon, plassering og kor ofte det skal førast tilsyn skal gå fram av søknaden.
  • Fangstbur til grevling, villmink, røyskatt, mårhund, ramn, kråke, skjor, svartbak, gråmåke og fiskemåkar.

Fangstreiskap skal ikkje utplasserast i områder kor alminneleg ferdsel fører til at det kan oppstå fare for menneske og husdyr. Det er ikkje tillate å nytte levande lokkedyr i fangsreiskap.

Den som utøvar fangst plikter å innretta fangsten slik at den berre rettar seg mot dei viltartar som reiskapen er tillaten for.

Fangstreiskap som er utplassert, skal vere merkt med namnet og adressa til brukaren, og eventuelt telefonnummer. For bruk av bås skal melding om type fangstinnretning, nøyaktig stadnamn og namn på den ansvarlege jegeren/fangstmannen meldast til kommunen seinast ti dagar før fangsten startar. Slik melding må ikkje gis for bruk av bås til gaupe og jerv, jf Instruks for godkjenning av bås til gaupe og jerv.

Brukar av fangstreiskap som fangar viltet levande, pliktar å føre tilsyn med fangstreiskapen minst éin gong i døgnet. Ved fangst av villmink, gaupe og jerv skal det som eit minimum førast tilsyn kvar morgon og kveld. Brukaren pliktar straks å sleppe fri freda viltartar eller viltartar som det ikkje er lov å fange med den aktuelle reiskapen.

Ved tilsyn med fangstreiskap som fangar viltet levande, pliktar brukaren straks å avlive innfanga vilt. Avlivinga skal skje på ein forsvarleg måte og slik at viltet ikkje blir utsett for unødig liding.

Til å avlive gaupe, raudrev, grevling og villmink som er fanga i bås eller felle, kan ein nytte salongrifle, revolver eller pistol i kaliber 22 LR.

Teikningar av dei ulike fellene som fangar viltet levande (NB. Husk at båsar skal vere heildekte av eit solid materiale innvendig i fangstrommet, inklusive fallemmane.):


Tilbake til hovedside Jakt og fangst -nynorsk



Opp

 

Sist oppdatert: 01.11.2007

Tilbake til forsiden
 

Bokmål versjon

Rundskriv
• Rundskriv april 2006 om utøvelse av jakt, felling og fangst (pdf-fil)

Instrukser
• Instruks for godkjenning av bås til gaupe og jerv (pdf-fil)
• Instruks for godkjenning av slagfelle til rødrev og grevling (pdf-fil)

Skjema
• Melde- og rapportskjema for snarefangst av ryper

Tegninger av feller som fanger viltet levende:
• Värmlandsk tunnelfelle (pdf-fil)
• Smålandsk revefelle (pdf-fil)
• Nyåkersfella (pdf-fil)
• Øster-Malmafella (pdf-fil)
• Norsk kråkefelle (pdf-fil)
• Jervbås (pdf-fil)