Fylkesmannen.no
Skip navigation Beginning of navigation
Skip navigation Beginning of navigation
Du er her:  Hovedside
Flom

Flomsituasjonen juli-august 2007

NVE har sendt ut melding om flomsituasjonen for perioden juli - august 2007
(19.07.2007)
Les meir

Plan- og byggesaker i flodbølgjeutsette område

Fylkesmannen har motteke brev frå Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap der direktoratet gjer til kjenne sitt syn på beredskapstiltak i plan- og byggesaksbehandlinga i flodbølgjeutsette område.
 
 
(13.07.2007)
Les meir

Forbod mot PCB

Polyklorerte bifenyler (PCB) er ei svært farleg miljøgift som blant anna kan skade nervesystemet, føre til kreft og skade reproduksjonsevna. I perioden 1960 til 1980 blei PCB brukt i blant anna kondensatorar i mange lysarmaturar, i isolerglasruter og som tilsatsstoff i maling og fuger. PCB har vore forbode å bruke sidan 1980, og armaturar som inneheld PCB, skal no vere fjerna.
(13.07.2007)
Les meir
KD

Barnehagane får informasjon om kjønnslemlestelse

Kunnskapsdepartmentet sender no ut informasjonbrev om kjønnslemlestelse til alle skoleeigarar i landet. Brevet gjev dei tilsette i barnehagen ei kortfatta orientering om regelverket for teieplikt, opplysingsplikt til barnevernet og avvergingsplikt knytt til kjønnslemlestelse.
(06.07.2007)
Les meir
boligsosialt

Tilskot til bustadsosiale prosjekt

Møre og Romsdal fylke tildelte 29.06.07 vel 4,6 millionar til bustadsosiale prosjekt. Det er 10 kommunar i Møre og Romsdal som har fått tilskot til slike prosjekt. Tilskotet er tildelt i samarbeid med Sosial- og helsedirektoratet.
(03.07.2007)
Les meir
hus

Beslutningar om mellombels husvære er einskiltvedtak

Dette medfører at dei som vender seg til sosialtenesta med spørsmål om hjelp til å skaffe seg mellombels husvære, kan klage til fylkesmannen dersom dei ikkje er fornøgde med det svaret dei får. Dette vert slått fast av Sosial- og helsedirektoratet i eit brev til Fylkesmannen i Hordaland.
(03.07.2007)
Les meir
pleie-illustrasjon

Sterk auke i tale på tilsette med fagutdanning i omsorgstenestene

Ferske tal frå Statisktisk Sentralbyrå viser at kommunane i Møre og Romsdal er på god veg til å nå sin del av det nasjonale målet om 10.000 nye årsverk med fagutdanning i omsorgstenestene innan 2009.
(29.06.2007)
Les meir
Omsorgsplan

Kompetanseløftet 2007 - tilskot

Tilskotet til kommunane er no fordelt. 33 kommunar har søkt. For vårt fylke utgjer dette over fire mill kroner og er eit av tiltaka i Omsorgsplan 2015.
(26.06.2007)
Les meir

Kurs i bygge- og gravereglane i forureiningsforskrifta

Miljøringen arrangerer i samarbeid med Møre og Romsdal fylke 1-dags kurs 19. juni 2007 i Ålesund.
(18.06.2007)
Les meir
Nye statsborgere i Møre og Romsdal 020607

Vellukka statsborgarseremoni i Molde rådhus

Seremonien for nye statsborgarar laurdag 2. juni samla 32 nye statsborgarar frå 15 kommunar i Møre og Romsdal.
(13.06.2007)
Les meir
Avansert

Kontaktinformasjon

Fylkesmannen i Møre og Romsdal
Fylkeshuset, 6404 Molde
Tlf 71 25 84 43 - Faks 71 25 85 10
E-post: postmottak@fmmr.no
 
Fylkesmann: Ottar Befring

Einskapsfylket

Møre og Romsdal er inne i eit forsøk med einskapsfylke. Det betyr at dei tilsette i fylkeskommunen og hos fylkesmannen (utanom fylkesmannen sjølv og ass. fylkesmann) er slått saman i ein organisasjon - Møre og Romsdal fylke. Fylkesdirektøren er øvste leiar, med ansvar for både fylkeskommunale oppgåver og mange av fylkesmannen sine tidlegare ansvarsområde.  Fylkesmannen i Møre og Romsdal held fram som sjølvstendig forvaltningsorgan med ansvar for klage, kontroll, tilsyn, beredskap og kongehus.

Abonnér på nettsidene våre

Her kan du registrere deg for å få tilsendt ein e-post når det blir publisert nyheiter og endringar på Fylkesmannen si nettside.