Fordelingsutvalet er eit forvaltningsorgan under Barne- og likestillingsdepartementet, og har som hovudoppgåve å tildele stønad til Noregs friviljuge, landsomfattande barne- og ungdomsorganisasjonar.
Ordninga inneheld nasjonal og internasjonal driftsstønad. Stønadsordninga er regulert av "Forskrift av 16. desember 2002 med endringar av 24. juni 2005, om tilskot til frivillige barne- og ungdomsorganisasjonar".
Sekretariatet til Fordelingsutvalet er knytt til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir), og har kontor i Universitetsgata 7.
| | På dei følgjande sidene vil du finne relevant informasjon om stønadsordninga, til dømes forskrifta, søknadsskjema, oversikt over tildelingar dei siste åra, lenkjer til forarbeida til forskrifta, kontrollmetoder m.m.
Vi gjer merksam på at forskrifta, presedensarkivet og enkelte rapportar kun er tilgjengelege på bokmål.
Om du har spørsmål, ros eller ris til nettsida, er det fint om du sender oss ein e-post. Gå til kontaktsida for e-postadresser til sekretariatet til utvalet. |