|
Jakt gjev spenning og naturopplevingar. Alle førstegongs jegerar må ta Jegerprøven for å få lov til å drive jakt.
Jegerprøven inneheld eit praktisk-teoretisk kurs med ein skriftleg eksamen. Opplysningar om kursarrangørar til jegerprøven, vert kvart år kunngjort i lokalavisene og på nettsidene til Fylkesmannen i Rogaland. Aldersgrensa for å drive sjølvstendig småviltjakt er 16 år med samtykke frå foreldre / føresatt. Du må vere fylt 18 år for å drive storviltjakt. For all jakt vert det krevd løyve frå grunneigar. Les meir om: Viltlova Vilkår for jakt og fangst JakttiderAlle som skal drive sjølvstendig jakt og fangst i Norge, skal betale jegeravgift. Når du har teke Jegerprøva med skriftleg eksamen, vert du oppført i Jegerregisteret i Brønnøysund. Alle registrerte jegerar får automatisk tilsendt innbetalingsblankett for jegeravgift kvart år. Dersom du ikkje har motteke jegeravgiftskort eller ønsker å betale elektronisk, kan du og gjere dette på nettstaden til Jegerregisteret.
(10.11.2005)
|