Hopp over toppmeny
Offentleg journal
Kontakt oss
Til starten på toppmeny

Her er du: Utdanningsavdelinga

Utskrift

Tips

   

 
Hopp over hovudmeny
Hovudside
Nettstadskart
Kommuneporten
.............................................
Forvaltningsavdelinga
Helse- og sosialavdelinga
Landbruksavdelinga
Miljøvernavdelinga
 
Barnehage
Grunnskole
Vidaregåande opplæring
Vaksenopplæring
Avgangsprøve/eksamen
Tilsyn
Norske skular i utlandet
.............................................
Arrangement
Gjennomførte arrangement
.............................................
Apostille
Barnehage
Barnevern
Familie
Jærstrendene
Medaljar
Offshore helseteneste
Samfunnstryggleik
Val
Økologisk landbruk
.............................................
Ledige stillingar
Prosjektoversyn
.............................................
Stortinget
Kongehuset
Regjering og departement
fylkesmannen.no
Noreg.no
Doffin - Database for
      offentlege innkjøp

Miljøstatus Rogaland
Konfliktrådet
Til starten på hovudmeny


 

Skolerute 2005/06 og ferieveker 2006/2007

Framlegg til felles skolerute for grunn- og vidaregåande skolar for skoleåret 2005/2006 og binding av ferieveker for 2006/07 er klar.


Det er kommunen og fylkeskommunen som gir forskrift om skule- og feriedagar for elevane og at forskrifta skal vera tilpassa avvikling av nasjonale prøver og eksamenar, jf. §§ 2-2 og 3-2 i Opplæringslova.
 
Det er ei rekkje omsyn som skal takast i eit framlegg til samordna skolerute for grunnopplæringa; mellom anna til arbeidstidsavtalen for undervisningspersonalet, eksamen, sensurering og fellessensur for ungdomssteget og vidaregåande opplæring, klagebehandling,  skoleavslutningar, felles feriar og elevfrie dagar, kurs- og planleggingsdagar for lærarane og  skoleruter i nabofylka. Dei ulike omsyna er ikkje alltid samanfallande, og vi må derfor finna nokre kompromissløysingar i framlegget. Det er dessverre uråd å laga eit framlegg som passar for alle.
 
Skolestart/skoleslutt
Skoleruta skal liggja innafor ei ytre ramme på 45 samanhengande veker og skal omfatta 38 skoleveker for elevane. Elevane sine arbeidsveker skal, så langt mogeleg, leggjast som heile veker. Skolestart for elevane er difor lagd til veke 34/2005 og skoleslutt til veke 25/2006.
Kommunen/fylkeskommunen skal leggja til rette for planleggingsdagar og kurs/etterutdanning for undervisningspersonalet, og ein skal - så langt det er råd - unngå at desse dagane avbryt arbeidsvekene for elevane. Vi viser til eige avsnitt neste side.
 
Eksamenar/fellessensur/obligatoriske nasjonale prøver
Utdanningsdirektoratet  har enno ikkje fastsett dei nasjonale eksamensdagane og dato for fellessensur verken for grunnskolen eller vidaregåande skole for våren 2006.
Planar for eksamen og prøver våren 2005 er omhandla i eige kapittel på neste side.
 
Haustferie for elevane
Vi har også for 2005 valt å leggja haustferien til veke 41. Vi har i framlegget føreslått ei veke til haustferie sidan fleire kommunar og fylkeskommunen nyttar ei heil veke til haustferie. For å letta langtidsplanlegginga gjer vi allereie no framlegg om å leggje haustferien til veke 41 også i skoleåret 2006/2007.
 
Vinterferie
Vi gjer framlegg om å leggje vinterferien til veke 9 i 2006. Det vil då vere 5 veker med undervisning fram til påske.
Vårt framlegg til vinterferie i 2007 er også veke 9. Det vil gje 4 veker undervisningstid fram til påskeferien i 2007 (Palmesøndag 2007 er 01.04.)
 
Kurs- og planleggingsdagar
Skolemøtet i Rogaland er lagt til fredag 18.11.05. Fagdagen på HiS vil mest sannsynlig bli tors. 24.nov. 2005. Vi gjer ikkje andre framlegg om veker og/eller dagar til planlegging og etterutdanning, men overlet til kommunen / fylkeskommunen å leggja inn desse dagane i skoleruta. Elevane skal i alle høve ha 190 dagar undervisning fordelte over skoleåret.
 
Fridagar/heilagdagar
I 2006 fell 1. mai på ein måndag. Kristi himmelfartsdag er torsdag 25. mai. Fredag 26. mai kan nyttast til fridag, dersom det ikkje kolliderer med eksamenar eller nasjonale prøver. Plan for nasjonale prøver i og eksamen i 2006 ligg som kjend ikkje føre frå nasjonalt nivå enno.
Nasjonaldagen 17. mai er ein onsdag og andre pinsedag i 2006 er måndag 5.juni.
 
Omsyn til skyssproblematikk og -kostnader
Kommunane og skoleutvala ved dei vidaregåande skolane vert oppmoda om å ta omsyn til skyssproblematikk og skysskostnader, når dei legg dei
 
Framlegg til skolerute 2005/06
Månad
 
Tal skoledagar
August
Skolestart for elevane: måndag 22.08.05
8
September
 
22
Oktober
Haustferie for elevane:  veke 41
16
November
 
22
Desember
Siste skoledag for elevane før jul: tysdag 20.12.05
14
Januar
Første skoledag for elevane etter jul: måndag 02.01.06
22
Februar
Vinterferie: veke 9 (27.02. – 03.03.06
18
Mars
 
20
April
Påskeferie:  fom. 10.04. - tom. tysdag 18.04.05
13
Mai
Off. høgtidsdagar: 01.05., 17.05 og 25.05.06
Forslag om fridag 26.05.06
19
Juni
Off. høgtidsdag: 05.06.06.
Siste skoledag før sommarferien: fredag 23.06.06
16
SUM
 
190
 
Eksamensdagar våren 2005
Plan for avgangsprøver i grunnskolen våren 2005: Rundskriv LS-13-2004
Plan for grunnskoleprøver for vaksne våren 2005:  Rundskriv Ut.dir. 6-2004
Plan for sentralt gitte eksamenar i vidaregåande opplæring våren 2005: Rundskriv Ut.dir. 2-2004
Om nasjonale prøver i grunnopplæringa våren 2005: brev frå Læringssenteret, datert 02.06.04.
 
Skoleåret 2006/2007
Vi gjer framlegg om binding av desse feriane:
- Haustferie: veke 41/2006
- Vinterferie: veke 8/2007
 
Det er sannsynleg at eventuelt framlegg til skolerute for 2006/2007 vil bli slik:
- Skolestart for elevane: måndag 21. august 2006
- Siste skoledag før juleferien: onsdag 20. desember 2006
- Første skoledag etter juleferien: tysdag 2. januar 2007
- Siste skoledag før sommarferien: fredag 22. juni 2007

(03.11.2004)
Kontaktpersonar
Else Østhus , Tlf.51568741 

Toppen av sida