Det er ei rekkje omsyn som skal takast i eit framlegg til samordna skolerute for grunnopplæringa; mellom anna til arbeidstidsavtalen for undervisningspersonalet, eksamen, sensurering og fellessensur for ungdomssteget og vidaregåande opplæring, klagebehandling, skoleavslutningar, felles feriar og elevfrie dagar, kurs- og planleggingsdagar for lærarane og skoleruter i nabofylka. Dei ulike omsyna er ikkje alltid samanfallande, og vi må derfor finna nokre kompromissløysingar i framlegget. Det er dessverre uråd å laga eit framlegg som passar for alle.
Skolestart/skoleslutt:
Skoleruta skal liggja innafor ei ytre ramme på 45 samanhengande veker og skal omfatta 38 skoleveker for elevane. Elevane sine arbeidsveker skal, så langt mogeleg, leggjast som heile veker. Skolestart for elevane er difor lagd til veke 34/2006 og skoleslutt til veke 25/2007.
Kommunen/fylkeskommunen skal leggja til rette for planleggingsdagar og kurs/etterutdanning for undervisningspersonalet, og ein skal - så langt det er råd - unngå at desse dagane avbryt arbeidsvekene for elevane. Vi viser til eige avsnitt neste side.
Eksamenar/fellessensur/obligatoriske nasjonale prøver:
Utdanningsdirektoratet har enno ikkje fastsett dei nasjonale eksamensdagane og dato for fellessensur verken for grunnskolen eller vidaregåande skole for våren 2007.
Planar for eksamen og prøver våren 2006 er omhandla i eige punkt på neste side.
Haustferie for elevane:
Vi har også for 2006 valt å leggja haustferien til veke 41. Vi har i framlegget føreslått ei veke til haustferie sidan fleire kommunar og fylkeskommunen nyttar ei heil veke til haustferie. For å letta langtidsplanlegginga gjer vi allereie no framlegg om å leggja haustferien til veke 41 også i skoleåret 2007/2008.
Vinterferie:
Vi gjer framlegg om å leggja vinterferien til veke 8 i 2007. Det vil då vera 5 veker med undervisning fram til påske. Framlegg til vinterferie er gjort i samråd med Agderfylka, slik at vi unngår at våre tre fylke har vinterferie same veka. Denne praksisen vil vi halda fram med, men vinteren 2008 vil vinterferien bli veke 8 for alle, fordi påska kjem særs tidleg det året.
Vårt framlegg til vinterferie i 2008 er veke 8. Det vil gje 3 veker undervisningstid fram til påskeferien i 2008. (Palmesøndag 2008 er 16.03.)
Kurs- og planleggingsdagar:
Skolemøtet i Rogaland er lagt til fredag 17.11.06. Fagdagen på UiS vil mest truleg bli onsdag 22.nov. 2006. Vi gjer ikkje andre framlegg om veker og/eller dagar til planlegging og etterutdanning, men overlet til kommunen / fylkeskommunen å leggja inn desse dagane i skoleruta. Elevane skal i alle høve ha 190 dagar undervisning fordelte over skoleåret.
Fridagar / heilagdagar:
I 2007 fell 1. mai på ein tysdag. Nasjonaldagen 17. mai fell saman med Kristi himmelfartsdag og er ein torsdag. Fredag 18. mai kan nyttast til fridag, dersom det ikkje kolliderer med eksamenar eller nasjonale prøver. Plan for nasjonale prøver og eksamen i 2007 ligg som kjent ikkje føre frå nasjonalt nivå enno.
Andre pinsedag i 2007 er måndag 28. mai.
Omsyn til skyssproblematikk og -kostnader:
Kommunane og skoleutvala ved dei vidaregåande skolane vert oppmoda om å ta omsyn til skyssproblematikk og skysskostnader når dei legg dei endelege skolerutene, og til å kontakta ruteselskapa når det gjeld avvik/endringar.
Framlegg til skolerute for skoleåret 2006/2007
Månad |
Feriedagar/fridagar |
Skoledagar |
August |
Skolestart for elevane: måndag 21.08.06 |
9 |
September |
|
21 |
Oktober |
Haustferie for elevane: veke 41 |
17 |
November |
Forslag om fridag 17.11.06 (skolemøtet i Rogaland) |
21 |
Desember |
Siste skoledag for elevane før jul: torsdag 21.12.06 |
15 |
Januar |
Første skoledag for elevane etter jul: tysdag 02.01.07 |
22 |
Februar |
Vinterferie: veke 8 (19.02. – 23.02.) |
15 |
Mars |
|
22 |
April |
Påskeferie: fom. 02.04. - tom. tysdag 10.04.07 |
14 |
Mai |
Off. høgtidsdagar: 01.05., 17.05 og 28.05. Forslag om fridag 18.05. |
19 |
Juni |
Siste skoledag før sommarferien: torsdag 21.06.07 |
15 |