Statlig tilsyn med
sosial- og helsetjenestene


Høve til å halde gravide rusmiddelmisbrukarar tilbake i institusjon. I-29/95

Nettstedet A til Å

Kontakt oss

Ledige stillinger

Om nettstedet




Om Helsetilsynet


Nyheter, presse og offentlighet


Tilsyn - funn, avgjørelser, metoder


Regelverk


Sist publisert


Om regelverk


Regelverkssamlinger


Lover


Forskrifter


Rundskriv


Lovforarbeider


Rettspraksis og forvaltningens praksis


Internasjonale forpliktelser


Emneoversikt - regelverk


Helsetilsynet i fylkene


Lenker og bibliotek


Publikasjoner, uttalelser, brev


Rettigheter og klagemuligheter
Information in Sami English pages of the website of the Norwegian Board of Health
Information in Arabic Information in Chinese
Information in Finnish Information in French
Information in Russian Information in Spanish
Information in Portuguese Information in Deutsch

Rundskriv fra Sosial- og helsedepartementet

Landets fylkeskommuner
Landets kommuner
Landets fylkesleger

 
I-29/95
3.7.1995
 
Den 13. juni 1995 vart ein ny paragraf i lov om sosiale tenester, § 6-2 a om høve til å halde gravide rusmiddelmisbrukarar tilbake i institusjon, vedteke av Stortinget. Stortingets lovvedtak vart sanksjonert av Kongen i statsråd 23. juni s å. Lovparagrafen vil tre i kraft den 1. januar 1996.

 
Etter denne regelen kan det vedtas at ei gravid kvinne som misbrukar rusmidlar kan haldas tilbake i institusjon utan eige samtykke under heile svangerskapet. Vilkåra for å treffe eit slikt vedtak er at misbruket er av ein slik karakter at det er overveiande sannsynleg at barnet vil verte født med skade. Tvangsvedtak kan ikkje treffes dersom frivillige hjelpetiltak er tilstrekkelege for å hindre at barnet vert født med skade.

 
Formålet med inntaket i institusjonen er å hindre eller redusere sjansen for at barnet vert født med skade. Under opphaldet i institusjonen skal kvinna få tilbod om tilfredsstillande hjelp for misbruket sitt og for å verte i stand til å ta vare på barnet.
 
Sosialtenesta i kommunen kan fremme forslag om vedtak etter § 6-2 a til fylkesnemnda for sosiale saker. Eit vedtak etter § 6-2 a gir sosialtenesta høve til å plassere kvinna i institusjon utan eige samtykke, men ikkje plikt til å gjere det. Etter fjerde ledd kan sosialtenesta la vere å sette vedtaket i verk. Til dømes kan kvinna sjølv ha redusert eller avslutta misbruket som kan skade barnet, eller ho går med på å leggje seg inn på institusjon frivillig. Dersom vedtaket i fylkesnemnda ikkje er satt i verk innan to veker, fell det bort.
 
Den kommunale sosialtenesta er ansvarleg for tiltak for rusmiddelmisbrukarar, og dette ansvaret varer ved når misbrukaren er i institusjon. Etter § 6-2 a tredje ledd skal sosialtenesta minst kvar tredje månad vurdere om kvinna fortsatt skal haldas tilbake i institusjonen. Gjer ikkje kommunen denne vurderinga innan fristen, kan kvinna ikkje lenger haldas tilbake på grunnlag av fylkesnemnda sitt vedtak.
Etter § 6-2 a femte ledd kan sosialtenesta treffe eit førebels vedtak om plassering i institusjon utan eige samtykke dersom dei interessene regelen skal ivareta vert vesentleg skadelidande om vedtak ikkje treffes og gjennomføres snarast. Denne heimelen vil det berre i heilt spesielle tilfelle vere aktuelt å nytta. Ein vil alltid kunne hevde at det hastar i desse sakene, men det kreves meir enn dette for å gripe inn med eit førebels vedtak. Dersom sosialtenesta har treft eit slikt førebels vedtak, må vedtaket sendes leiaren av fylkesnemnda for førebels godkjenning innan 48 timar. Leiaren skal i denne godkjenninga vurdere om vilkåra i § 6-2 a første ledd er til stades, og om sosialtenesta ikkje kunne vente med å gripe inn til fylkesnemnda har treft vedtak. Eit førebels vedtak etter § 6-2 a femte ledd skal sendes fylkesnemnda til endeleg avgjerd innan to veker.
 
Lov om sosiale tenester § 6-4 er endra i samband med ny § 6-2 a. Etter § 6-4 andre ledd skal fylkeskommunen vurdere om institusjonar som er peikte ut til ta imot rusmiddelmisbrukarar etter § 6-2 eller § 6-3, og er egna til å ta imot gravide rusmiddelmisbrukarar som skal haldas tilbake på grunnlag av vedtak etter § 6-2 a. Fylkeskommunane kan og peike ut andre institusjonar om dei er egna. Til dømes kan det avgjeras at eit sjukehus eller ein psykiatrisk institusjon, som ikkje er peikt ut til å ta imot misbrukarar etter §§ 6-2 eller 6-3, skal kunne ta imot gravide misbrukarar på tvang.
 
I tillegg skal det peikes ut fire institusjonar som får eit regionalt ansvar for tilbod til gravide misbrukarar som tas inn på institusjonen på grunnlag av vedtak etter § 6-2 a. Departementet vil kome tilbake til denne utpeikinga i eige brev til fylkeskommunane.
 
Legar, sjukepleiarar, jordmødre og tilsette i barnevernet er pålagt meldeplikt ved endringer i dei lovene som regulerar deira verksemd. Dei må difor, utan hinder av teieplikta, melde frå tilsosialtenesta dersom det er grunn til å tru at ei gravid kvinne misbrukar rusmidlar på ein slik måte at det er overveiande sannsynleg at barnet vert født med skade. Det må vere ein viss faktisk dokumentasjon av kvinna sitt rusmiddelmisbruk før meldeplikta inntrer. Unntaket frå teieplikta vil gjelde både opplysingar om rusmiddelmisbruk og om graviditeten.
 
Departementet skal peike ut eit sakkunnig utvalg som kan kallas inn til å ta del i avgjerda i fylkesnemnda i saker etter § 6-2 a. Utvalget vil bli satt saman av personar med særleg kompetanse i høve til gravide rusmiddelmisbrukarar.
 
Den nye regelen i § 6-2 a skal som nemnt berre nyttas dersom frivillige hjelpetiltak ikkje er tilstrekkelege. I dette ligg det at frivillige tiltak er prøvde utan at dei har hatt noko nytte eller at ein ser slike tiltak som nyttelaust eller ikkje nok for å nå formålet. Frivillige tiltak er framleis det viktigaste og mest sentrale i arbeidet med gravide misbrukarar. Sosial- og helsedepartementet har i samarbeid med Barne- og familiedepartementet satt igang ei "tiltakspakke" for gravide misbrukarar og misbrukarar med barn. Mellom anna er det iverksatt prosjekter i kommunar i tre fylker.

 
Oslo, 3. juli 1995

Knut Brofoss e f.

 
Ketil Bentzen