Fylkeslegen i Rogaland
Oppfølging av tilsynet
Ved dette tilsynet blei det konstatert avvik frå lov eller forskrift. Tilsynsmyndigheita har vurdert dei tiltaka som er sette i verk som tilstrekkelege. Tilsynet er derfor avslutta.
|
Dykkar ref.: H21 &60 00-0242 |
Vår ref.: 2000/471 GSB/- |
Dato: 4. mai 2000 |
|
Tidsrom for revisjonen: |
28. mars. – 10. april 2000 |
|
Adressa til verksemda: |
Rogaland psykiatriske sjukehus, Postboks 1163 Hillevåg, 4095 STAVANGER |
|
Kontaktperson: |
Direktør Inger Kari Nerheim |
|
Regelverk: |
- Lov om psykisk helsevern med forskrifter
- Lov om leger
- Lov om statlig tilsyn med helsetjenesten
|
INNHALD
1. Innleiing
2. Serlege forhold ved verksemda
3. Dokumentunderlag
4. Gjennomføring
5. Avvik
6. Merknader
Vedlegg 1 Deltakarar ved revisjonsmøtet ved RPS 10. april 2000
Innhald i rapporten
Denne rapporten omtalar avvik og merknader som Fylkeslegen har peika på ved denne revisjonen som omfatta kravet til fagleg forsvarleg verksemd og kravet om å oppretthalde eit tilbod til menneske som treng øyeblikkeleg hjelp ved alvorleg psykisk sjukdom.
Hovudkonklusjon
Sjukehuset har eit overbelegg som er til hinder for planlegging, drift og vedlikehald av eit fagleg forsvarleg tenestetilbod. Fylkeslegen vurderer dette til å vere eit avvik i forhold til kravet om forsvarleg verksemd i § 25 i legeloven, jf. § 3 i tilsynsloven. Fylkeslegen er også i tvil om sjukehuset kan oppretthalde plikta til å yte øyeblikkeleg hjelp dersom planlagt aktivitetsavgrensing blir sett i verk. Likeins er Fylkeslegen uroleg for at tilbodet til personar med samansette lidingar (psykisk sjukdom/rusmiddelproblem) kan bli svekka.
Stavanger, 4. mai 2000
|
Geir Sverre Braut fylkeslege (revisjonsleiar) |
Torild Ånestad rådgjevar (revisor) |
1. Innleiing
Rapporten er utarbeidd etter revisjon ved Rogaland psykiatriske sjukehus i tida 28. mars – 10. april 2000. Revisjonen kom i stand som følgje av at Fylkeslegen blei kjent med innstillinga frå leiinga ved institusjonen i styresak RPS-14/00 og styrevedtaket i denne saka. Leiinga hevdar at dei ikkje ser på drifta ved sjukehuset i dag som fagleg forsvarleg ut frå overordna krav om å gje aktiv behandling med det føremål å lækje eller betre livssituasjonen for dei som blir lagde inn med alvorleg psykisk sjukdom, jf. side 15 i saksframlegget.
Føremålet med revisjonen var å undersøkje om sjukehuset på ein systematisk måte maktar å oppretthalde kravet til fagleg forsvarleg verksemd, og etterlever plikta til å ta imot pasientar som treng øyeblikkeleg hjelp. Revisjonen rettar seg inn mot tilbodet til dei pasientane som på tidspunktet for revisjonen var lagde inn ved dei allmennpsykiatriske sengepostane som har eit vaksenpsykiatrisk tenestetilbod med plikt til å yte øyeblikkeleg hjelp. Revisjonen omfattar både midtsektor og sørsektor, og dekkjer postane både i Stavanger og på Dale.
Revisjonen blei gjennomført ved gjennomgang av skriftleg dokumentasjon og ved eit tilsynsmøte med sjukehusleiinga og eit utval av leiarar på sektor- og postnivå. Målet med dette møtet var å stadfeste opplysningane som kom fram i det skriftlege underlagsmaterialet.
Rapporten her presenterer avvik og merknader som Fylkeslegen har funne grunnlag for å fremje etter gjennomført tilsyn. Avvik blir definert som mangel på oppfylling av krav gjevne av styremaktene. Merknad viser til forhold som ikkje blir dekkja av definisjonen for avvik, men der tilsynsetaten meiner at det er eit betringspotensial.
2. Særlege forhold ved verksemda
Rogaland psykiatriske sjukehus er tillagt alle psykiatriske sjukehusoppgåver for sør- og midtsektor i Rogaland fylke. I tillegg til det vaksenpsykiatriske tenestetilbodet, som er vurdert ved dette tilsynet, har sjukehuset tenesteeiningar innanfor barne- og ungdomspsykiatri, og rusmiddelrelatert psykiatri (Eikely). Dei vaksenpsykiatriske sengeavdelingane er hovudsakleg lagde til Stavanger, men ein del ligg framleis att på det tidlegare sjukehusområdet på Dale i Sandnes.
Tenestetilbodet er utforma med stor vekt på ei geografisk strukturering der kvar post har sitt inntaksområde, t.d. i forhold til kommunane. Dette medfører god kontakt med kommunane, men gjer også at dei fleste sjukehuspostane arbeidet med ei stor spreiing når det gjeld ytringsformer for psykisk sjukdom som dei må kunne handtere. Såleis har dei allmennpsykiatriske postane oppgåver i forhold til akuttinntak og psykotisk sjukdom, med og utan rusmiddelislett. Alle desse postane har eigne skjermingsavsnitt med sikte på å gje ein del pasientar meir individuelt differensierte tilbod. Personellet ved desse avsnitta er dei same som elles på postane. Sjukehuset har dessutan særlege postar for alderspsykiatri og for personar som treng langtidsbehandling i skjerma sjukehusmiljø, i tillegg til ei langtidsavdeling som skal gje støtte til distriktspsykiatriske sentra. Fylkeskommunen arbeider med planar for å utvikle eit styrkt tilbod til pasientar som både har rusmiddelrelaterte problem og alvorleg psykisk sjukdom.
Sjukehuset driv eit utoverretta prosjekt med sikte på tidleg intervensjon i forhold til personar med ny psykotisk sjukdom ("TIPS-prosjektet"). Oppfølging av dette blir gjeve høg prioritet ved sjukehuset.
Sjukehuset har dei siste par åra hatt ein monaleg auke i talet på pasientar med kombinerte tilstandar i form av både alvorleg psykisk sjukdom og rusmiddelrelaterte problem. Dette har ikkje vore lagt til grunn ved planlegginga av strukturen på det tilbodet ein gjev i dag.
3. Dokumentunderlag
Dokumentunderlaget for systemrevisjonen var:
- Lov om psykisk helsevern (særleg § 2), jf. § 6 i sjukehusloven, forskrift om ansvarsforhold mv innen det psykiske helsevern, forskrift om øyeblikkelig hjelp i det psykiske helsevern, lov om leger (særleg § 25) og lov om statlig tilsyn med helsetjenesten (særleg § 3).
- Plan for psykisk helsevern i Rogaland og Fylkeslegens merknader til denne (brev av 16. mars 2000).
- Korrespondanse mellom sjukehuseigar, verksemda og Fylkeslegen i form av brev frå sjukehuseigar (dagsett 3. april 2000), dokument frå leiinga ved sjukehuset (styresak RPS-14/00 og brev av 31. mars 2000), og rapportar frå overlegane og avdelingssjukepleiarane ved dei ulike postane avgjevne den 7. april 2000 i tillegg til personaldata per 6. april 2000 i samsvar med førespurnad frå Fylkeslegen av 5. april 2000. Vidare la ein til grunn tilgjengeleg statistikk (Samdata psykiatri 1998), jf. notat av 27. mars 2000, utbygd 6. april 2000. Fylkeslegen har også teke omsyn til innhaldet i rapport frå tilsyn ved sjukehuset 8. juni 1998.
4. Gjennomføring
Revisjonen omfatta desse aktivitetane:
Formøte 28. mars 2000
Representantar frå Fylkeslegen hadde då eit møte med sjukehusleiinga for å klårleggje nærare innhaldet i og grunnlaget for saksframlegget til styresak RPS-14/00. Det blei då gjort greie for at Fylkeslegen kom til å følgje opp med tilsyn i form av krav om opplysningar frå sjukehuseigaren og ein revisjon innan kort tid.
Innsamling av data frå sengepostane per 6.-7. april 2000
I formøtet fekk ein ikkje så omfattande dokumentasjon som ein ville trengja i ei tilsynssak om grunnlaget for sjukehusleiinga si ytring om at dei ikkje vurderte drifta ved sjukehuset som fagleg forsvarleg. Sjukehusleiinga såg heller ikkje heilt korleis dei kunne skaffe dette. Difor valde Fylkeslegen å sende eit skjema til sjukehuset med spesifikke spørsmål om tenesteytinga i forhold til pasientane og bad om at ansvarleg overlege og sjukepleiar for kvar sengepost gav svar på dette. I tillegg bad ein om meir opplysningar om personellsituasjonen. Dette fekk Fylkeslegen til rett tid trass i den korte tidsfristen som blei gjeven (2 dagar).
Tilsynsmøte 10. april 2000
For å stadfeste opplysningane frå den skriftlege dokumentasjonen blei det halde eit tilsynsmøte der Fylkeslegen møtte representantar frå leiinga ved sjukehuset og eit utval av sengepostane. Møtet blei tilpassa malen for systemrevisjonar hjå fylkeslegane med opning, avslutning og ein mellombolk med plenumsdrøftingar. Mellombolken blei gjennomført med grunnlag i fokusgruppemetodikk med tilsynsleiar som møteleiar. Tema som blei drøfta var innhaldet i rapportane frå sengepostane, og statistikknotatet frå Fylkeslegen.
Det blei ikkje gjennomført individuelle intervju eller stikkprøveverifikasjonar ved denne revisjonen.
Funn ved revisjonen
Det sentrale funnet ved revisjonen er at ein kan stadfeste at sjukehuset framleis strir med eit overbelegg som i dag er større enn det Fylkeslegen påviste ved tilsynet sommaren 1998. Både den skriftlege dokumentasjonen og drøftinga i møtet 10. april 2000 gjev sikre haldepunkt for at dette medfører redusert tryggleik for pasientane og går ut over innhaldet i det terapeutiske tilbodet, høvet til å etablere nødvendig samarbeid med andre delar av tiltakskjeda og høvet til å dokumentere planlagde og gjennomførte tiltak i forhold til den einskilde pasienten. Stoda er noko ulik for dei ulike postane. Fylkeslegen har ikkje grunnlag for å seie noko om dette er systematiske og varige skilnader. Sjukehuset har heller ikkje sjølv kunna gje ytterlegare opplysningar om dette.
Det ovannemnde kan spesifiserast nærare til dømes gjennom å sjå på skadestatistikk, venting på gjennomføring av elektrosjokkbehandling og utsetjing av samarbeidstiltak med kommunane. Etter sjukehusleiinga si vurdering er det ikkje påfallande mange pasientar som er klåre for utskriving i påvente av tilrettelegging av kommunale tilbod. (I følgje ein rapport frå fylkesdirektøren for helse og sosial datert 10. april 2000 handlar dette om til saman 12 pasientar, i tillegg til 24 personar som ventar på plass ved psykiatriske sentra.)
Sjukehuset opplyser at det no har ei personelldekning som ligg under landssnittet for slike institusjonar. Samdata psykiatri 1998 (tabell 7.4) opplyser at RPS i 1998 låg på landsgjennomsnittet for opphaldsdøgn per årsverk. Ved at RPS har vald ein noko annleis organisasjonsmodell, med vekt på allmennpsykiatriske postar, kan det vere vanskeleg å gjere gyldige samanlikningar for å seie noko om tilbodet er fagleg forsvarleg ut frå statistiske vurderingar. Men det auka pasienttalet sett i høve til bemanninga, som er dimensjonert ut frå eit lågare pasienttal, gjer at dei ulike postane blir sårbare for variasjonar og uføreseielege hendingar. Dette blir i praksis forsterka ved at dei allmennpsykiatriske postane er nøydde til også å ta hand om akuttinnleggingar til ei kvar tid.
Fylkeslegen si vurdering
Fylkeslegen vurderer det slik at dei ovanfor nemnde elementa kvar for seg, og ikkje minst til saman, gjer at det er rimeleg å stille spørsmål ved om ein til kvar tid er i stand til å oppretthalde eit fagleg forsvarleg tenestetilbod. Fylkeslegen har ikkje fått opplysningar som tyder på at det har kome til alvorleg svikt i forhold til einskildpasientar som direkte kan førast attende til problema med overbelegget. Sjukehuset har makta å oppretthalde det fagleg forsvarlege kjernetilbodet frå dag til dag. Fylkeslegen er heller ikkje kjent med at sjukehuset har avvist personar tiltrengjande øyeblikkeleg hjelp på grunn av overbelegget.
5. Avvik
Avvik 1
Sjukehuset har eit overbelegg som er til hinder for planlegging, drift og vedlikehald av eit fagleg forsvarleg tenestetilbod.
Avvik frå:
§ 25 i lov om leger, jf. § 3 i lov om statlig tilsyn med helsetjenesten.
Kommentar:
Sjukehuset må leggje til grunn "frå dag til dag"-løysingar for å sikre eit fagleg forsvarleg grunnlag for drifta på fleire av dei allmennpsykiatriske postane. Dette er ikkje godt nok, i det tilsynsloven i § 3 føreset at sjukehuset skal ha eit system som sikrar at verksemda er planlagt, og blir driven og vedlikehalden slik at ein kan vere trygg på at kravet til fagleg forsvarleg verksemd alltid blir oppretthalde. Slik er det ikkje ved sjukehuset i dag. Overbelegget gjer at internkontrollsystemet og dei planlagde systema for tenesteyting ikkje kan sikre kvaliteten på tenestetilbodet.
Fylkeslegen legg også til grunn at det ikkje kan seiast å vere i samsvar med grunnleggjande krav at personar som er innlagde under tvang skal kunne risikere å bli tildelt sengeplass i korridor eller på rom som ikkje er planlagt å vere bustad for menneske. Tenestetilbod i forhold til menneske som ikkje sjølv er fri til å velje, må vere underlagt særleg merksemd når det gjeld oppretthalding av lovpålagde kvalitetskrav.
6. Merknader
Merknad 1
I styrevedtak av 27. mars 2000 (sak RPS-14/00) er det i punkt 2 opna opp for at sjukehuset kan setje ei absolutt øvre grense for pasientinntaket i sengepostane for å ta omsyn til kravet til fagleg forsvarleg verksemd. Dette blir i punkt 3 grunngjeve ut frå at ein må kunne halde plikta til å ta i mot personar som treng øyeblikkeleg hjelp. I og med at store delar av inntaket i dag byggjer på akutte situasjonar, og fordi dette gjeld dei allmennpsykiatriske postane ved sjukehuset, vil Fylkeslegen stille spørsmål ved om det er mogeleg å setje eit slik tak utan å kome i konflikt med kravet til å ta i mot øyeblikkeleg hjelp. Manglande oppfylling av plikta til å ta i mot pasientar som treng øyeblikkeleg hjelp, vil i seg sjølv vere eit avvik.
Merknad 2
Det kjem fram at sjukehuset ved planlegginga av verksemda si ikkje har lagt til grunn det omfanget ein i dag har av personar med samansette tilstandar i form av alvorleg psykisk sjukdom og rusmiddelrelaterte plager. Ein del av auken i tilgang på pasientar til sjukehuset kan etter Fylkeslegen si vurdering forklårast ut frå ein reell auke i talet på pasientar med slike tilstandar.
For Fylkeslegen ser det difor ut som om det psykiatriske tenestetilbodet som blir gjeve av sjukehuset på vegne av Rogaland fylkeskommune på dette området ikkje er slik at det fullt ut fyller føresetnadene i § 2 første ledd i lov om psykisk helsevern om at folket i det aktuelle området får tilgang til nødvendige tenester. Dette blir drege fram som ein merknad her avdi ein korreksjon av avviket ovanfor må byggje på at ein tek særleg omsyn til at personar med slike samansette tilstandar også får sikra eit forsvarleg tilbod i tida som kjem. Sjølv om plikta etter § 2 i lov om psykisk helsevern ligg på fylkeskommunen, reknar Fylkeslegen med at sjukehuset, som er tildelt eit områdeansvar, i praksis må ta omsyn til slike tilhøve ved planlegginga av tilboda sine.
VEDLEGG 1 -
Deltakarar ved revisjonsmøtet ved RPS 10. april 2000
|
Namn |
Funksjon |
|
Inger Kari Nerheim |
direktør |
|
Jan Olav Johan nessen |
sjeflege |
|
Trond Nesse |
avd. overlege sør |
|
Gerd-Ragna Bloch Thorsen |
avd. overlege midt |
|
Målfrid Meling |
sjefsjukepleiar |
|
Brit Håvarstein |
avd. sjukepleiar D3 (sør) |
|
Mette Gjøvåg |
avd. sjukepleiar B1 (sør) |
|
Margaret Hetland |
kst. avd. sjukepleiar A3 (midt) |
|
Guddvei Garnes Nesse |
avd. sjukepleiar E1 (midt) |
|
Geir Sverre Braut |
fylkeslege (revisjonsleiar) |
|
Torild Ånestad |
rådgjevar, fysioterapeut |
|
Øystein Hus |
førstekonsulent, jurist |
|
Torleiv Robberstad |
ass. fylkeslege |